Skilnad mellom versjonar av «Mål og Makt»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
Line 1: Line 1:
 +
[[Fil:maal_og_makt_80talet.jpg|thumb|150px|right|Mål og Makt på 80-talet med temanummer um Målungdomen si politiske framtid.]]
 +
 
'''''Mål og Makt''''' er eit [[tidsskrift]] gjeve ut av [[Studentmållaget i Oslo]], med støtte frå Velferdstingets Kulturstyre. ''Mål og Makt'' kom ut fyrste gong i 1934, men sovna tidleg inn. Etter 1934 gav Studentmållaget ut etter måten mange avisor og blad, men noko nytt tidsskrift etter same lesten vart det ikkje før på 70-talet. I [[1971]] vart tidsskriftet skipa under namnet ''Sentrum og Periferi'', og det bytte namn til ''Mål og Makt'' alt året etter.  
 
Versjonen frå 13. april 2020 kl. 17:28

Mål og Makt på 80-talet med temanummer um Målungdomen si politiske framtid.

Mål og Makt er eit tidsskrift gjeve ut av Studentmållaget i Oslo, med støtte frå Velferdstingets Kulturstyre. Mål og Makt kom ut fyrste gong i 1934, men sovna tidleg inn. Etter 1934 gav Studentmållaget ut etter måten mange avisor og blad, men noko nytt tidsskrift etter same lesten vart det ikkje før på 70-talet. I 1971 vart tidsskriftet skipa under namnet Sentrum og Periferi, og det bytte namn til Mål og Makt alt året etter.

Bladet var viktugt for det ideologiske ordskiftet i målrørsla på 80-talet og tidleg 90-tal. I 1998 freista skriftstyret med nytt format, fargeprent og ei sterkare ålmennpolitisk orientering. På 2000-talet fekk tidskriftet den same dvaske og utvatna profilen som målrørsla og målungdomen elles tok til å få. I våre dagar er tidskriftet fyrst og fremst eit blad som unge studentar nyttar til å få prenta bachelor-uppgåvone sine.

Bakgrunnsstoff