Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Smaklaus Haggis

Av Lars Moe

Snaudt eit halvår er gjenge sidan me tok fyre oss Stavanger-bandet Haggis og melde den siste EP’en deira, “Nation of fools”, og no er gruppa ute med ein ny fullengdar - “The beginning of the end!”

Denne gongen hev den tvilsame Stavanger-gjengen gjort alt “rett”. Ikkje berre hev dei ordna distribusjonsavtala med Indie Distribution, slik at det for fyrste gongen er råd å få tak i plata deira i vanlege platebutikkar (som til dømes cdon.com), dei hev jamvel kutta sterkt ned på alt som minnar um politisk ukorrekte ytringar. Og resultati hev i alle fall ikkje late venta på seg: I flestalle dei store avisone vert bandet for fyrste gongen umtala i rosande ordelag, og med terningkast fem og seks yver heile lina.

Men sidan det vart sagt at “Nation of fools” skulde vera ein smakebit på kva ein hadde i vente når fullengdaren kom, kann eg likevel ikkje segja anna enn at eg kjenner meg litt lurt. Reint musikalsk kann ein ikkje segja anna enn at “The beginning of the end” hev teke gruppa til eit nytt nivå der dei eksperimenterar med ulike stilartar og ikkje lenger like lett let seg klassifisera innanfor nokon etablert genre. Men um bandet musikalsk hev utvikla seg mykje, hev det gjenge hin vegen med tekstmaterialet. Her kann eg ikkje segja anna enn at Haggis langt på veg hev degenerert til vanleg smaklaus sjokkrock, utan politisk eller moralsk brodd. Ynskjer dei å verta det nye Turbonegro, skal tru, bandet som hev lært seg å sjokkera på den “rette” måten og der bandmedlemene helder kann få lov til å vera rettelegt motstraums i smug? (Jamfør Dagsavisen 9.10.07)

Skulde det siste vera sant, er eg nok redd titelen på den siste plata kann verta ein sjølvuppfyllande profeti.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!