Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Glimt frå eit par nordfjordske ættleder

Av Trygve Orheim

For eit menneskjebarn å veksa opp i ei typisk nordfjordbygd, kunde vera ein god start-posisjon.

Sjølv er eg komen frå Jensgarden i den vesle livskraftige Orheims-bygda i Stårheim i Nordfjord (Bisp Nikolas Arneson sitt heimlege rike).

Heimen som mine foreldre skapte for seg og sine sju born, var sterkt merkt av dei strenge kristendoms-rørsler som gjekk yver dei vestlandske bygder i dei dagar. Og i den samanheng kann det nemnast at dei hadde eit sers godt lag med å få si religiøse uppfatning til å gå hand i hand med dugande utøving av fag og yrke, Johanne og Hans, som mine foreldre heitte.

Garden var um lag middels stor og sers grøderik. Som til dømes å dyrka tomatar på friland gjekk rettelegt fint. Og det er nok ikkje alle stader det er råd å få til.

Bestefar var ein iherdig kar som stødt dreiv og dyrka jord. Men han hadde fruktdyrking og skogplanting på programmet. Han gjorde soleis ein ypparleg innsats for garden si framtid, med sine til dels hemesmidde reidskapar i neven.

Han var frå garden Høynes, som ligg litt lengre ute i bygdi. Og på Orem (som bruket då heitte) gifte han seg til både jorda-taus og gard. Som skikken då var tok han namn etter farden. Men fyre det heitte han Peder Hansen Høynes. Ættfar hans kom i frå Skottland. Årstalet skulde vera 1602. Det vert sagt at han var handtverkar. Og ein kann lett tenkja seg at det var smed han var. For han var ein dugande smed; og alt sidan hans dagar hev karane der på garden havt godt handelag med jarnet. Det måta seg bra til for ættfaren deira. Han laut sikkert ha bra øyra for språk. Utan dei turvande kunnskapane på dette umkvervet, hadde han vel ikkje kome med i embetsstanden, for dei sette honom til å vera lensmann. Og det gjekk visst bra. For i ettermælet hans stend det millom anna at ”[h]an var ein streng, men særs avhalden mann”. Etterkomarane hans, som tok yver garden, vart som fast regel skulemeisterar. Det var visst det lærarane vart kalla, noko att i tidi. Men karane i denne ætti var noko meir med. Dei var nokre rett skarpe bjørneskyttarar. Rekorden for ein av dei var 34 bamsar, ”alt från börjon och till slutet”. Snakk um å ha sine ”sylar i hatten”!

Han besten var elles ein heil kar på sjøen. For på den tidi var det rike torskefiske vinstrane i havet som leika kring dei ytrenordfjordske strender. Og Peder Hansen laut finna seg i høvedsmannsjobben.

Far tok sine tørnar på sjøen, han med. Men han var ein sers dugande bygningsmann. So med kvart vart det husbyggjing med honom, attåt gardsdrifti. Elles hadde han det som faren. Han laut ha eit jordstykkje under uppdyrking, skulde han kjenna seg vel. So eit prosjekt som han hadde emna på ei stund gjekk han laus på. Det var ei myt på ca. 4 mål og stappfull av digre furerøter. So her vart det stubbebrytar som vart den viktugaste reidskapen. Dertid var god trekkraft noko som måtte til.

Me hadde ei nett og fin ulsblakk merr, den meinte far var for lett til dei aukande arbeidsuppgåvone på garden. Og etter som han hadde fenge spurlag på ei stor og sterkbygd merr inne i Loen, hjå ein bonde som heitte Mons Loen. Henne kjøpte han. Og dette var eit heldigt kjøp. Vel vand med all slags arbeid som ein øyk brde ha kjennskap til. Dertil påitande og godlynd. Men ho hadde ikkje vore utstilt, det ”grov” gamleguten. So når hausten kom, hadde han meldt henne inn til den årvisse utstillingi på Nordfjordeid.

Nå-ja, dette var då i fyrste rekkje eit arbeidsdyr og dertid hadde ho føl som saug på seg. So ho var ikkje nedlesst med kjøt slik som dei talrike konkurrentane hennar var. Premigraden vart dimed tridje. Men alle som var på utsillingi såg at dette i realiteten var ei andrepremiemerr. Dette tykte visst domarane òg. Dei kalla henne i alle fall inn att i ringen for nærare studium. Men ho var for ”tynn” for å koma høgre. Men klok var ho. Ho lærde i alle fall meg å køyra.

Peter, eldste bror min, reiste til Canada. Medn nr. 2, Magnus, hadde prøvd seg som pelsuppdrettar eit års tid. Dette var noko han kunde tenkja seg å taka fatt på for ålvor. So dimed sette far og han i gong med å byggja eit anlegg for pelsdyravl. Dette vart Magnus si verksemd og fekk anmnet Orheim Sylvrevgard.

Alt frå fyrste året gjekk det bra med dette tiltaket. Og det fjorde det fyrste hausten på utstilling, med godt sal av alsdyr. Revegarden vart med kvart ein god stydjespelar for gardsbruket.

Stovehuset i Jensgarden tok med kvart til å få noko mykje aldrar og elde yver seg. So ein haustdag eg kom att frå skulen i 1935, var vaksnekarane byrja grava ut tomt for nyehuset. Eg var då 10 årm so det vart ikkje rare innsatsen av meg med hakke og spade. Men dei eldre brørne mine vart med kvart noko i retning av timbermenner. Berre far fekk lært dei upp. Å få læra seg å ”nova”, det er å skjera til stokken i hus-hyrni, var ein viktug jobb. So det måtte lærast og det skikkelegt, må vita. Elles vart huset rett bra, det. Med tri stovor i lengdi og tri sokalla ljosarker på eine sida og ei litt større dimensjonert ei på hi.

Med ei nyvølt driftsbygning, eit fint stabbur og nytt våningshus var Jensgarden upphyst so det heldt vanleg bra standard. Men endå um det gjekk rett bra i revegarden, og det vart nøgdi med eple år um anna, so var det mjøl- og kjøtproduksjonen som var det viktugaste. Det vart soleis halde storfe-sjå i alle bygder i fylket tridjekvart år. Og hugsar eg ikkje rangt, vart det halde storfe-sjå i Stårheim våren 1936. Dette var kanskje ikkje det heldigaste året for oss, for på det tidspunktet hadde me berre tri vaksne kyr. Men so var det då tri rettelege drusor, ljosgrå på farge og mest heilt like med lange, elegant bøygde horn. Og premigraden vart den andre. Og eg torer nemna at dei var rett staselege i solskinet der dei med sine raude sløyfor vart uppstelde for fotografering.

Elles hadde me ein del ungfe, av desse tri kvigor som skulde kalva til ahusten, so dei kunde ikkje få meir enn tridje premi. Og det fekk dei.

Um det tusla og gjekk bra på heimlege kantar, var det nok ikkje sikkert at alt var trygt og vel og bra ute i verdi. Og vakse folk, serlegt dei som hadde upplivt fyrste heimskrigen, vart meir og meir tenksame. Dertil var dei samde um at her måtte dyrkast meir korn; mykje meir korn. Trylegt vart det krig. Tonen ein viss diktator bruka i samtalor med sine grannar kunde tyda på litt av kvart.

Og so ein dag me var av garde og las for presten, kunde radioen melda um at det var krig i verdi. Det vdistrekte, men nokso hjelpelause Polen, var offeret. Og presten som sjølv dreiv Eid prestegard som den fullblods bonden han var, var sers ålvorsam i tala si til oss på denne dagen.

Ein ny epoke var no vakna til live, ny og uhugeleg vond på alle vis, var byrja si vandring yver verdi.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!