Skilnad mellom versjonar av «Kor sermerkt norsk?»
(Oppretta sida med «<h4>Av Jostein Krokvik</h4> <h4>Prenta i Vestmannen nr. X XXXX</h4> Kategori:Jostein Krokvik») |
|||
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
Line 1: | Line 1: | ||
− | + | Av [[Jostein Krokvik]] | |
+ | I morgonfjerrsynet, NRK den 1. februar var eit innslag um nynorsk og språkrådsutkastet til ny læreboknormal med Jan Terje Faarlund, Lars S. Vikør og Erik Haugan. | ||
− | < | + | Utkastet hev vore dryfta i Vestmannen og Høgnorsknytt, men me merka oss at Faarlund ikkje vilde taka hovudandsvaret for utkastet, han dekte seg bak Fagnemndi. Og gløymde nemna at ein stor lut av vedtaki er gjorde med tvo mot tvo nynorskrøyster, der formannen Faarlund hev nytta dubbelrøyst! Ein pålitande vitskapleg framgangsmåte? Faarlund greip (i utrengsmål) til den velkjende stereotypien at nynorsken kann ikkje førast attende til fyre 1938. Dette er ikkje eit språkleg eller språkvitskapleg argument, det er eit slagord som hev vore bruka språkpolitisk kring 50 år! Skulde noko sakleg segjast, trongst nøgjen gjenomgang av målbrigdi ikkje berre frå 1938, men frå Aasen. Og sjølvsagt på eit mykje breidare grunnlag enn i «Fagnemndi». Bokmål hev late seg føra lenger attende enn stereotypien segjer um nynorsk. Og færøyingane samla seg seg um Hammerhaimbs etymologiske målformer att etter ein på lag like langvarande strid um Jacobsens freistnad med eit meir ortofont mål. Jamvel i bokmål hev nokre fåe brigde frå 1938 vorte verande. |
+ | |||
+ | Hovudutfallet mot språkrådsutkastet og Norsk språkråd kom rakt og klårt frå Erik Haugan. Han fekk tydeleg fram at Språkrådet ikkje er noko tenleg organ til å stella med offentleg rettskriving. Grunnlaget for Språkrådet er målblandingspolitikken og samnorskpunktet som ved målteknokriske framgangsmåtar vil tvinga tvo skriftmål med ulik bakgrunn yver til eitt. Bokmålet greider seg. Men for nynorsken ser det verre ut. Tidi for organet bør vera ute! | ||
+ | |||
+ | <i>Prenta i Vestmannen nr. 3 2000</i> | ||
[[Kategori:Jostein Krokvik]] | [[Kategori:Jostein Krokvik]] |
Siste versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:31
I morgonfjerrsynet, NRK den 1. februar var eit innslag um nynorsk og språkrådsutkastet til ny læreboknormal med Jan Terje Faarlund, Lars S. Vikør og Erik Haugan.
Utkastet hev vore dryfta i Vestmannen og Høgnorsknytt, men me merka oss at Faarlund ikkje vilde taka hovudandsvaret for utkastet, han dekte seg bak Fagnemndi. Og gløymde nemna at ein stor lut av vedtaki er gjorde med tvo mot tvo nynorskrøyster, der formannen Faarlund hev nytta dubbelrøyst! Ein pålitande vitskapleg framgangsmåte? Faarlund greip (i utrengsmål) til den velkjende stereotypien at nynorsken kann ikkje førast attende til fyre 1938. Dette er ikkje eit språkleg eller språkvitskapleg argument, det er eit slagord som hev vore bruka språkpolitisk kring 50 år! Skulde noko sakleg segjast, trongst nøgjen gjenomgang av målbrigdi ikkje berre frå 1938, men frå Aasen. Og sjølvsagt på eit mykje breidare grunnlag enn i «Fagnemndi». Bokmål hev late seg føra lenger attende enn stereotypien segjer um nynorsk. Og færøyingane samla seg seg um Hammerhaimbs etymologiske målformer att etter ein på lag like langvarande strid um Jacobsens freistnad med eit meir ortofont mål. Jamvel i bokmål hev nokre fåe brigde frå 1938 vorte verande.
Hovudutfallet mot språkrådsutkastet og Norsk språkråd kom rakt og klårt frå Erik Haugan. Han fekk tydeleg fram at Språkrådet ikkje er noko tenleg organ til å stella med offentleg rettskriving. Grunnlaget for Språkrådet er målblandingspolitikken og samnorskpunktet som ved målteknokriske framgangsmåtar vil tvinga tvo skriftmål med ulik bakgrunn yver til eitt. Bokmålet greider seg. Men for nynorsken ser det verre ut. Tidi for organet bør vera ute!
Prenta i Vestmannen nr. 3 2000