Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Milleniumstrilogien - sers umtykt krim frå Sverike

Av Lars Bjarne Marøy

Milleniumsbiografien er skriven av den svenske journalisten og forfattaren Stieg Larsson. Den er samansett av bøkene "Menn som hatar kvinnor", "Gjenta som leika med elden" og "Luftslottet som vart sprengt". Millenium er det tidsskriftet som den eine hovudpersonen arbeider i. Han heiter Mikael Blomkvist, og er ein kjendisjournalist som er vant til å gå sine eigne vegar. Den andre hovudpersonen er Lisbeth Salander som hev vore utsett for statlege yvergrep i ung alder. Salander er dessutan er skruppellaus datahackar som ikkje gjeng av vegen for å svindla kvitsnippbrotsmenn for pengar.

Då Jan Gullieu gjekk sterkt ut og gjorde den avdøde Larsson til lått med eit utspel, vart eg provosert. Eg såg filmen, og det gav utruleg stor meirsmak. Eg enda upp med å lesa ut dei tvo neste bøkene i serien på tri vikor. Eg kort og godt las dag og natt. Dette er bøker som verkeleg grip deg. Ei rad kollegaer, vener og kjende hev dei same røynslone som meg.

Eg sit enno att med spursmålet um kva det er som er so gripande med desse forteljingane. Det vil eg gjerne freista å svara på. Eg startar med handlingi frå den fyrste boki.

Menn som hatar kvinnor

Menn som hatar kvinnor er ei forteljing um eit nærmast klassisk motiv i kriminalitteraturen i dag, incest og yvergrep mot familiemedlemer. Den kritiske og avslørande journalisten Mikael Blomquist hev akkurat vorte dømt for ærekrenkjingar mot forretningsmannen Wennerstrøm. Blomquist hev fleire gonger vist seg som ein suveren journalist med store og epokegjerande avsløringar, men denne gongen hev han gjenge lengre enn det tilfanget hans held.

Det er eit halvt år til Blomkvist skal i fengsel, men han vel likevel straks å trekkja seg frå bladstyret i bladet Millennium. Fyrr han veit ordet av det vert han rekruttert til eit nytt uppdrag. Den rike forretningsmannen Henrik Vanger er no 82 år. Han hev freista fleire gonger å få svar på kvifor brordotteri (niesa) hans Harriet vart burte i 1966. Ho berre forsvann, og sidan hev han aldri sett henne. Heile tidi hev han fenge innråma broderi. Desse innråma broderii fekk han kvart år på fødselsdagen sin frå Harriet. Han skynar ikkje kvifor han framleis fær desse broderii tilsende kvar einaste fødselsdag.

Blomkvist er skeptisk til at han kann greida å få fram nye spor, men han tek på seg uppdraget. Han flytter til Hedeby og tek upp jakti på spor. Det han ikkje veit er at eit tryggjingsfirma som Vanger-konsernet og Henrik Vanger nyttar hadde tilsett Lisbeth Salander til å driva undersøkjingsarbeid på Blomkvist. Ho held fram med å yvervaka Blomkvist og framdrifti i arbeidet hans.

Eit hovudproblem i etterforskings- og granskingsarbeidet av Harriet-saki er korleis ein skal tolka nokre namn med nummer etter seg. Det er ikkje telefonnummer eller andre tenkjelege nummer. Politiet hev freista å snu upp ned på alle desse nummeri, men dei hev ikkje kome fram til nokor meiningsfull løysing.

Det er no at Lisbeth Salander slær til. Ho tolkar namni og nummeri som sitat frå bibelen, og då teiknar det seg eit interessant bilete. Kva um dei einskilde personane er drepne etter instruksjonar frå mosebøkene? Blomkvist vert fascinert av denne tolkingi som han fær frå Lisbeth som heile tidi hev hacka seg inn i datamaskina hans.

Han greider å spora upp Lisbeth og kjem heim til henne. Han formanar henne um å hjelpa han i å etterforska saki vidare. Og Lisbeth flytter inn hjå Blomkvist i Hedeby. Der byrjar dei å få på plass eit mynster. Det viser seg at ei rad kvinnor som stemmer med nedteikningane i Harriets dagbok hev vorte myrda på ulike stader i Sverike. Sakene hev aldri vorte uppklåra.

Etterkvart som Blomkvist og Salander reiser frå mordstad til mordstad, fær dei på plass eit mynster i mordi. Det interessante er då kven som hev motiv og kann ha vore på mordstaden kvar einaste gong. Dei mistenkjer nokon frå Vanger-familien og byrjar å undersøkja saki frå den vinklingi. Medan Selander gjeng gjenom rekneskapspermar, er Blomquist på innbrotsraid hjå Harald Vanger. Han vert avslørd, men berga av Martin Vanger som tilfeldigvis er på same stad.

Då Blomkvist fortel um granskingane til Martin Vanger, vert han neddopa og vaknar upp i Martin Vangers personlege avrettingsrom. Her fær han vita at Martin likar å drepa kvinnor som ingen saknar. Han lærde det av faren Gottfried Vanger, men Martin slær samstundes fast at han ikkje drap Harriet, det fekk han ikkje høve til, segjer han.

Akkurat då Martin er i ferd med å drepa Blomkvist kjem Salander. Ho fær jaga Martin og frigjort Blomquist. Ho fylgjer etter Martin Vanger på motorsykkel. Bilen til Martin vert ustødug av di han gjer alt for at Salander ikkje skal taka han att. Til slutt fer han utfor vegen, og bilen eksploderar og brenn upp.

Men saki er ikkje uppklåra enno. Blomkvist slær fast at Harriet ikkje kann ha vorte drepen av Martin. Salander finn ut at det var tvo med namnet Anita Selander. Den eine er død, men den andre er det noko uavklåra med. Det fører Blomkvist til Australia der han finn Harriet. Det viser seg at Harriet vart valdteken av gamle Gottfried og Martin. Ho kom seg undan Gottfried, men han fylgde etter, og det enda med at ho måtte slå han i sjøen med ei åra. Gottfried drukna i samband med den kampen som var millom han og Harriet. Martin var vitne, og Harriet var i ein pressa situasjon. I fyrste umgang var ho heldig, for Martin vart sendt på skule langt burte, men då han kom heimatt fekk ho panikk og flykta og hev vore på rømmen heilt til Blomkvist fann henne i Australia.

Blomkvist hev no kome til den tidi då han skal sona for ærekrenkjingane imot Wennerstrøm. I fengsel fær han upplysningar som Selander hev hacka seg fram til. Tidi i fengselet vert nytta til å taka det uppgjeret med Wennerstrøm som han mangla upplysningar til fyrr. Samstundes med at han skriv um Wennerstrøm, viser det seg at ei kvinna hev greidt å taka ut store pengesummar frå ein bank der Wennerstrøm hev pengar. Blomkvist identifiserar henne som ei utkledd Lisbeth Salander. Her sluttar den fyrste filmen.

Salander er ei svært spesiell dama. Kritikarane hev serleg fokusert på den måten ho hev samlægje på. Det er fort og kontant, og kritikarane hev samanlikna det med den måten ein mann hev sex på. Det er openbert at Salander hev vore gjenom sterke yvergrep, og ho er umyndiggjort i ein alder av 26 år. Det er nokso spesielt.

Me fær ikkje vita stort um bakgrunnen for det, men Salander verkar avstumpa og veldig direkte i alt ho gjer. Ho maktar ikkje å vera personleg. Ho hev fotografisk minne og er ein genial datahackar.

Blomkvist er den einvise og djerve etterforskande journalisten med ei lang og solid fortid som journalist. Heile redaksjonen på Millennium likar han. Han er hendig for Salander som ikkje likar å stå fram og fortelja det ho veit. Ho legg berre fram fakta og maktar ikkje å samtala med folk. Ho stikk undan kvar einaste gong politiet kjem, og det er Blomkvist som med si logne ro kann greida upp i slike saker. Han er heilt tydeleg ein mannstype som Salander ikkje hev vorte serleg kjend med. Ein stødug mann som ikkje berre er i interesert i å misbruka henne eller prata pjatt. Det er ho som tek initiativ til samlægjone, og han bryr seg i utgangspunktet lite med det heile.

Gjenta som leika med elden

Her møter me Lisbeth Salander på ferie i Karibien. Etter at Wennerstrøm-saki var avslutta hadde ho nær kontakt med Blomkvist, men so fekk ho nok. Me fær ikkje vita so mykje um kvifor, men ho umtalar Blomkvist som ”Kalle jævla Blomkvist” både her og seinare i boki. Kor som er Salander hev vorte rik. Det gjer at ho kann leva godt og gjera det ho vil. Og slik vert det òg. Ho reiser umkring og uppheld seg kvar ho vil. Då ho vert utsett for eit tropisk uver, vert reiselysti mindre.

Samstundes med at Lisbeth er på reisefor arbeider Millenium med ei sak som gjeld menneskesmugling. Ein sjølvstendig journalist hev grave fram ei unik sak som råkar mange personar i ulike lag av samfundet. Saman med kona si hev han solid dokumentasjon. Ho skal disputera for doktorgraden, medan han skal gjeva ut bok, samstundes med at det kjem ut eit temanummer av Millenium.

Midt uppe i dette kjem me inn på eit sidespor frå den fyrste boki. Lisbeth Salander hev ein lang vond historikk i høve til offentlege styremakter. I trettanårsaldaren freista ho å taka livet av faren sin som mishandla mori. Seinare vart ho sperra inne på psykiatrisk sjukehus. Deretter vart ho sett under formyndarskap og er formelt sett framleis umyndig i ein alder av 26 år. Då verjen hennar Henrik Palmgren vert ålvorleg sjuk, vert ho tildelt ein ny verje, advokat Bjurman. Bjurman viser seg å å vera ein pervers gris. Han valdtek Salander, men Salander fær filma det eine yvergrepet. Deretter yvermannar ho Bjurman bind han og viser han filmen. Ikkje nok med det ho brukar utstyr til å tatovera inn ein inskripsjon på magen hans som segjer at han er eit sadistisk svin og ein valdtektsmann.

Gjennom datahacking greider Salander å halda Bjurman under uppsikt. Bjurman er desperat. Han vert sjukemeldt, og vert ekstremt uppteken av å finna ut alt han kann um Salander. Slutten på Bjurmans forteljing kjem me til når han hev funne ein person som hev same grunn til å hata Salander som han sjølv.

Blomkvist og menneskesmuglarjournalisten samarbeider. Dei kjem svært nært innpå noko mystisk som dei ikkje skynar noko av når namnet Sala, dukkar upp. Dette skal vera ein mystisk person som opererar i grenselandet millom menneskesmuglarane. Ingen veit kven han er, men fleire personar veit at dette er ein sentral person.

Saki tek ei ny vending då Salander hev kome attende til Sverike og vitjar menneskesmuglarjournalisten og kona hans. Det endar med at journalisten tek ein telefon til advokat Bjurman. Bjurman og ekteparet vert kort tid etter funne drepne av Mikael Blomkvist.

Etter kort tid vert det klårt at Lisbeth Salander kann ha spela ei sentral rolla i høve til mordet. Lisbeth vert etterlyst av politiet og hengt ut i pressa, men held seg i dekning i Stockholm likevel.

Blomkvist og Salander byrjar å nysta i saki frå kvar ein kant. Det vert etter kvart klårt at Sala er far til Salander. Han er ein avhoppa russisk GRU-agent. Det vart difor viktig å leggja lok på saki med Salander som vilde drepa faren. No er Sala menneskesmuglar. Han er ein mystisk bakmann som saman med Salanders halvbror, ein av mange i ulike land, driv med smuglingi. Halvbroren til Salander er den tyske Niedermann. Niedermann er tvo meter høg. Han hev tvo mystiske syndrom som gjer at han for det fyrste ikkje kann kjenna smerte, og for det andre at han hev utruleg sterk beinbygning. Det gjer at han er ein svært vanskeleg mann å nedkjempa i slåstkampar.

Me vert kjende med dette ”monsteret” gjennom at han kidnappar Salanders veninna, Miriam. Proffboksaren Paulo Roberto skal frigjera Miriam, men sjølv ikkje ein boksar i verdsklasse er nok til å nedkjempa Niedermann, men gjennom hjelp frå Miriam greider Roberto til slutt å få Niedermann i golvet, men båe tvo hamnar på sjukehus med store skadar etter at dei greider å flykta.

Gjenta som leika med elden endar òg med ein durabeleg serie av vald då Salander møter faren og Niedermann. Faren vil drepa Salander. Han fær yvermanna henne. Niedermann og Sala fær gravlagt henne levande med tri skot i kroppen, men tri skot og å verta gravlagt levande er ikkje nok for Lisbeth Salander. Ho kjem seg upp att av gravi og attende til garden der faren og Niedermann uppheld seg. Der gøymer ho seg i eit skur. Då faren kjem fær han ei yks i andletet og skulderi og vert sett ut av spel. Niedermann fær sjokk når han ser Salander. Han trur det er eit spøkjelse og stikk av. Salander kravlar seg inn i gardshuset.

I millomtidi hev Mikael Blomkvist kome seg fram til gardsvegen. Han møter Niedermann på vegen og greider utruleg nok å binda og ufårleggjera kjempen. Han held fram til garden. Der finn han Salander og fær tilkalla luftambulanse. Her sluttar boki um gjenta som leika med elden.

Den andre boki gjev seg altso på høgdepunktet. Det er eit forrykande tempo i denne boki. Det er vanskeleg å fylgja med og mange trådar vert hengjande i lause lufti gjennom forteljingane. Mykje av skildringi gjeng fyre seg i tankane til Salander og til Blomkvist og for den del i tankane til andre personar. Det er nesten ufråkomeleg å måtta hoppa yver nokre detaljar som seinare kann syna seg å verta viktige.

Det er verd å merka seg at miljøskildringane dekkjer alt frå motorsykkelmiljø, skildringar av folk som lever i gråsona til å vera kriminelle og folk som lever godt på innsida av eit kriminelt miljø. Tilhøve millom politi og pressa kjem i søkjeljoset både her og i neste bok.

Medan den fyrste boki i liten grad tek upp tilhøve som gjeld Salander, byrjar bok nummer tvo å byggja upp ein sympati for Salander som etter kvart skal verta sterkare og sterkare. Salander utviklar seg derimot lite. Me vert meir kjende med henne, men ho er den same asosiale og servorne personen, trass i at ho vågar å taka ein brjostoperasjon, fær sett Henrik Palmgren under den beste helserøkt ein kann få for pengar og opnar seg upp for einskildpersonar då ho er på ferie i Karibien.

Temaet i denne boki vert litt vanskeleg å krystallisera ut av di det er berre ein del av ei forteljing som held fram i neste bok. Men ein kann kannhenda lesa boki som ein kriminalroman. Niedermann vert avslørd som mordaren og fanga av Blomkvist. Kannhenda er det råd å lesa inn menneskesmugling som tema, men dette er fram for alt ei millombok. Det er etter at ein hev lese bok tri at ein kann byrja å nysta trådane saman. Det ein kor som er kann slå fast er at høgdepunktet i heile trilogien truleg ligg ein stad millom bok tvo og tri.

Luftslottet som vart sprengt

Når me kjem yver til bok tri er Salander og faren hennar komne på sjukehus. Faren kann fort koma til å verta eit trugsmål mot den veike Salander. Salander hev trass i alt vore igjenom ein operasjon i heilen, der ei kula måtte fjernast. Politiet er interesserte i å snakka med dei båe. På toppen av det heile greider ein inkompetent politimann å sleppa laus Niedermann som svarar med fleire drap.

I denne boki stend konspirasjonen mot Salander fram for fullt. Då Salander var 13 år vart ho innesperra på psykiatrisk klinikk. Der låg ho fastspent på ei seng i 388 døger. Psykiateren Trelleborian hadde fenge instruksar frå ei eigi deild innanfor tryggjingspolitiet um korleis Salander måtte haldast ute av spel. Mot alle prognosar greidde Salander å koma seg ut frå klinikken. Den nye styraren på klinikken greidde å få henne ut, utan at Trelleborian kunde hindra det. Salander var i fleire fosterheimar fyre ho møtte Henrik Palmgren som vart formyndar for henne. Palmgren sytte for at ho kunde få eit normalt liv med stort sjølvstende, og han hjelpte henne med å få jobb hjå Milton Security, eit firma som arbeider med å installera tryggjingsalarmar og å skaffa folk tryggleik på andre måtar, millom anna gjennom livvakter.

Tryggjingspolitiet hadde stor nytte av Sala fram til den kalde krigen tok slutt, og det var svært viktig for dei å halda han gåande og i løynd under den tidi. Etter at den kalde krigen tok slutt hev det viktigaste vorte å kamuflera det som skjedde og hindra at deildi deira skal verta nedlagd. Kjem soga um Salander ut, vil dei verta avslørde og ikkje ha nokon sjanse til å stogga nedleggjingi av deildi.

Det er soleis viktige interessor på spel for det som Blomkvist etter kvart kallar for Salaschenko-klubben (frå no av klubben). Klubben hev fleire pensjonerte medlemer som hev engasjert seg periodevis. Det er tvo av desse som tek komandoen når det tek seg upp. Den eine skyt Sala, fyre han skyt seg sjølv. Men trass i at denne mannen skyt seg, er det ingen som greider å avsløra klubben, fyre Blomkvist kjem inn i eit samarbeid med PST. Gjennom systematisk yvervaking og ein del hell, greider PST saman med det vanleg politiet i løynd å avsløra dei sentrale personane i klubben, utan at dei sjølv vert klår yver det.

Det siste er vesentleg, for det gjeng seg til rettsak mot Salander. Ho vert skulda for ei rad mindre kriminelle tilhøve. Det er ikkje det viktige, derimot at klubben trur dei skal lukkast i å få åklagaren til å gå inn for å gjera Salander utilrekneleg og få henne inn på psykiastrisk klinikk. Soleis er det viktig at Salander fær hjelpesmenn som kann arbeida i fred og ro.

Leidaren for Milton Security, Mikael Blomkvist, Blomkvists syster Anna Giannini og Henrik Palmgren utgjer etter kvart eit lag som arbeider for Salander. Dei gjer det dei kann for å få ut den sanne historia um det som hev hendt med Salander. Blomkvist skriv ei heil bok um Salander og dei kreftene som hev stade bak henne, samstundes som at han skal gjeva ut menneskesmuglarboki til venen sin, og i tillegg skal det koma ut eit spesialnummer av Millenium og ein fjernsynsreportasje som syner fram konspirasjonen mot Salander.

Ikkje nok med dette Salander hev hackarvener som driv med spaning millom anna på åklagaren. Dei hev òg saman med Salander avslørd at Trelleborian hev ei datamaskin full av barneporno.

Då rettsaki nærmar seg vert klubben desperat. Dei prøver å planta dop heime hjå Blomkvist og deretter på å drepa han. Drapsfreistnaden fører med seg ein knekt fingar, men elles greider Blomkvist seg etter måten godt.

Dei siste hundre sidone er nærmast ein parademarsj i høve til at det meste gjeng gale for klubben og alt gjeng Salander og Blomkvists veg. Høgdepunktet er definitivt då Trelleborian som er hovudvitne må forlata vitneboksen og vera med politiet. Domaren må slå fast at han aldri hev upplevt at hovudvitnet til åklagarsida hev vore nøydd til å forlata salen under ståande rett. Fyre Trelleborian må forlata salen, hev han vorte fullstendig vengjeklyppt av advokat Giannini.

Saki mot Salander fell fullstendig frå kvarandre. Salander vert frikjend og myndiggjort. Salander må til politforhøyr, men endar upp med å forlata Stockholm for å reisa til Gibraltar for å undersøkja korleis det gjeng med ein mann som ho hev sett til å røkta milliardformua si.

Då Salander kjem heimatt fleire månader seinare, fær ho vita at ho hev eit arveuppgjer knytt til faren. Ho reiser ut til ein av eigedomane hans. Der uppdagar ho Niedermann. Niedermann vil drepa henne, men Salander greider å få spikra føtene hans fast til eit golv. So forlet ho han og ringjer motorsykkelmiljøet. Dei kjem til staden, og Salander ringjer politiet. Etter dette levendet kjem Blomkvist på vitjing til Salander. Salander tek imot han. Ho hev vore sjalu på at Blomkvist hev havt fleire kvinnor enn henne, men no let dette til å ha roa seg ned.

Temai som umsluttar denne trilogien er vald og yvergrep mot kvinnor, men òg yvergrep frå byråkratiet mot einskildborgarar. Larsson var ein mann som var uppteken av demokratiske rettar og rettferd. Sjølv um forfattaren heilt klårt stod på den sosialistiske sida av samfundsdebatten, kann ein ikkje segja at bøkene vert eintydig merkt av dette.

Det er det som gjer at kritikken frå Gullieu vert småleg. Gullieu hev gong på gong konstruert politiske komplott som berre verkar langhenta og urealtiske. Ein kann nærmast tenkja seg at han er meir uppteken av å få fram dei rette meiningane heller enn av samanhengen i sogone sine. Gullieu må òg finna tøffe heltar med politisk korrekte haldningar. Politifolk er som regel og av natur vondkynde i manusi hans. Larsson er utan tvil langt meir reflektert og i stand til å setja saman vanlege folks liv på ulike nivå. Det er klårt nok at hackaren og milliardæren Salander gjeng vel langt yver i fiksjonen, men me er viljuge til å kjøpa ei slik historia, sidan det er underdogen som stend mot dei etablerte.

I boki og fjernsynsserien, Fiendens fiende som er sentral i forteljingane um Carl Hamilton, sviktar realismen etter mitt syn. Det er meir realistisk at ein hackar greider å svindla til seg milliardar av kronor enn at ein gjeng nynazistar skulde ha interessa av å driva terror mot eit forsvarsmøte. Når Gullieu itillegg vil ha det til at den sovjetiske ambassaden gav agent Hamilton ein høghangande medalje for innsatsen mot nynazistane av di nynazistane vilde setja i gong att den kalde krigen, hoppar eg av. Dette er ein uppkonstruert fantasi av ein utanrikspolitikk og ikkje noko som det er mogleg å forstå for vanlege folk.

Det derimot alle skynar er kor vanskeleg det kann vera å handtera byråkratar som rottar seg saman um å fylgja regelverket og verna um feil dei hev gjort i arbeidet med einskildpersonar.

Den fjorde boki til Larsson skal liggja fyre i manusform. Um me nokon gong vil få sjå henne, høyrer framtidi til. Familien ynskjer ikkje å gå ut med henne no. Men det er ingen tvil um at gruppa av menneske som hev lese milleniumstriologien er so stor at kravet og ventnaden um meir er stor og ikkje minst ventar dei mange lesarane på å få sjå dei tvo siste bøkene på film, so ingenting kann segjast å vera endeleg avgjort enno. Eg gleder meg kor som er til september, då film tvo hev premiere.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!