Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Kjernesaker

Av Lars Bjarne Marøy

Kva er kjernen i målsaki? Dette spursmålet dukka upp då ein kjend målmann ikkje vilde tinga Målmannen. Bladet held seg ikkje til kjernen i målsaki, heiter det seg visst millom sume målfolk.

Dette med kjernen i målsaki burde vera nokso lett å gripa tak i. Det fyrste er alt som hev med sjølve målet å gjera. Det næste må vera å få målet utbreidd på alle umkverve.

Det absurde med målsaki er at ein sjeldan fær høve til å lyfta augo yver diskusjonane kring målet og korleis målet skal sjå ut. Attåt dette kjem det at dei som meiner noko um målet som regel hev klåre ideologiske yvertydingar som dei fører yver på målet og på korleis dei vil at målet skal sjå ut og på kva måte målet skal nå ut til nye brukarar på.

På 1800-talet var målsaki og målmennene liberalistar og romantikarar. Då var merkeleg nok målet etter måten einskapa. Seinare, og serleg etter di sosialismen hev gjort seg gjeldande millom målfolk, hev målet vorte meir uppkløyvt. Ein skulde tru at det var liberalistane og romantikarane som vilde kløyva upp målet med ulike rettskrivingar, men det er snarare rasjonelle sosialistar som hev gjort at målrørsla hev vorte til ei rørsla med so mange rettskrivingar at det i fyrste umgangen ikkje hev late seg gjera å taka ei samla uppgjerd med samnorskdragi i nynorsken.

Dei som ropar høgast um tvang når det gjeld å halda uppe fridomen for målføri er samstundes i fleire høve dei som vil ha so mykje tvang som råd når høgnorskformene evt. skal ut or nynorsk rettskriving.

Andre samlar seg um midstraums-nynorsken og meiner tydelegvis at andre spursmål enn rettskriving er viktigare for målsaki.

Det er desse sistnemnde kritikarane av Målmannen som det er interessant å sjå nærare på. Dei hev tydelegvis lyft augo frå rettskrivingsspursmålet. Når dei meiner at Målmannen tek upp spursmål som ikkje gjeld det sentrale i målsaki, må ein spyrja seg:?Finst det serlege saker som alle målfolk skal eller må interessera seg for?

Utfrå det eg sette upp som dei tvo viktigaste måli for målsaki, må eg segja nei. Tvert imot vil ei slik tilnærming koma på kollisjonskurs med full utbreiding av nynorsken på alle umkverve. Og det må då vera kjernen i målsaki?

Skal ein forstå målfolk og kannhenda òg me attum Målmannen, må ein difor vidare til ei tridje kjensgjerning som vel neppe er kjernen i målsaki, men som likevel ser ut til å vera vandsleg å lausriva frå kjernen i målsaki. Det er likt til at mange målmenner hev ein sams ide um at målsaki er ei sak som må samla saman visse trådar gjenom historie og samfundssyn og kann henda òg gjenom gransking av norsk mål.

Målsaki hev i grunnlaget sitt vore knytt til ei uppfatning av det norske. Det er vanskeleg å sjå fyre seg nokor legitimering av målsaki utan at ein ser fyre seg ein norsk nasjon som byggjer på sams soga og dei same tradisjonane og liknande. Det vil naturleg nok føra til at mange målfolk vil vera skeptiske til å gå inn i yvernasjonale unionar eller samanslutningar. Difor er nok dei fleste målfolk EU-motstandarar, men høyrer dette til kjernen i målsaki? Mange vil meina det, men djupast sett kann det finnast målmenner som gløder for EU og vil at nynorsken skal vera eit mindretalsmål innanfor EU. Då trur dei at framtidi for nynorsken er berga. Fleirtalet av målmennene trur likevel ikkje på dette synspunktet, og det er ingi rørsla som ber fram dette synspunktet med full tyngd og seriøsitet.

Fleirtalet av målmennene hev òg semjast um at nynorsken skal vera sidemålet for bokmålsbrukarane. Det finst undantak, men det finst ikkje nokor organisert rørsla av nynorskbrukarar som arbeider mot sidemålsstilen.

Ei onnor sak som ligg mange på hjarta er bruk av målføre. Det let til å vera burtimot konsensus i målrørsla um at alle skal kunna bruka det lokale eller heimlege målføret sitt i alle samanhengar. Dette kunde ein òg kalla ein kjerne i målsaki, men dette må då vera beint undergravande i mange høve. Når ein skal bruka nynorsk som skriftmål, må det vera det yverordna at ein rettar talen sin etter det som er sams for brukarane av målet, heller enn å halda fast på det som er avstikkande og berre høyrer til ei liti gruppa av målbrukarar.

Finst det andre kjernverdiar. Ja, målfolk er upptekne av nasjonale symbol som 17. mai, flagg og av å finna fram til sermerkte sidor ved det norske, dei vil som Wergeland finna attende til samanhengen millom sjølvstende i norrøn tid, folkelivet under dansketidi og koma fram til notidi, der alt vert samla i målsaki som eit meiningsskapande prosjekt.

Dette er vel jamt og samt slik målrørsla vil presentera kjerneverdiane sine. Attåt dette kjem det at det finst mange sosialistar i målrørsla som ser kampen for nynorsken som ein strid mot dei leidande samfundskreftene. I den mun dette kann reknast for ein kjerneverdi kring målsaki er det naturleg nok ei undergravingslina, av di det strider mot tanken um at målet skal nyttast på alle umråde. Det kann ikkje harmonera med å gjera kampen mot yverklassa til ein kjerne i målsaki.

Det er innanfor den siste kjernverdien at me i Målmannen truleg kjem mest i konflikt med resten av målrørsla. Me vil ikkje binda oss til å arbeida for eller mot ei gruppering i samfundet. Me vil helder ikkje underleggja oss eit politisk korrekt syn på spursmål som gjeld religion, innvandring eller andre utanrikspolitiske spursmål.

Ei kjernesak i dag sèt frå vår ståstad, vil vera å utbjoda Frp og Høgre i målsaki. Desse partii burde slutta upp um målsaki på sine eigne premissar. I staden for å berre driva arbeid mot sidemålsundervisning, burde dei visa korleis ein kann fremja målsaki ut frå ein borgarleg synsvinkel. Det kann ikkje vera slik at eit politisk parti skal få sleppa undan med å vera mot nynorsken, slik det ser ut i dag.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!