Skilnad mellom versjonar av «Vinlands Mållag vil fremja høgnorskrørsla»
Line 28: | Line 28: | ||
</P> | </P> | ||
− | <i>Prenta i Vestmannen nr. | + | <i>Prenta i Vestmannen nr. 7 2000</i> |
[[Kategori:Jostein Krokvik]] | [[Kategori:Jostein Krokvik]] |
Siste versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:27
Og styret bed lagslemene melda seg inn i Høgnorskringen og Aasen-sambandet
Vinlands Mållag la ned drifti sist i 1999 etter mange års studnadsverksemd for norsk målreising i Noreg og for norskdomsarbeid i Amerika. Laget gav fleire år ut bladet Ny Verd (New world), med til dels norsk og til dels engelsk tekst. Normann Black var bladstyrar, og han var òg formann i Vinlands Mållag. I 1999 skifte laget ut midelen sin til samskipnader i Noreg som arbeider for å halda uppe og fremja det norskrøtte målet slik det vert utgranska og skriftfest av Ivar Aasen : Desse samskipnadene fekk tilskot : Noregs Mållag, Høgnorskringen, Norsk Målungdom og Ivar Aasen-Sambandet. I dag set Black Aasen-rørsla i ei serstoda.
Berre Høgnorskringen og Aasen- Sambandet
Dette les me i eit engelskteksta rundskriv som lagslemene i Vinlands Mållag og andre hev fenge frå formannen og skrivaren i laget, Normann Black og Eilerth Solheim. Dei som var andsvarlege for Vinlands Målalg er no yvertydde um at einast Høgnorskringen og Ivar Aasen-Sambandet med sine lokallag og serlag medverkar til at det norske målet yverlever i ei form som er jamførleg med det tradisjonelle skriftmålet frå fyrre 1938, upphavleg standardisera av Aasen i siste helvti av 1800-talet på grunnlag av det norske innhaldet i målføri med rot i millomnorsk og gamalnorsk.
Melder seg inn i Høgnorskringen
I rundskrivet les me at skrivaren for lenge sidan er pensjonera, og han brukar tidi si på famlie og lokalsaker i Connecticut, der han bur. Formannen Normann Black hev meldt seg inn i Høgnorskringen ; han hev vitja Noreg mange gonger, og hev gjort seg kjend i målmannskrinsar gjenom bladet Ny Verd og på annan måte.
Stutt og god historikk
I stutte ord les me i rundskrivet um Høgnorskringen og Ivar Aasen-Sambandet og arbeidsgrunnlaget deira : Desse samskipnadene arbeider for å styrkja det heimerøtte målet slik det var til 1938, då norske riksstyre tok til å brigda på stavemåtar og grammatikk for å få det mykje godt likt det herskande norsk-danske målet (bokmål). Standarmålet som Høgnorskringen og Aasen-Sambandet brukar vert i dag kalla høgnorsk. Høgnorsk er attkjennande likt landsmålet slik Ivar Aasen standardisera det, og slik det vart ført vidare av Arne Garborg, A. O. Vinje og andre store norske bokmenner, diktarar og tonediktarar.
Me finn namn og tilskrift til Høgnorskringen med upplysningar um korleis folk i Sambandsstatane kann melda seg inn og tinga bladet Vestmannen. Uppmodingi som ligg i dette sender me vidare til folk i Noreg.
Prenta i Vestmannen nr. 7 2000