Skilnad mellom versjonar av «Flokut for fåtalsmål»
(Oppretta sida med «Av Jostein Krokvik <i>Prenta i Vestmannen.</i> Kategori:Jostein Krokvik») |
|||
Line 1: | Line 1: | ||
− | Av [[Jostein Krokvik]] | + | Av [[Jostein Krokvik]] (Garm d.y.) |
+ | I Tyskland hev måltilhøvi i Slesvik - som danskane kallar Sør-Jylland - gjerne vorte rekna for mynsterlege. "Modell Shleswig" hev dei tala um. Siste nummer av tidsskrifti Nordfriesland (nr. 119) avdekkjer at Slesvik-mynsteret ikkje er fullkome. Rett nok er stoda god for mindretalsmålet dansk sunnanfor grensa og mindretalsmålet tysk nordanfor grensa. Men for nordfrisisk er stoda ei onnor. Skuleupplæringi i nordfrisisk hev rett nok siste par tiåri vorte handgripeleg betre, men vert enno kalla upplæring på smaksprøvestadet. Frisiskinnslaget i radioen er mest uhøyrleg - kring tvo og eit halvt minutt for vika! Og medan det ei tid var eit professorat i frisisk i Flensborg, er professoratet i samanheng med personavgang no stroke. Etter ei tiljenkingssemje vert faget frisisk likevel halde uppe i Flensborg, men ikkje professoratet. Um hovudarbeidet med nordfrisisk no skal knytast til Nordfriisk Instituut i Br„ist (Bredstedt), er det samla utfallet at summen av offentlege midlar til nordfrisisk upplæring er mykje nedsett. | ||
+ | |||
+ | No hev presidenten i Den føderalistiske unionen av av europeiske folkegruppor sagt eit ord i denne saki. Presidenten heiter Romedi Arquint, han er reteromansk teolog og er målsmann for sosialdemokratane i kanton-parlamentet i Graub?nden i Sveits. Han skriv til statsministeren og landtingspresidenten i Slesvik-Holstein at dei offentlege midlane til nordfrisisk i sambandsstaten er for småe. Med sin bakgrunn skulde Romedi Arquint vera velskikka til å døma um vilkåri for fåtalsfolk. Reteromansk er det minste offisielle målet i Sveits, og sveitsarane syner her som ofte elles sterk vilje og evna til vern og jamstelling. Kanskje ikkje underleg at nordfrisarar tykkjer vilkåri for reteromanane nærast er paradisiske i Sveits, der demokratiet - folkestyret - råder frå øvst til nedst på ein måte som europearar elles berre drøymer um. Det er kring 50 000 reteromansktalande etter "Etnische Minderheiten in Europa" (1995). | ||
+ | |||
+ | I same nummeret av Nordfriesland les me at i Graub?nden og Wales er det sett i verk vidfemnande tiltak med vaksenupplæring, der folk fær setja seg inn i sine eigne sterkt truga fåtalsmål, reteromansk i Graub?nden og kymrisk (walisisk) i Wales. Slike idealbilete synest unåelege i Nordfrisland, men i mindre mælestav er dei like vel noko å tøygja seg etter. | ||
+ | |||
+ | Eit innkast um heimleg sjølvråderett og fjerrstyring skal lesarane få høyra. Noko spitugt fortel skriftstyraren at "im sch”nsten Juristendeutsch" avviser det tyske sambandsriksstyret i Bonn bruk av fleirspråklege vegskilt. Slikt er korkje rettsleg trygt eller ynskjeleg, segjer statssekretæren i Bonn, ja, det kann endåtil vera trafikk-fårleg. Skriftstyraren legg til syrleg og med tydeleg frygd at samferdselsministeren i Slesvik-Holstein hev lært Bonn noko anna. Den 28. august i år fekk nordfrisarane lov til å bruka dubbelmålslege frisisk-tyske vegskilt. Nordfrisarane vert i so måte jamstelt med andre fåtalsfolk i Europa, ikkje minst med sorbane i aust som hev denne retten frå Aust-Tysklands-tidi. | ||
<i>Prenta i Vestmannen.</i> | <i>Prenta i Vestmannen.</i> | ||
[[Kategori:Jostein Krokvik]] | [[Kategori:Jostein Krokvik]] |
Siste versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:49
Av Jostein Krokvik (Garm d.y.)
I Tyskland hev måltilhøvi i Slesvik - som danskane kallar Sør-Jylland - gjerne vorte rekna for mynsterlege. "Modell Shleswig" hev dei tala um. Siste nummer av tidsskrifti Nordfriesland (nr. 119) avdekkjer at Slesvik-mynsteret ikkje er fullkome. Rett nok er stoda god for mindretalsmålet dansk sunnanfor grensa og mindretalsmålet tysk nordanfor grensa. Men for nordfrisisk er stoda ei onnor. Skuleupplæringi i nordfrisisk hev rett nok siste par tiåri vorte handgripeleg betre, men vert enno kalla upplæring på smaksprøvestadet. Frisiskinnslaget i radioen er mest uhøyrleg - kring tvo og eit halvt minutt for vika! Og medan det ei tid var eit professorat i frisisk i Flensborg, er professoratet i samanheng med personavgang no stroke. Etter ei tiljenkingssemje vert faget frisisk likevel halde uppe i Flensborg, men ikkje professoratet. Um hovudarbeidet med nordfrisisk no skal knytast til Nordfriisk Instituut i Br„ist (Bredstedt), er det samla utfallet at summen av offentlege midlar til nordfrisisk upplæring er mykje nedsett.
No hev presidenten i Den føderalistiske unionen av av europeiske folkegruppor sagt eit ord i denne saki. Presidenten heiter Romedi Arquint, han er reteromansk teolog og er målsmann for sosialdemokratane i kanton-parlamentet i Graub?nden i Sveits. Han skriv til statsministeren og landtingspresidenten i Slesvik-Holstein at dei offentlege midlane til nordfrisisk i sambandsstaten er for småe. Med sin bakgrunn skulde Romedi Arquint vera velskikka til å døma um vilkåri for fåtalsfolk. Reteromansk er det minste offisielle målet i Sveits, og sveitsarane syner her som ofte elles sterk vilje og evna til vern og jamstelling. Kanskje ikkje underleg at nordfrisarar tykkjer vilkåri for reteromanane nærast er paradisiske i Sveits, der demokratiet - folkestyret - råder frå øvst til nedst på ein måte som europearar elles berre drøymer um. Det er kring 50 000 reteromansktalande etter "Etnische Minderheiten in Europa" (1995).
I same nummeret av Nordfriesland les me at i Graub?nden og Wales er det sett i verk vidfemnande tiltak med vaksenupplæring, der folk fær setja seg inn i sine eigne sterkt truga fåtalsmål, reteromansk i Graub?nden og kymrisk (walisisk) i Wales. Slike idealbilete synest unåelege i Nordfrisland, men i mindre mælestav er dei like vel noko å tøygja seg etter.
Eit innkast um heimleg sjølvråderett og fjerrstyring skal lesarane få høyra. Noko spitugt fortel skriftstyraren at "im sch”nsten Juristendeutsch" avviser det tyske sambandsriksstyret i Bonn bruk av fleirspråklege vegskilt. Slikt er korkje rettsleg trygt eller ynskjeleg, segjer statssekretæren i Bonn, ja, det kann endåtil vera trafikk-fårleg. Skriftstyraren legg til syrleg og med tydeleg frygd at samferdselsministeren i Slesvik-Holstein hev lært Bonn noko anna. Den 28. august i år fekk nordfrisarane lov til å bruka dubbelmålslege frisisk-tyske vegskilt. Nordfrisarane vert i so måte jamstelt med andre fåtalsfolk i Europa, ikkje minst med sorbane i aust som hev denne retten frå Aust-Tysklands-tidi.
Prenta i Vestmannen.