Skilnad mellom versjonar av «Minkar måli?»
(Oppretta sida med «Av Jostein Krokvik <i>Prenta i Vestmannen nr. X XXXX</i> Kategori:Jostein Krokvik») |
|||
Line 1: | Line 1: | ||
Av [[Jostein Krokvik]] | Av [[Jostein Krokvik]] | ||
+ | I ei grovutrekning frå fyre krigen stod det at det truleg var kring 4000 mål på jordi. Eit yverslag ein gong i etterkrigstidi nemnde med varsemd talet 5000 mål. Etter det siste eg hev sétt, reknar dei no med kring 6000 mål. Kor rett dette talet er, skal eg ikkje ha sagt noko um. Men det hev vore vanleg ei tid å gissa på at talet på språk kjem til å minka, serleg av di sume mål hev fåe bak seg som kann målet og brukar det. | ||
− | <i>Prenta i Vestmannen | + | Dette er ei gissing. Og er ho so fullviss? Meiningar um spursmålet bør setjast fram med atterhald og måtehald, men eg fører upp nokre tankar som peikar i onnor leid. |
+ | |||
+ | Dei store og vid-dekkjande måli hev ikkje noko æveleg aspekt ved seg. Etter kvart som dei veks, fremjar dei indre motsetnader, dei kann stagnera, og den dagen kjem um aldri so seint at deira tid er ute. Som latinen, som endå hev vore til halvtanna tusundår eller so som eit daudt språk – det vil segja utan talemålsbakgrunn, so nær som den tillærde i skular, på universitet og anna slikt. Men det var ikkje eitt mål som avløyste latinen, det vart framimot mange, so talet på mål minka ikkje, men det auka. Noko liknande kann segjast um våt heimlege gamalnorsk; tri språk lever i dag etter gamalnorsk – nyislendsk, færøysk og nynorsk. Og gamalnorsk – eller norrønt – lever sitt skriftliv. | ||
+ | |||
+ | Både i Tyskland og Frankrike og andre europeiske land vert det nok fyrr eller sidan ei uppløysing eller ei avskaling av måli; fleire enn eitt mål kjem der det fyrr var eitt. Noko stort framsyn trengst ikkje for å skimta dette. Ikkje å tala um Engelsk som, trass i utspeli serleg til John Honey, nok med tid og stunder vil rivna sundt i eigne og sjølvstendelege mål, som, for å vera varsam, amerikansk og australsk. Men det er nok spiror til meir øksling i engelsk, same um snuingane der gjeng sakte og helst lyt teljast i hundradår eller tusundår. Um den skotske sjølvråderetten frå komande årsskifte vil syna att i målvegen, er eit framtidsspursmål. | ||
+ | |||
+ | Nynorsk mål er ikkje lite jamført med dei minste fåtalsmåli. Det er ingen fåre for målet i so måte, um det ikkje var for den sernorske galskapen med ustanslege uro og statstyning av målet innanifrå. Men nynorsk mål stend so sterkt i målføri, at i verste fall kann målreisingi taka til att frå botnen, ubundi av offentleg tvang. Den utvegen finst. | ||
+ | |||
+ | Dei minste måli kann teljast i nokre hundrad eller nokre tusund brukarar. Sørsamisk hev visstnok 5-6000 menneske å stydja seg på; austfrisisk hev kring 2000, og sume mål i det tidlegare Sovjet hev ikkje stort meir enn tiandeparten. Kor desse fåtalsmåli vert varetekne i dag, er ukjent. Vårt nærskylde grannemål i vest, færøymålet, er i samanlikning eit stormål. | ||
+ | |||
+ | Målet AINU på den japanske øyi Hokkaido, er kome ned på eit sers lågt brukartal av folk i høg alder. Ordet "Ainu" tyder menneske, og det er ikkje påvist skyldskap millom ainu og japansk. Aller siste åri hev det kome ut tri ainu-japanske ordbøker i stort upplag i Japan, og i det japanske tinget hev ein innvald tala på morsmålet sitt, ainu. I radioen på Hokkaido er det sett i gang språkkurs i ainu, og på internett er målet tilgjengeleg for alle japanarar. Eit døme på at eit ørlite mål som synest daudedømt, kviknar til nytt liv. Det skil seg på viljen. | ||
+ | |||
+ | <i>Prenta i Vestmannen.</i> | ||
[[Kategori:Jostein Krokvik]] | [[Kategori:Jostein Krokvik]] |
Siste versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:35
I ei grovutrekning frå fyre krigen stod det at det truleg var kring 4000 mål på jordi. Eit yverslag ein gong i etterkrigstidi nemnde med varsemd talet 5000 mål. Etter det siste eg hev sétt, reknar dei no med kring 6000 mål. Kor rett dette talet er, skal eg ikkje ha sagt noko um. Men det hev vore vanleg ei tid å gissa på at talet på språk kjem til å minka, serleg av di sume mål hev fåe bak seg som kann målet og brukar det.
Dette er ei gissing. Og er ho so fullviss? Meiningar um spursmålet bør setjast fram med atterhald og måtehald, men eg fører upp nokre tankar som peikar i onnor leid.
Dei store og vid-dekkjande måli hev ikkje noko æveleg aspekt ved seg. Etter kvart som dei veks, fremjar dei indre motsetnader, dei kann stagnera, og den dagen kjem um aldri so seint at deira tid er ute. Som latinen, som endå hev vore til halvtanna tusundår eller so som eit daudt språk – det vil segja utan talemålsbakgrunn, so nær som den tillærde i skular, på universitet og anna slikt. Men det var ikkje eitt mål som avløyste latinen, det vart framimot mange, so talet på mål minka ikkje, men det auka. Noko liknande kann segjast um våt heimlege gamalnorsk; tri språk lever i dag etter gamalnorsk – nyislendsk, færøysk og nynorsk. Og gamalnorsk – eller norrønt – lever sitt skriftliv.
Både i Tyskland og Frankrike og andre europeiske land vert det nok fyrr eller sidan ei uppløysing eller ei avskaling av måli; fleire enn eitt mål kjem der det fyrr var eitt. Noko stort framsyn trengst ikkje for å skimta dette. Ikkje å tala um Engelsk som, trass i utspeli serleg til John Honey, nok med tid og stunder vil rivna sundt i eigne og sjølvstendelege mål, som, for å vera varsam, amerikansk og australsk. Men det er nok spiror til meir øksling i engelsk, same um snuingane der gjeng sakte og helst lyt teljast i hundradår eller tusundår. Um den skotske sjølvråderetten frå komande årsskifte vil syna att i målvegen, er eit framtidsspursmål.
Nynorsk mål er ikkje lite jamført med dei minste fåtalsmåli. Det er ingen fåre for målet i so måte, um det ikkje var for den sernorske galskapen med ustanslege uro og statstyning av målet innanifrå. Men nynorsk mål stend so sterkt i målføri, at i verste fall kann målreisingi taka til att frå botnen, ubundi av offentleg tvang. Den utvegen finst.
Dei minste måli kann teljast i nokre hundrad eller nokre tusund brukarar. Sørsamisk hev visstnok 5-6000 menneske å stydja seg på; austfrisisk hev kring 2000, og sume mål i det tidlegare Sovjet hev ikkje stort meir enn tiandeparten. Kor desse fåtalsmåli vert varetekne i dag, er ukjent. Vårt nærskylde grannemål i vest, færøymålet, er i samanlikning eit stormål.
Målet AINU på den japanske øyi Hokkaido, er kome ned på eit sers lågt brukartal av folk i høg alder. Ordet "Ainu" tyder menneske, og det er ikkje påvist skyldskap millom ainu og japansk. Aller siste åri hev det kome ut tri ainu-japanske ordbøker i stort upplag i Japan, og i det japanske tinget hev ein innvald tala på morsmålet sitt, ainu. I radioen på Hokkaido er det sett i gang språkkurs i ainu, og på internett er målet tilgjengeleg for alle japanarar. Eit døme på at eit ørlite mål som synest daudedømt, kviknar til nytt liv. Det skil seg på viljen.
Prenta i Vestmannen.