Skilnad mellom versjonar av «Målsaki frå social synsstad»
(Oppretta sida med «<pre> Heimatt til far og heimatt til mor og heimatt til fedraland! Heim til dei gamle, myndige ord som hyser vår fedra-ånd! </pre> <p>Desse ordi, som Anders Hovden hev se…») |
|||
Line 638: | Line 638: | ||
liva lenge i landet!</p> | liva lenge i landet!</p> | ||
− | <blockquote | + | <blockquote>¹ Det riksstyret av bondepartiet som no — hausten 1932 — hev sete i um |
lag halvtanna år, hev ved fleire høve synt vilje til å styra norsk veg, og solels | lag halvtanna år, hev ved fleire høve synt vilje til å styra norsk veg, og solels | ||
gjera partiet til talsmann for interessone åt bonden og folket i målspurmålet.</blockquote> | gjera partiet til talsmann for interessone åt bonden og folket i målspurmålet.</blockquote> | ||
− | <blockquote | + | <blockquote>² Nokre einskildmenn — ikkje mange — av dei partii hev endå til vore |
kraftige talsmenn for målreisingi.</blockquote> | kraftige talsmenn for målreisingi.</blockquote> | ||
[[Kategori:Kva er målreising?]] | [[Kategori:Kva er målreising?]] | ||
[[Kategori:Gustav Indrebø]] | [[Kategori:Gustav Indrebø]] |
Siste versjonen frå 15. april 2020 kl. 12:12
Heimatt til far og heimatt til mor og heimatt til fedraland! Heim til dei gamle, myndige ord som hyser vår fedra-ånd!
Desse ordi, som Anders Hovden hev sett til motto yver ein bolk i den siste boki si «Attersyn», peikar på det momentet i målsaki som alle fyrst legg merke til: det nasjonale.
Når eg skal tala um det sociale ved målsaki, vil eg fyrst gå ved, at for meg personleg er det den nasjonale sida som hev mest å segja. — På den eine sida vinna att historia vår, og kjenna seg i samband med alle dei federne som hev gjenge fyre ein; på hi sida kunna syna fram for all verdi eit mål som me fritt torer kalla norsk, og som me ikkje tarv ottast at dei skal neisa oss for og segja: De kallar det norsk, men de fer med fals, det er ikkje norsk; — dette er den nasjonale vinning målreisingi gjev; og eg gjeng ved at eg tykkjer dette er stort.
Men det lyt vera berrsynt for alle at målsaki hev ei sers viktug samfunds-side òg, ei social side i streng tyding. I røyndi hev det sociale moment, objektivt sét, fullt so mykje å segja som hitt. For dersom målreisingi var utan samfunds-verd og demokratisk verd, skulde det mykje til at ho i sanning kunde ha noko nasjonalt verd òg. Livet heng saman, det eine kann ikkje løysast frå hitt.
Når me skal greida ut målsaki og det sociale, målsaki og samfundslivet, so lyt me fyrst gjeva ei yversyn yver dei faktiske måltilhøvi som me hev her i landet.
Dei faktiske måltilhøvi er soleis at me hev tvo skriftmål og officielle mål.
Me hev eitt skriftmal og officielt mål av heimleg rot; dei kallar det jamnast landsmål. Til skilnad frå det gamle norske skriftmålet kann ein praktisk kalla det nynorsk.
Og me hev eitt skriftmål og officielt mål av framand rot. Det byggjer på dansk grunnlag: dansk skrift fyrst og fremst, og dansk tale. I det seinare hev det vorte uppblanda ymist, hjå sume ikkje so lite, med norske mål-element. Men det er framleides ei grein av det danske måltreet. Når ein vil skilja det frå klassisk dansk, kann ein kalla det norsk-dansk — siste lekken i namnet er då hovudordet.
Det siste av dei tvo måli er mektigast. Det er mest brukt til litteraturmål, både i dikt-litteraturen, i vitskaplege skrifter og fagskrifter, i lærebøker for skulane, og i pressa. Det hev radt til det aller siste rådt so godt som åleine i alt skriftiegt i forretningslivet og i administrasjonen og dei folkevalde styri. — Det nynorske skrift-målet hev i samanlikning med dette heller liti kvantitativ makt slik som det stend i dag.
So hev ein tvo talemål her i landet, — eg meiner daglegtalemål. Eigenleg hev ein mangfaldige talemål sjølvsagt; for kvar dialekt er eit talemål for seg. Men like vel kann ein samla folket etter tala deira i tvo hovudflokkar: det er dei som segjer høna, kasta, ei eller e øy og soknar til nynorsken. Og det er dei som segjer hønen, kastet, en ø, og soknar til norsk-dansken eller bokmålet. Talemålsgrunnlaget åt desse siste er i regelen noko norskare enn skrifti, men det er like vel i fundamentale punkt dansk, og dei soknar verkeleg til bokmålet.
Talemål som soknar til nynorsk (landsmål), norsk talemål altso, finn ein fyrst og fremst i alle bygdene. Millom bønder og fiskarar er mest ikkje noko anna å høyra, til dagleg då. I regelen er det norske målet reinast på bygdene. Men norsk tale finn ein dessutan hjå dei lægre klassone i byane, og eit godt stykke upp i millomklassa. Det kann vera eit meir og mindre uppblanda mål der, bymålet kann ha mindre reisning enn målet åt bonden. Det er mykje rett i det som Garborg skriv: «Det [bymålet] har ingen fasthed, ingen klassicitet». Men i hovudsak er like vel folkemåli i byane nynorske (landsmål). Eg vil segja at i røyndi er det beint fram forunderlegt å sjå kor norske dei hev halde seg. Di meir bymåli vert vitskapleg granska, di tydelegare og meir slåande kjem dette fram. Det hev t. d. nyleg kome ut eit stort verk um Stavanger bymål. Det er mest utrulegt kor greidt norsk folkemålet i Stavanger hev halde seg.
Talemål som soknar til bokmålet finn ein fyrst og fremst hjå yverklassa i byane og villastrok ikring, og i noko av millomklassa; dinæst for det aller meste hjå den høgre og mykje hjå den millomste og lægre tenestmannsklassa utyver heile landet; endeleg hjå ein lut av forretningsstandet.
Norsk-dansk er soleis talemålet for dei velhjelpte klassone og intellingensen i byane, dinæst langt ned gjenom tenestmannsklassa, og so for den mektigaste luten av forretningsstandet. Nynorsk er talemålet for det store folket.
Styrke-tilhøvet millom dei tvo måli når ein tel i procent, kann kanskje vera soleis at ein 90 % talar nynorsk og ein 10 % talar bokmål til dagleg. 10 % for bokmålet er kanskje noko sterkt i-teke. Moltke Moe meinte at millom 94 og 95 % tala eit norskt bygde- eller by-mål. På bokmålet vart det då etter hans rekning att millom 5 og 6 %.
Når det gjeld tala, er det soleis heilt annleis enn med skrift. Der er ei veldug yvermakt for dei norsk-talande. Bokmålet er eit reint mindretalsmål. —
Endå eg kann føra fram ein so god autoritet som Moltke Moe, so vil visst mange gjera motmæle mot den yversyni eg hev gjeve her yver det faktiske måltilstandet. Dei segjer: Dette kann ikkje vera rett; det strider imot røynslone våre. Me møter norsk-dansk mest alle vegner. Norsk-dansken må då vera fleirtalsmålet. Det var just noko slikt han meinte, ein talar i Studentsamfundet for eit bil sidan. Han stod og sagde at arbeidarane skynar ikkje landsmålet ein gong. Eg vil tru han meinte det same, at då talar dei ikkje nokon landsmålsdialekt heller.
Hjå dei fleste som segjer slikt, kjem det endefram av tjukk fåkunne og ein fordom som gjer blind. So der bit ikkje grunnar på.
Men eg skal gå ved at stundom kann det òg røynleg sjå ut som det resultatet eg set fram her, er urimelegt. Det kann koma til å sjå soleis ut for sume som ein stor lut av nasjonen tala norsk-dansk, ja endå til som norsk-dansk var det ålmenne talemålet her i landet. Like vel er ikkje dette so. Det er ei synkverving.
Når det kann taka seg ut soleis, er det i røyndi heller lett å forklåra.
For det fyrste kjem det av at bokmålet er so ålment brukt i skrift. Kvar so ferdamannen vender augo, fær han lesa det. Han møter det på uppslagi i jarnvegsvognene og på stasjonane, — me skal vel ikkje rekna på dei fatige uppslagi på nynorsk som me hev fenge på Dovrebana og Bergensbana —, på billetten han gjev konduktøren, i ruteboki han ser i, avisone han les; han møter det på gateskilti og forretningsskilti i gatone, og på hotellet han tek inn i. Den tokken han fær av alt dette skrivne, kann lett vildra noko meiningi hans um talemålet òg.
For det andre kjem det av at den som reiser, og som difor tykkjest ha røynsle, han kjem nettupp saman med slike som talar bokmålet. For dei som tener trafikk og samferdsle, og som ferdamannen fær med å gjera, er nettupp millom deim som brukar norsk-dansk, i minsto i tenesta. Difor høyrer den reisande verkeleg norsk-dansk hjå konduktøren, hjå stasjonsfolki; på hotelli. Og han høyrer det i jarnvegsvogni hjå deim han reiser saman med; for kven er det vel som hev høve til å fara lange vegar med jarnvegen? Det er folk or dei velståande standi, or intelligensen og forretningsstandet, og dette er òg nettupp av deim som brukar bokmålet; — jamne bønder og fiskarar og arbeidarar, det store folket, reiser då ikkje. Og skulde den reisande like vel råka nokon or desse standi på turen sin, og han ser litt velklædd ut, so er det ikkje so visst um ikkje mannen av folket freistar gjera honom til lags med å snu litt på sitt daglege mål, og kjem med eit slag bokmål han òg. Det er ingi kunst å reisa med jarnvegen frå Oslo til Bjørgvin og ikkje høyra anna norsk-dansk. — Det dansk-lita Noreg syner seg på toppen og på utsida i samfundet, kvar du snur deg. Eg hev nemnt jarnvegen. Det er berre eit døme. Det er nett likeins andre stader. Det norske Noreg er «det skjulte Norge», det ordet er ikkje berre ei bilætleg sanning; det er ei bokstavleg sanning. — Men difor er like fullt det norske Noreg til. Det er det største og centrale i nasjonen dess meir. Å neitta det vilde vera som å neitta at eplet er anna enn skal, for di ein ikkje ser anna skal utanpå.
Eg må difor taka upp att:
Det faktum som me hev å gå ut ifrå, er at det store fleirtalet av nasjonen talar nynorsk, i heile landet; eit lite mindretal talar norsk-dansk. — Og like vel — det er hovudpunktet for oss her — like vel er det norsk-dansk, yverklasse- og mindretalsmålet, som er det vanlege skriftmålet og det vanlege i all offentleg ferd. Meinigmannen òg, han som talar nynorsk, kastar seg oftast yver i bokmålet når han skal skriva og når han skal stiga fram offentleg; eller han freistar i minsto gjera det.
— Det er freistande å sjå dette fyrst under nasjonal synsvinkel og spyrja: Er slikt sømelegt for eit sjølvstyrt folk med historie?
Men me skal sjå det her ut ifrå samfundssynsstad, under ein social synsvinkel.
Då spør me:
Korleis verkar desse måltilhøvi for fleirtalet i samfundet? For det store, strævande folket?
Er dei til gagn for dei breide folkelagi i striden deira mot samfundsuretten, og i arbeidet deira for å berga seg og for å vinna seg betre kår økonomisk, kulturelt og åndeleg?
Eller verkar dei hindrande? —
Eg meiner desse måltilhøvi verkar til skade.
Eg skal peika på nokre fylgjor som dei hev.
For det fyrste seinkar det kunnskapstileigningi for den meinige mannen, at han ikkje fær upplæringi på sitt eige mål. Mest vil dette vera soleis i barneskulen. Og for den meinige mannen er nettupp i regelen barneskulen, folkeskulen den einaste skulen som han fær gå.
Det er gamal kjent hjå kunnige folk dette, at måltilhøvi no er til meins for folke-upplysningi og folkedaningi. Ein folkeleg og skynsam mann som M. B. Landstad skreiv i fyreordet til folkevise-utgåva si i 1853: «Hvor dette [ɔ: folkemålet] er moders-målet i fædrehjemmet, der må barnet, når det begynder at læse vore bøger, sågodtsom lære et nyt tungemål, en omstændighed, der har en mere hemmende indflydelse på undervisningen i vore skoler, end man i almindelighed er tilbøielig til at tro».
Kunnskap og utdaning, det skulde vera eit hovudvåpen for dei breide folkelagi i arbeidet deira for å få det ljosare. Dette våpnet hjelper måltilhøvi no til med å døyva for mesteluten av folket. —
Men dinæst er måltilhøvi no til skade for meinigmann på ein annan, ikkje mindre ålvorleg måte.
Dei gjer at ein mann av folket er ufri i tala si straks han kjem utanfor sitt vanlege miljø, — utanfor bygdi, i samtale med yvermann i samfundet, på talarstolen. Me kjenner alle saman til dette. Han hev eit mål som han brukar til dagleg; men til høgre bruk vert ikkje det halde godt nok, då skal han retta seg etter eit anna målmynster; og so vert han ufri. Me veit korleis det gjeng. Tala hans vert stiv, og ho vert ustød, me fær det som me kallar knot. Og den som knotar, han fær anten låtten eller medynken yver seg. Han fær kanskje ikkje sagt so grant, og slett ikkje so godt, nett det han vilde segja heller.
Me hev havt fullt av og hev enno den dag i dag altfor mange slike knotande, låttelege, hjelpelause språklege kryplingar.
Eg tarv berre nemna dei gamle skulehaldarane, — skulehaldardansk hev vorte eit ordtak. Det torer vel henda at når skulehaldarane hev vore so iduge til å beda skulen fri for bokmålet som dei i røyndi hev, so er det ikkje borni dei hev tenkt på. Dei kann vel ha tenkt på ei frigjering for seg sjølve òg. — Og ein kann nemna underofficerane, når dei skal instruera på moen; det er leidt å høyra på.
Korleis bokmål legg band på tala åt den vanlege mannen, fær ein i det heile svært god lærdom um på moen. Eg hugsar frå mi eigi soldattid. Eg var rekrut på ein eksisplass på Vestlandet, og der i minsto var det soleis at me fekk instruksjon um å tala til officerane på bokmål når det galdt tenesta. Men det var reint løglegt å høyra på bondegutane og fiskarane. Dei stamma og tok upp att og snåva i ordi; og ikkje fekk dei sagt det dei skulde jamt like vel. Eg hugsar grant serskilt ein gong. Det kom ein kar med ei melding. Han skulde segja henne fort, for etter «fyresetnadene» som det heiter i militærmålet, hasta det. Karen vart ståande og stamma og vasa. Til slutt fall han radt ut or det og gav ein god dag i formlane, og sagde alt saman med sine eigne ord; då gjekk det både lett og greidt. Men det er visst, at hadde det vore krig, so hadde fienden teke heile stødet og skote både officeren og soldaten medan mannen stod der og stauka, lenge fyrr han kom på å bruka dei ordi som ikkje hindra honom.
Eg hugsar dette so skilleg; for me var fleire som lagde merke til det; og der var ein som sagde då med det same: «Der kann de sjå skilnaden!»
Men å vera slik språkleg krypling, det er ikkje berre låttelegt, det er ei ålvorleg sak for ein mann; i ser dersom han er soleis stelt at det syner seg ofte. Det fører med seg praktiske vanskar. Og det fører med seg åndeleg liding, og tek modet ifrå ein mann. Det gjer mang ein til mindre mann enn han turvte vera.
Dette er sers ålvorlegt for den meinige mannen. For det er jamt alt av naturi større vanskar for meinigmann med å hævda seg utanfor sitt vanlege miliø og i offentleg ferd, enn for folk av dei høgre klassone. Han er ustød i fakter og åtferd. Han generar seg for dei store, og for mengdi. Han hev vandt for å ha med seg den stødleik og sinnsro, den personlege vyrdnad som han treng. Når attåt desse naturlege vanskane kjem ein ekstra vanske med målet, vert det endå verre. Og er denne vansken uturvande, so vert måltilhøvi i et land som hev det soleis, ei samfunds-ulukke. Det er nettupp soleis det er her i landet. Målvanskar vil meinigmann i nokon mun ha i alle land; for det vil alltid vera skilnad på folkedialektar og so kulturmålet. Men her er vanskane større enn dei tarv vera. For dei kjem ikkje berre av den naturlege skilnaden millom dialekt og høgre mål. Dei kjem av at det vanlege officielle målet — eg skal her bruka professorane Hægstads og Falks ord — det vanlege officielle målet «står på en række fundamentale punkter i strid med alle landets dialekter (praktisk talt)».
Altso: Måltilhøvi soleis som dei er no gjer det på alle kantar vandare enn det skulde vera for meinigmannen i vårt land å hævda seg utanfor sitt vanlege miljø og i all offentleg teneste og offentleg ferd.
Dette er unaturlegt.
Og det er urettferdigt.
Det er urettferdigt å soleis leggja ei ekstra byrd på deim som alt fyrr hev det vandast; og som ikkje sjølve er skuld i at tilhøvi hev vorte rangstelte. Her hev ei yverklasse i si tid gjort seg til ein framand provins og stelt det soleis at me hev fenge tvo mål i landet. No etterpå skal meinigmann, som hev halde på det gamle nasjonale, han skal bera kostnaden; han hev minst høve til å spilla tid på det, men han skal ha byrdi med å læra tvo mål. Hine skal sleppa med berre eitt og haustar ingi ulempor. Slikt er i godt samsvar med den aller mest trongsynte, me fær kalla det yverklasse-politikk. Men det er ikkje socialt gagnlegt.
Godt folk!
Ut ifrå ein rettferds- og samfundssynsstad sét, er måltilhøvi no her i landet upprørande!
Denne samfundsretten ved måltilhøvi er det målsaki etter sitt principp vil bøta på.
Korleis ho vil bøta på det, gjeng fram alt av det eg hev sagt um dei negative fylgjone av tilhøvi no. Men eg skal peika på det positivt òg.
For det store folket vil landsmålet vera til gagn hovudsakleg på tvo måtar.
For det fyrste vil det fremda folkeupplysningi. Det er det beste skulemålet for alle landsbygder. Og det er det beste skulemålet for fleirtali i byane.
For det andre vil landsmålet gjera det lettare for den vanlege mannen å hævda seg utanfor sitt eige miliø og i offentleg ferd.
Dersom han fær upplæring i landsmålet, so vil han læra seg til å akta målføret sitt. Han vil verta før til å byggja på det med stødleik både i skrift og tale. Resultatet vert at han både skriv betre og talar betre fyre seg. Eg meiner ikkje at han då fær høve til å nytta målføret sitt heilt ut, utan noko tillempingar. Det fær han ikkje under landsmålet heller, for soleis kann det aldri verta; han lyt slipa av det uvanlegaste, og normalisera so målet hans fær eit meir ålment drag. Men grunnlaget i alt sitt målbruk kann han i tilfelle søkja i den trygge grunnen som barnemålet hans gjev honom. Dette er den viktugaste skilnaden for den vanlege mannen på å taka mynster etter bokmål og etter landsmål. I det eine tilfellet lyt det for fleirtalet av folket ei heil målumleggjing til på fundamentale punkt. I det andre tilfellet kann dei byggja på fast og kjend grunn som dei alt fyrr stend på med båe føtene; dei fær røra seg i ei målform som dei er herre yver, i staden for i ei som dei sjølve kjenner som herre.
Det segjer seg sjølv, meiner eg, at dette gjer ein stor skilnad. Det kjem til å gå lettare for den vanlege mannen på denne måten. Han vil verta naturlegare, og rolla hans vil ikkje so lett taka makti yver honom so han vert stiv og keivsleg og misser sinnsroi. Kjensla av å fara med sitt eige og byggja på sitt eige og vera heilt seg sjølv, vil gjeva honom meir byrgskap i si ferd, og meir tryggleik på seg sjølv. Han vil få meir av det me kallar naturleg daning.
Eg kann ikkje lata vera å herma her noko som ein målmann burte i Drammen sagde til meg no nyleg. Han er innfødd drammensar, og talar sjølv Drammens-mål; det er ein eldre mann; han er i ei yversett stilling i ei verksemd, og han hev mykje med arbeidarar å gjera:
«Det vilde hjelpa arbeidarane mykje», sagde han, «um dei gjekk yver til landsmålet».
Eg meiner som han. Det som eg no hev nemnt, vilde hjelpa til å lyfta heile det store folket åndeleg og kulturelt. Og då vilde det med tidi hjelpa til å lyfta deim økonomisk òg. For den åndelege og kulturelle styrken er ein av fyresetnadene for at eit samfundslag skal kunna vinna seg upp til større økonomisk styrke ogso.
— Dette er ljost måla, vil sume segja. Og ein og annan vil spyrja: Fylgjer der ikkje ulempor òg med å gå yver til landsmålet?
Jau, det gjer der. Det hev enno aldri hendt at ein fær nokon fyremun for ingen ting. Og det vilde inkje gagna å måla det upp som det fylgde berre fyremuner med å gå yver til landsmålet. I minsto enno fylgjer det òg verkelege praktiske ulempor med. Og det skal segjast ope, at dei er slett ikkje so lette å koma gjenom jamt. Arne Garborg åtvarar ein stad halvt på skjemt motmennene sine mot å gå yver til landsmålet fyrr dei hev tenkt seg vel um. Det vilde falla so tungt for deim, skreiv han, at dei kunde koma til å missa modet. Garborg skreiv dette i boki «Den nynorske sprog- og nationalitetsbevægelse», og han set det på egg liksom alt anna i den boki. Dessutan er tilhøvi mykje betre no enn då Garborg skreiv i 1877. Like vel er det mykje sant enno i det han segjer, serskilt dersom nokon vil gå yver til landsmålet i vaksen alder, etter han er komen framum alle skulane; — for deim som fær upplæring i norsk alt frå barneskulen, vert det mykje annarleis.
Bokmålet hev enno sume verkelege fyremuner å bjoda framfor norsken. Det hev den ålmenne fyremunen at det er det tilvande i offentlegt bruk, med autoriteten yver seg, medan landsmålet er det nye, med fordomen imot seg. Og bokmålet er enno stødare i skrift enn hitt målet. Og so hev det eit fastare utforma normaltalemål. Dette er sers viktuge ting, som me ikkje kan mismæta. Serskilt for den vanlege, ulærde mannen hev det mykje å segja at han hev eit fast mynster å gå etter, ei fast form å leggja seg til rettes i; for han hev korkje hug eller høve til å gjera seg til fag-filolog og sitja og vega på grammatiske former.
Mot landsmålet kann det segjast at det ymist er noko fljotande enno. Skriftnormen er noko ustød, altfor mykje til at det kan vera pædagogisk gagnlegt. Her hev form-pirkarane millom målfolket sjølv eit stort andsvar. Eg meiner desse som ikkje nokor stund kann lata den fastslegne normen ha fred, men stødt putlar med nye former og rettskrivingar, og hjelper til med å halda ustøda kunstigt uppe. Dessutan vantar landsmålet altfor mykje eit fastforma mynster-talemål. Det valdar vanskar for mange når dei skal til å slipa av dialekten sin slikt som dei ikkje kann taka med utum bygdi. Tek dei då bokmålet til mynster, so hev dei meir ei sjølvsagd form å setja i staden. Vil dei stydja seg til landsmålet, er det ikkje jamt so sjølvsagt å vita kva dei skal segja, for landsmålet hev godkjent so mange sideformer. Resultatet til dessar veit de hev vore at av deim som hev vorte nøydde til å veksa seg ut yver målføret sitt, er det fåe som hev gjenge yver til landsmålet, men dei er mange, som hev gjenge til bokmålet. Dei hev late seg skræma av dei fyrste vanskane med landsmålet.
Men tråss i desse vanskane, serleg for vaksne som vil gå yver, og for ny-byrjarane, so trur eg det skal stå fast, at målsaki vil gjeva fleirtalet i folket ei stor hjelp, og det alt i fyrste umgang; endå meir vil ho gjera det seinare. Ho vil hjelpa deim til å eigna lettare til seg kunnskap og daning, og hjelpa deim til å få meir reisning på alle måtar. Dei vanskane som fylgjer med landsmålet, fær ein so heller for det fyrste freista å koma utanum med at kvar mann, ogso i offentleg ferd, brukar eit mål som er meir dialekt-farga enn det er vanlegt i granneland og i det heile i kulturland; i minsto fær ein tola det når han talar, — i skrift er det mykje lettare å nå fram til einskap. Serlege historiske tilhøve gjer at me lyt unna oss i det ekstraordinære her hjå oss i so måte eit bil frametter.
Tråss i alt er det inkje tvilsmål um, at landsmålsrørsla i sanning er ei ekte demokratisk rørsle.
Men difor er, eller burde, òg målsaki vera ei av dei store uppgåvone i demokratisk politikk.
Av demokratiske politiske parti hev vinstrepartiet, som i lang tid var det einaste demokratiske partiet me hadde, i nokon mun synt seg skynsamt mot målreisingi. Det hev i nokon mun gjort folket si sak her til si.
Det nye politiske partiet bondepartiet, som etter det vanlege skjemaet stend til høgre for vinstre, hev vore svært vinglande. Der hev vore eit sterkt tvidrag innan partiet millom tvo syn; på ei side den demokratiske syni som gjer sams sak med folket, og på hi sida det me kann kalla funksjonærsyni: slike som hev lært å bruka norskdansk talemål og fagmål på jordbruksskular og andre skular, hev vorte bundne innvertes til norskdansken, og dessutan vil dei ikkje ha havt strævet med upplæringi si for inkje. Desse siste hev havt mykje å segja for leidi åt partiet til denne tid, men partiet er so ungt enno, at det er ikkje godt å vita kvar det vil styra. Eg tykkjer det må verta ei bra sjølvmotsegjing, dersom ein politisk samskipnad på ei og same tid skal arbeida for den økonomiske reisingi åt bondestandet, og mot den språklege frigjeringi. Og nokor ålmenn lyftestong for bonden skynar eg ikkje at ein samskipnad kann verta, dersom han tek det på den måten.<a href="1" ></a>¹
Dei nye demokratiske partii som stend til vinstre for vinstre, arbeidarpartii, hev til denne tid i det heile vore likesæle for målreisingi. Dette er både unaturlegt og underlegt. Det skulde sjå ut som ei naturleg uppgåve for deim òg å hjelpa meinigmann, so meinigmanns mål kom i vyrdnad og under dyrking. Eg kann ikkje skyna anna enn at det er u-demokratisk og ein logisk inkonsekvens soleis som dei hev stelt seg.
Eg veit ikkje kva forklåring dei sjølve gjev. Men eg kjem i hug noko som eg hev lese i historie-verk um germanane, då dei trengde seg inn i dei romerske provinsane. Dei var harde og djerve, og dei kua snart romarane, og gjorde deim til sine undermenn militært og politisk. Men desse same germanene, som fekk all ytre makt, dei kjende seg brydde når dei kom inn i dei fine husi åt romarane. Dei kunde ikkje stå seg for dei fine salane, den fine umgangstonen og alle stasklædi. Dermed so gav dei seg til å herma etter dei yvervunne, miste den kulturelle trui på seg sjølv, og deira eigen kultur smuldra burt innanfrå.
Eg trur det er noko av det same me hev vore vitne til hjå arbeidarane. Arbeidarane hev styrmt fram yver einemerki åt «yverklassone». Dei hev vunne seg ei ageleg politisk makt. Men på same tid hev dei — førarane deira òg — genera seg for «yverklassa». Dei hev havt sine løynlege ideal hjå deim som dei for med store ord imot. Dei hev i grunnen skjemst yver sitt eige, fyrst og fremst yver sitt eige mål, og ikkje havt tru eller vilje til å hævda seg kulturelt. Og so skulde dei auka vyrdnaden sin med å skapa seg etter dei ulastelege mynstri på hi sida. — Det er noko vesalt i denne måten å ha det på. Men arbeidarane lyt lata det sitja på seg, at soleis hev dei havt det. Bøndene hev havt det nett på same måten i lange tider, ikkje minst i den tidi då dei slo seg fram til politisk makt. No er det kanskje noko betre hjå deim, endå det sanneleg ikkje stend vel til. Men hjå arbeidarane hev dei det framleides mykje godt som dei gamle sterke, men brydde germanane i dei fine romarstovone.
Det hev mykje å segja, trur eg, at ikkje berre demokratiske borgarparti, men òg arbeidarpartii veks germanar-åndi av seg, og tek målsaki upp for ålvor. Knot og småsnobbing og sjølvuppgjevande etterlikning gagnar ikkje nokon. Det er gledelegt å sjå at i det aller siste hev det vore nokre veike teikn til nyorientering hjå arbeidarpartii i dette stykket.<a href="#2" >²</a> Men dei lyt taka spursmålet mykje ålvorlegare, skal det vera mun i det. Det gjeld um so dyre interessor for meinigmann, at det duger ikkje med å kokettera med målsaki. Dei av førarane for arbeidarpartii som er av anna stand og hev det unorske til naturleg fyresetnad, pliktar her å taka umsyn til deim som dei vil taka seg av. Her kann vera ein prøvestein på kor djupt interessa deira gjeng.
Men eg vil leggja til, at dersom målsaki skal gagna folket fullt ut, so gjeld det um at dei som vil taka henne upp, held henne i sanning demokratisk i breidaste meining. Det gjeld um at dei let landsmålet tufta seg på eit so breidt folkelegt grunnlag som mogelegt; då fyrst vert vinningi for folket so stor som ho kann verta. Og det er ikkje fritt at det ligg ein fåre her for demokratiske parti som er politiske.
Stridsførande lærer av kvarandre, veit me, og dei demokratiske partii tek lære i sin taktikk av storborgarpartii. No veit me at det politiske princippet for storborgar-partii er å hjelpa deim som ropar høgst, — dei rike og mektige, dei som sit med trådane, dirigerar avisone, kann skriva og tala og rasa fyre seg. Demokratiske parti vil gjerne taka etter og føra dette princippet yver på sine tilhøve; det vil segja dei vil helst hjelpa deim av sine som kann hua høgst i kor.
Når me fører dette yver på målspursmålet, so vil denne tendensen syna seg i at dei tek umsyn til måli berre i dei tettbygde stroki og i byane. For der kann folk ropa høgst i kor. Eg trur eg torer segja at me hev sét sume tendensar til slikt. Um me ikkje hev sét det so sterk innan sjølve dei politiske organisasjonane, so hev me i minsto sét det hjå ymse som kallar seg «radikale» og «demokratiske» i målvegen.
I Trøndelag t. d. hev dei i radikalismen sitt namn laga seg ein serskild trøndernormal, som då sjølvsagt tek einsideleg umsyn til dei etter måten tettbygde stroki rundt Trondheimsfjorden. Ein kan ikkje tru trøndene hev tenkt å skilja seg ut or Noreg og skipa eit serskilt kongerike. Tanken må då vera at trøndernormalen med tidi skal verta landsnormal. Dette er storveges tenkt, og trøndene hev store tradisjonar frå gamletidi i målvegen. I millomalderen var deira mål landsens mål. Ein kann segja um trøndene som Gustav Vasa sagde um svenskane: «Det är ett styfsint och för storverk fallet folk». Men demokratisk er det ikkje å vilja arbeida fram eit landsmål med so trongt grunnlag som trøndemåli åleine.
Her på Austlandet hev ein stundom høyrt tale um ein Austlandsnormal. Og ordet «folkemål» brukar dei ikkje so sjeldan soleis at ein må tru dei meiner einast målføri på Austlandet og i Oslo, eller ein kann næmare segja, Oslo og ein liten ring rundt um der. Det er sant at det er samla mykje folk på desse kantar. Men det er like vel ikkje demokratisk å byggja samlingsmålet for heile nasjonen einsideleg på målføri der.
Her gjeld det um, meiner eg, for den verkelege samfundssyni å akta vel på. Skal målsaki halda seg i sanning demokratisk og få sitt rette sociale verd, so lyt landsmålet byggja på alt norsk mål. Det sit fiskarar langs heile vår strand. Det sit småbønder inni fjordane og uppi fjellbygdene. Dei er ikkje unyttigare enn hine, um dei nok kann ha det vandare. Målet dei talar er ikkje ringare enn andre sitt; det er tvert imot gjerne rikare både på ord og råmande ordelag, og det er vænt å høyra. Dei er til saman ikkje færre enn hine. Men dei hev den ulukka at dei bur spreidt; dei kann ikkje hua høgt i kor. Like vel er det ikkje rett å taka mindre umsyn til deira mål for det. Eit norsk mål som vil heita demokratisk, og som skal reisast til gagn for folket, må byggja på norske målføre, ikkje berre i dei centrale strok, men òg i utkantane som ein ikkje høyrer ropi ifrå. Det bør ikkje her òg gå etter den store lovi i denne verdi, at den som hev lite, skal missa det han hev.
Nettupp her syner Ivar Aasen seg stor. I hans måltanke er det ein høgreist demokratisk djervskap. Han våga å taka umsyn ogso til deim som bur avsides og spreidt. I dette ligg forklåringsgrunnen til at dei hev teke imot landsmålet med slik godhug just i fjellbygder og fjordbygder, og heng ved det. Dei hev ikkje vore forvande med der at nokon tok umsyn til deim òg. — Ivar Aasen freista å byggja på breid folkeleg grunn i ei tid som var endå meir full av fordomar i slike spursmål enn vår. Det var det demokratiske instinktet hans som hjelpte honom her. Det hev vore skrive um Ivar Aasen i eit studentblad nyleg, at for honom var målreisingi ei rein klassesak. Eg vil ikkje skriva under på det; ein fær ikkje heile Ivar Aasen utan ein tek med den brennande fedrelands-hugen hans. Men det er heilt sant, at samkjensla hans med hans eige stand og med alle som høyrde til dei same samfundslag, rakk radt ned på botnen hjå han, og ho dreiv han fram. Difor freista han leggja ein so ålmenn karakter som mogelegt yver landsmålet, so mykje det kunde høva so mykje vidare; og for ingen hev i røyndi det demokratiske lukkast so godt som for honom. Folk må ikkje her lata seg villa av nokre arkaismar som han tok med — t. d. kastade for kasta — , og som er avskala seinare. Ein bør halda seg til hovudsaki. Og då er det slik at kvar ein av oss framleides kann gå i lære hjå Ivar Aasen når me vil læra kva demokratisk norsk mål er.
Eg hev freista her å kasta litt ljos yver korleis dei faktiske måltilhøvi hjå oss er, og korleis dei verkar for fleirtalet. Og eg hev freista gjera klårt det som er mi yvertyding, at måltilhøvi no, og bokmålet som råder, er til skade for dei fleste, og at landsmålet vilde verta ei lyftestong for det store arbeidande norske folk um dei tok det i bruk. Eg hev mest freista å bera fram klokskapsgrunnar som skulde tala for at dei meinige stand slo ring um landsmålet.
Men eg vil segja til slutt, at dersom de vil røkja etter, skal de finna at alle klokskaps-grunnar gjeng attende til ein. Og det er ein som ikkje hev berre med kaldt vit å gjera, det vil eg strika under, men med kjenslor og stemningar òg: — landsmålet eller dialektar under det er modermålet for det store norske folk.
Den samfunds-uppgåva som måltilhøvi i vårt land sét for oss, det er beint fram å få sett det store folket i eit naturlegt tilhøve att til modermålet.
Og difor inneheld dei ordi eg hermde fyrst, i røyndi samfunds-programmet òg for målfolket:
Heimatt til far og heimatt til mor og heimatt til fedraland! Heim til dei gamle, myndige ord som hyser vår fedra-ånd!
Dei peikar ikkje berre på det nasjonale i trongare tyding. For det å auka vyrdnaden — soleis som målsaki vil — for den stad ein er komen frå og den heim ein er gjengen ut or, det gjev ikkje berre nasjonal styrke. Slik vyrdnad er ei kraftkjelde og eit framgangsgrunnlag for den einskilde mannen òg, og for kvart stand innan eit samfund. Det er ikkje berre ei nasjonal og ei etisk sanning, det er ei djup social sanning òg, som all trivnad i eit samfund byggjer på, den gamle, einfaldige læra:
Heidra far din og mor di, at det kann gå deg vel, og du må liva lenge i landet!
¹ Det riksstyret av bondepartiet som no — hausten 1932 — hev sete i umlag halvtanna år, hev ved fleire høve synt vilje til å styra norsk veg, og solels
gjera partiet til talsmann for interessone åt bonden og folket i målspurmålet.
² Nokre einskildmenn — ikkje mange — av dei partii hev endå til vore kraftige talsmenn for målreisingi.