Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Språkteigens prioriteringar

Av Tore Lund

Dei ti spursmåli nedanfyre hev eg tri gonger sendt inn til NRK sitt Språkteigen-program i P2. Og alle tri gongene: Ingen reaksjon. Dette undrar meg, av di eg veit at dette er spursmål som vil interessera mange språkinteresserte. Endå meir undrar det meg når eg høyrer alle dei likesæle og meir eller mindre toskute spursmåli som lydarane sender inn! So no let eg lesarane åt Målmannen få sjå på spursmåli mine:

Ti spursmål um korrekt målbruk:

1. Kvifor heiter det på dagsens nynorsk ein «leiar» utan d? Kva er gale med «leidar» når det er lov å skriva «heider»? Det er ikkje noko argument at i nynorsk skal d'en som regel ikkje uttalast millom tvo vokalar. Ordet kjem frå gamalnorsk leida. Og i dette høvet avvik den nynorske ortografien frå bruken i andre germanske mål. Bokmål og dansk «leder», svensk «ledare», tysk «Leiter» (her er ein upphavleg d vorten til ein t).

2. Kva er den språklege grunngjevingi for forbodet mot tvo m'ar i slutten av eit ord? Infinitiv «å komme» (tvo m'ar). Men imperativ «kom!» (èin m). På eit germansk mål som tysk er det heilt OK å avslutta med tvo m'ar. Her heiter imperativet «komm!»

3. Me skriv substantivet «musikk» med tvo k'ar, men adjektivet «musikalsk» med èin k. Tilsvarande: «teknikk» og «teknikar». Dette for skuld ulik framtoning i dei tvo ordformene. Soleides skriv me «semitt» med tvo t'ar og «semitisme» med èin t. Eller gjer me ikkje det? Kvifor i all verdi skal ordet stavast «semittisme» med tvo t'ar? Her er då framtoningi flutt yver til nest siste stavingi! Då kunde me like godt ha skrive «musikkalsk» med tvo k'ar. Jamfør substantivet «plass» og verbet «plassera», som tidlegare vart skrive «plasere» med èin s.

4. A propos nyårsfeiringi: «En mann bragte rakettene på plass, og dermed brakte det løs» (Kursivert ord nummer tvo kann ogso heita «braket»). Det fyrste av dei tvo kursiverte ordi vert uttala med stutt a og det andre med lang a. Men no er det ikkje lenger nokon ortografisk skilnad på dei tvo ordi, båe skal stavast brakte, endå både uttala og tydingi er ulik. Tidlegare vart imperfektum av å bringa stava bragte med g, dette som ei logisk fylgja av at både infinitiv og presens bringar ein g med seg. Kva er fyremunen med å viska ut skilnaden millom bragte og brakte. Ein fyrte (brakte) vel ikkje av rakettane for tidlegt? Og dimed skulde alt vera sagt. Eller kanskje sakt?

5. I vermeldingane både på TV og radio høyrer eg stødt sokalla nynorskbrukarar som talar um lavtrykk. Eg trudde det skulde heita lågtrykk på korrekt nynorsk? Um det framleis eksisterar noko som heiter korrekt nynorsk, då!

6. «Anbeheitelse»-ordi er framleis ikkje heilt gangføre i nynorsk (men berre vent...). I bokmål hev me til dømes ordet uttalelse, som på korrekt nynorsk heiter fråsegn (å segja frå). Kor som er, no er nynorsk vorten fin på det og skal knota etter bokmålet. Men for å sleppa -else hev noko fenge ein alle tiders idè: Fråsegn vert til uttale! Men ei uttala er då slett ikkje det same som ein uttalelse. Ein person kann til dømes godt koma med ein uttalelse, jamvel um han hev dårleg uttala. Men på nynorsk skal altso denne språklege skilnaden viskast ut. Verst for nynorsken!

7. På nynorsk heitte det tidlegare millom anna kvefs, kvelp, kvervel, korkje. Men no tykkjer visst nynorskforkjemparane at det læt finare på bokmål: hveps, hval, hvirvel, hverken. Dessutan var det visst urimelegt å krevja at alle vilkårssetningar på nynorsk skulde innleidast med konjunksjonen dersom. Nei, i demokratiet sitt namn som må jamvel hvis kunna nyttast!
Men då fær me eit problem, for ingen kvanlege nynorsk ord tek til med kombinasjonen hv. På nynorsk byrjar dei som kjent med kv. Men problemet let set lett løysa: Me sløyfar berre h'ane, og vips hev me både veps, valp, virvel, verken og viss. Men me kann då ikkje skriva dei same ordi ulikt på bokmål og nynorsk (kvifor ikkje, forresten?). Og difor lyt den nye rettskrivingi gjenomførast for bokmål med. Men vert ikkje dimed viktuge tydingsskilnader viska ut? «For viss det er slik, kan jeg verken være viss på om de snakker om verken i hodet mitt eller noe annet!» Og held utviklingi fram, so heiter det kanskje på nynorsk ein dag at «det du viska i øyra mitt, det hev eg no viska ut på papiret». Men til all lukka heiter det framleis kviskra på nynorsk. So lenge det varer!
Samstundes held dei fleste hine hv-ordi på bokmål fram i same form som tidlegare. Men kvifor denne skilnaden i skrivemåte? Me kunde då gjera som svenskane, som for yver hundrad år sidan kvitta seg med alle desse stumme h'ane. Svenskane skriv då vem, vad, vilken, vila, vit osv. Dessutan hadde det kanskje vore ein fyremun um dei tri nordiske broderfolki i størst mogleg mun stava sams ord likt?

8. Eg høyrer stødt i radio og fjerrsjå at namni Kyrre og Ketil vert uttala med k-lyd i staden for kj. Det er berre skrivemåten Kjetil som vert uttala rett. Og når skal norske operaelskarar slutta å stava Wagners «Die Walküre» på dansk vis som Valkyrien, uttala med k-lyd og framtoning på y-en? Det heiter då ei valkyrje på norsk, uttala med kj-ljod og framtoning på a!
Kvifor er det forresten forbode å skriva «Kjyrre»? Jau, av di «i-en og y-en gjekk ein tur til byen, på vegen fekk dei j-en sjå, men vilde ikkje med han gå», lærde me på skulen. Men me brukar då elles kombinasjonen kj framfor andre konsonantar. Kvar er logikken? Det er då nett denne inkonsekvensen i stavemåte som er årsak til den ovanfor nemnde bisnelege ranguttala.
Men svenskane og danskane er meir fylgjerette. Hjå deim byrjar tilsvarande ord i skrift med einfeld g eller k som på gamalnorsk, jamvel um ordi på svensk (til liks med norsk) vert uttala med kj eller j i byrjingi: kyrka, kära, köra og göra, gärde osb. So her lyt me norske passa på å ikkje fornærma svenska når me uttalar namni Göran og Gösta.
Helder ikkje fyre diftongen ei er j godteke. Me skriv geit og geipe, men me segjer «jeit» og «jeipe». Men me skriv eit kjei. Jamvel um kjeiet verkar litt keitete utan h! Samstundes lyt me passa på å ikkje fornærma ibuarane i Geirangen og på Geilo. Men mest sannsynlegt fornærmar me ikkje Gisle og Gyda av di det hev vorte vanlegt å uttala namni deira rangt. I forbifarten minnar eg um at det i år er hundrad år sidan komponisten Geirr Tveitt vart fødd. Og han var svært kontant på at fornamnet hans skulde uttalast som «Jeir». Jamvel um NRK sin praksis var ein annan.
Substantivet jente vart tidlegare skrive gjente med g av di det er avleidd av verbet å gantast (skjemta, fjasa). No er g'en teken burt. Men altso framleis med i ord som gjeng, gjennom, gjerne, gjest, gjete. Kvar er logikken?

9. I bokmål møter me stødt sambandet «de som», sjeldan «dem som», anten pronomenet er subjekt eller ikkje. Men me kann då ikkje segja «du sa til jeg som», «vi møtte du som», «han så vi som». Og i språk som hev kasus, som gamalnorsk, tysk og latin, kann pronomenet ikkje standa i nominativ um det ikkje er subjekt. No er eg klår yver at formi «dem» til liks med «ham» er på veg ut or språket, men den ovanfor nemnde bruken ser eg jamvel hjå skribentar som eller nyttar både «ham» og «dem».
Det er vorte meg fortalt at i sambandet «de som» kann «de» reknast som påpeikande pronomen. Jamfør engelsk «I told those who». Men danskane segjer konsekvent «til dem som» og svenskane «til dom som». So til «dem som» er samde med våre broderfolk, vil kanskje Språkrådet segja at det er «dei som» tek i miss?

10. Til slutt: Kva slags reglar gjeld for um eit ord skal slutta på -nd eller nn? Til dømes ordet grunn, som på alle dei hine germanske måli hev -nd. Dansk, svensk, tysk: grund, nederlansk: grond, engelsk: ground. Kanskje mitt etternamn burde skrivast Lunn?


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!