Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Det politisk korrekte Sverike

Av Lars Moe

John Järvenpää:
Politisk korrekthet - Likriktning, åsiktsförtryck och dikotomisering,
Reson Produktion,
2006

Kva vil det segja å vera politisk korrekt? Dei seinste åri er det vorte publisert ei rad artiklar og bøker der ein gjeng nærare inn på umgripet politisk korrektskap. "Politisk korrekthet" av John Järvenpää er ei svensk bok som so langt hev vore lite påansa i media her i landet. Det einaste undantaket hev vore den samfundskritiske netstaden HonestThinking.org. Helder ikkje desse hev kome med nokor melding av boki, men Anfindsen-brørne som driv netstaden hev i ein kommentar slege fast at "[v]i nøyer oss med å si at dette, så langt vi kan bedømme, er en bok som holder høy akademisk standard, og som gir grundig dokumentasjon på hvilket intellektuelt hykleri man ender opp med når ærlig og redelig debatt, forskning og sannhetssøken byttes ut med politisk korrekte dogmer."

Og rett skal vera rett - flestalle påstand som Järvenpää fører til torgs er underbygde med referansar, som anten er avisutklypp, bøker eller publiserte vitskaplege artiklar.

Politisk korrektskap som huglag og metode

I boki si freistar Järvenpää å skildra ovringi politisk korrektskap, PK, og korleis dei som er politisk korrekte ter seg i høve til mangkulturalismen - ideen um eit "fleirkulturelt samfund". Järvenpää argumenterar for at PK-fenomenet både representerar eit huglag og ein metode. Desse tvo sidone åt PK-fenomenet kompletterar einannan med di PK-metoden hev til fyremål å fremja PK-huglaget, samstundes med at kritiske motlegg vert bringa til tystnad. Ein raud tråd i boki er forfattaren sin argumentasjon for at kjernen i den politiske korrektskapen er dikotomien: Den politisk korrekte dikotomien inneber eit alt-eller-inkje-huglag, der ein anten er for eller imot, ven eller fiende. På denne måten vert komplekse samfundsspursmål og vanskelege dilemma - der det som oftast ikkje finst noko endelegt fasitsvar - reduserte til lettløyselege spursmål der den eine sida i konflikten er god og den andre er vond, og der dei fleste framgangsmåtar er godtekne so sant dei hev til fyremål å hjelpa fram den "gode" sida.

Ein sovoren dikotomiseringsprosess er lett å påvisa i spursmål som gjeld mangkulturalismen, meiner Järvenpää. Prosessen er serskilt tydeleg i spursmål um diskriminering eller spursmål som gjeld vestleg historieskriving. Til dømes gjeng tendensen i spursmålet um historieskrivingi ut på at vestlege menneske vert kollektivt skuldlagde for urettar som vart gjorde i farne tider. Kolonialisme og slavehandel er døme på urett som vestlege land hev gjort seg skuldige i, og som me difor kann gjera godt att for med å føra ein liberal innvandringspolitikk. At innvandrarane ofta kjem frå muslimske land som sjølve var aktivt med på slavehandelen i Afrika vert derimot mest aldri tematisert.

Den vakne lesaren hev trulegt notert seg at Järvenpää so langt hev gjort mange av dei same observasjonane som den norske sosiologen Sigurd Skirbekk gjorde i 1999 med boki "Ideologi, myte og tro mot slutten av et årtusen". Her påviste Skirbekk millom anna at den andre heimskrigen er vorten nytta på ein mytisk måte i dagsens innvandrings- og integreringsdebatt. Ved å føra konfliktlinone i innvandringsdebatten attende til krigens dagar, og slå innvandringskritikarane i jambreidd med rasistar og nazistar, fær dei innvandringsliberale eit moralsk yvertak - med di innvandringskritikarane vert utdefinerte frå ordskiftet, og det fyre argumenti deira er vortne prøvde i sakleg debatt. Jamvel um Järvenpää hev valt å nytta andre ord, som PK-fyremål, PK-metodar og dikotomisering, er kjernen i analysen den same: Dei politisk korrekte hev bygt upp upp ein ideologi som vert studd upp um med mytedanande sogeskriving, fortetta til ein kamp millom dei gode og dei vonde, og der mange av fyrestellingane snarare må segjast å vera baserte på tru meir enn på faktisk kunnskap.

Tvo politisk korrekte nasjonaldagstalor

Järvenpää kjem med ei rad døme på korleides den politiske korrektskapen ovrar seg i dagsens Sverike, og han startar med å referera frå ei tala Gøran Persson heldt i Sødertälje på den svenske nasjonaldagen i 2005. På nasjonaldagen skulde ein normalt tru at fokus vart sett på den svenske soga og vern um den svenske eigenarten, men Persson si nasjonaldagstala er snarare ein hyllest til "det nye Sverike", som skal verta eit mangkulturelt samfund:

"...vi samlas för att fira Sverige och för att hylla de värden och värderingar som Sverige bygger på...en tid som utmärks av globalisering [---] Sverige har blivit något annat än Sörgården, falukorv och timotej-flickan som springer över ängen. [---] Idag är det mycket mer exotiskt än när jag växte upp. [---] nya gränslösa värden [---] Och allt vanligare blir det att man har ett dubbelt medborgarskap. Sverige är också i den meningen mångkulturellt, flernationellt. [---] öppna, kunniga och internationellt engagerade. Det är just detta som gör Sverige unikt. [---] Sverige ska vara ett Sverige för alla. [---] Vårt land berikas nu med en enorm mångfald av kulturer, traditioner, religioner och språk. Det kommer att göra vårt land ännu bättre. [---] där vi låter oss berikas av varandra. Det är allas vårt ansvar att det blir så. [---] Rädslan för det främmande, för förändringens baksidor, får aldrig innebära att vi sluter oss. [---] Vi ska fortsätta att vara öppna för världens vindar. Vi ska fortsätta att välkomna det nya."

Endå um Persson stutt nemnar "förändringens baksidor", vert konklusjonen at multikulturalismen på det jamne alltid må verta "berikande". Dei politisk korrekte umtalar stødt nye og framandkulturelle ovringar som "berikande", same kva denne rikdomen gjeng ut på. Dei problematiske sidone kjem ein sjeldan inn på, desse vert i beste fall i den politisk korrekte nytala umtala som "utfordringar" ein må taka hand um.

På den same nasjonaldagen heldt riksdagsmannen Bjørn von Sydow tala i Stockholm. Her hævda von Sydow milom anna at det svenske demokratiet stod for "öppenhet och tolerans", og på denne dagen ynskte han velkomen "alla nya människor som berikat landet". Dette klårgjorde han med at innvandrarane generelt gjev oss "ökat välstånd".

Um ein ser på arbeidskraftinnvandringi som merkte Sverike på 1950- og 1960-talet so kann ein trulegt gjeva von Sydow rett i at innvandringi hev gjeve auka velstand. Men den største framandkulturelle innvandringsbylgja - med flyktningar og asylsøkjarar som i alle fall på papiret ikkje fyrst og fremst er komne for å arbeida - hev vore i ei tid då det svenske "folkhemmet" - med sitt sterke sosiale tryggjingsnett - hev vorte nedbygt. Arbeidsløysa er vorti umfemnande, ikkje minst millom sume innvandrargruppor, og dette fører til pårøyningar for trygdesystemet. At innvandring generelt gjev "ökat välstånd" er soleides eit påstand ein kann stella spursmål ved. Men dersom folk konkret spyrr etter tal eller fakta som skal underbyggja kva Sverike hev tent eller tapt på innvandringi, svarar dei politisk korrekte med moralsk forarging yver at ein skal freista mæla menneske i kronor og øyre. Slikt er å setja gruppor upp mot einannan, hævda til dømes tidlegare riksdagsledamot (riksdagspresident) Lars Stjernkvist, og understrika samstundes at alle menneske hev same verde.

At alle menneske hev same verde, og at dei som treng hjelp bør få det, det meiner forfattaren åt denne boki med, men det må vera lov å spyrja etter ein rekneskap for kva denne hjelpi kostar. Til dømes er det fullt mogleg å diskutera kva sjukestell, eldreumsut, barnevern osb kostar samfundet i kronor og øyre, utan at ein med det vert skulda for å nekta nokon deira grunnleggjande rettar. Ikkje so reint sjeldan er det ei avgrensa mengd ressursar som må bytast ut på alle desse umkvervi, so kvifor skulde ikkje det same gjelda flyktning- og asylpolitikken? Ikkje minst vert spursmålet um kostnader interessant når ein veit at ein kann hjelpa langt fleire i heimlandet for dei same pengane som ein kann um ein tek inn nokre fåe innvandrarar. Då vil ein både vera med på å løysa problem i heimlandet samstundes som ein slepp å innføra nye innvandrings- og integreringsproblem i Sverike. Umvendt so løyser ein ingen av dei grunnleggjande problemi i upphavslandi med å sleppa nokre fåe einskildindivid inn i Sverike. Derimot skaper ein nye problem som mottakarlandet lyt handskast med.

Politisk korrekt demokratiforståing

Når von Sydow hævdar at det svenske demokratiet stend for "öppenhet och tolerans", stend han saman med mange andre politisk korrekte som freistar setja likskaps-teikn millom mangekultur og demokrati.

I ein riksdagsdebatt i 1999 tala justisminister Laila Freivalds um ein nyskipa statleg komite. Um denne komiteen sa ho at "[d]är ska frågor behandlas som rör demokrati, tolerans och mänskliga rättigheter..." I same stil heldt leidaren i Folkpartiet, Lars Leijonborg, fram med at "Sverige kommer aldrig mer att bli ett enhetligt samhälle; vi kommer att ha en mångfald. Det gör livet rikare. Låt oss slå vakt om demokratin och toleransen."

Men demokrati er ikkje eit sett med haldningar, som "öppenhet och tolerans", det er kort og godt ein måte å styra landet på - eit system der politikarane si fremste uppgåva å representera veljarane sine, so landet kann verta styrt i samsvar med folkeviljen. Og eit fleirtal av svenskane hev i flestalle meiningsmælingar dei seinste 20 åri sagt at dei tykkjer innvandringi er for stor. Politikarane hev dessutan neglisjert næringslivet som dei seinaste 30 åri ikkje hev etterspurt meir arbeidsinnvandring.

Dei politisk korrekte plar segja at dei som er misnøgde med politikken som vert førd kann røysta på eit anna parti. Men dette er lettare sagt enn gjort sidan alle riksdagspartii i Sverike sluttar upp um den innvandringspolitikken som vert førd i dag, og småparti som er kritiske til denne politikken hev ofta vorte møtte med lite demokratiske metodar. Dei seinste tjuge åri finst det nok av døme på at personar som hev nytta ytringsfridomen sin hev vorte forfylgde - i media av det politisk korrekte etablissementet og på gata av vinstreradikale aktivistar. Innvandringskritiske lesarbrev vert som regel refuserte og gatemøte vert øydelagde av bråkmakarar. Det er nok ikkje for ingenting at eitt av dei innvandringskritiske småpartii her heime i Noreg hev valt å kalla seg Demokratane.

FN-organet UNHCR meiner at medborgarane sine krav på kontroll med kven og kor mange som slepp inn i landet er fullt legitime og må respekterast. Til dømes hev Finland teke inn langt færre innvandrarar enn det Sverike hev gjort, og Japan hev snaudt havt nokor asylrelatert innvandring å snakka um i det heile. Demokratiet Israel er eit anna land som tillempar ekstremt strenge innvandringsreglar, og som helder ikkje gjeng av vegen for å nytta etnisitets-kriterium for kven som fær lov å sleppa inn i landet. Alle tri landi er døme på stabile og velfungerande demokrati, og skulde soleides syna at eit land kann vera demokratisk utan at det treng å verta mangekulturelt.

Misbruk av umgrip, slik som her med demokratiumgripet, hev vore eit utbreidd fenomen hjå dei politisk korrekte sidan umdaningi av Sverike til eit mangkulturelt samfund tok til på 1960-talet. Dette umgripsmisbruket er ein av grunnkomponentane i den politisk korrekte metoden, hævdar forfattaren.

Politisk korrekt brotsverkspolitikk

Etter det tilgjengeleg forsking fortel, finst det eit samband millom arbeidsløyse og kriminalitet. Kor som er so gjekk store skarar med svenskar arbeidslause på 1920- og 1930-talet utan at kriminaliteten auka nemnande. I til dømes Gøteborg var uppklåringsprosenten for etterforska brotsverk mest hundrad prosent i desse tvo tiåri, endå personalstyrken innanfor kriminaldeildi berre talde eit titals mann. På 1950-talet var talet på politimelde brotsverk sju gonger lægre enn det var ved årtusundskiftet. Serskilt grove brotsverk som til dømes gruppevaldtekter fanst ikkje i det heile.

Ei forklåring på den aukande kriminaliteten, attåt arbeidsløysa, må difor kunna finnast i normuppløysingi, som forfattaren meiner heng i hop med mangekulturalismen. Dette er naturlegt nok eit påstand som framtidig forsking hev til gode å dokumentera, men det er kor som er ein konsekvens av den mangekulturelle ideologien at borgarane misser den refereranseråma dei ein gong hadde i ein sams svensk kultur - og soleides burde det ikkje koma som ei yverrasking um tradisjonelle svenske normer og verdiar vert løyste upp. Statistikken syner dessutan at serskilt ved grove brotsverk er innvandrarar sterkt yverrepresenterte. Ein statistikk som likevel ikkje segjer den fulle og heile sanningi med di utlandskætta brotsmenner som hev fenge svensk pass vert førde upp som "svenske" gjerningsmenner, og det jamvel um dei er fødde i utlandet. I samband med dette gjekk den kjende psykiateren og psykologiprofessoren Sten Levander I 2005 ut i media og hævda at "censur utövas för att rapporter ska passa regeringen".

Sidan midten av 1990-talet hev tusundtals svenske ungdomar vorte rana på gata av kriminelle innvandrarar. Ofte hev gjerningsmennene medvite valt ut svenskar som sine ransoffer (um dette er av di gjerningsmennene hev rasistiske haldningar til svenskar, eller um det berre er av di det er mindre sannsynleg at ein svenskætta ungdom er med i ein gjeng som er trugande til å gå til motåtak, segjer forfattaren inkje um, men det finst neppe tilgjengeleg forsking på det helder). Normalt skulde ein tru at statsmaktene vilde setja foten ned og verna ungdomane sine mot valdsmennene, men i staden sette styresmaktene i år 2000 det "Brottsførebyggande rådet" til å utarbeida ein rapport der dei fyrst og fremst var redde for at dei forulempa ungdomane skulde utvikla innvandringskritiske haldningar:

Undersökningsresultaten visar att en mycket stor del av skolungdomarna [4500 st] har egna eller närliggande erfarenheter av ungdomsrån. [---] De fysiska, psykologiska och ekonomiska konsekvenserna till trots är det ändå frågan om inte den allvarligaste konsekvensen av ungdomsrånen kan bli en alltmer invandrarfientlig inställning i ungdomsgenerationen, en grogrund för ökad vardagsrasism och i extrema fall ett ökat engagemang i grupperingar med invandrarfientliga ideal.

(Begler/Anderson for Brottsførebyggande rådet, DN-Debatt, 160300).

Politisk korrekt datahandsaming

I 2004 hadde kring 1,9 millionar menneske av totalt ni millionar innvandrarbakgrunn. Med andre er er drjuge 20 prosent av folkesetnaden anten fødde i utlandet eller hev minst ein av foreldri som er det. Av desse er nærare helvti av utanumeuropeisk upphav. I Malmø hev det sidan 1999 vore ein majoritet av innvandrarar i aldersgruppa 0-17 år, og Mohammed er det vanlegaste namnet på nyfødde gutar. Utrekningar basert på statistikk frå FN syner at svenskane kjem til å verta minoritet i eige land ein gong millom år 2056 og 2117. Thomas Lindh, framtidsforskar på Institutet för framtidsstudier i Stockholm, meiner at alt i 2050 kjem dagsens Sverike "inte längre att finnas". Men ikkje nok med det: Jamvel integrasjonsministeren Jens Orback gjeng ut frå at svenskane fyrr eller seinare kjem til å verta ein minoritet. I eit intervju med Sveriges Radio P1 den 9. november 2004 slo han fast at "[v]i måste vara öppna och generösa mot muslimer och islam för när vi blir i minoritet kommer dom att göra likadant tillbaka mot oss". Men underlegt nok vert det avvist som skremselspropaganda når innvandringskritikarar hævdar nett det same.

Slik sett minnar utsegnene frå integrasjonsministeren litt um det same utspelet som Kåre Willoch kom med då han i eit intervju i Dagbladet den 9. september 2007 hævda at "antallet innvandere i Norge i dag er som forventet. Vi ble forelagt [sic] slike scenarier allerede for 19 år [siden] - så vi visste hvor det bar hen". Då det seinare kom spursmål frå netstaden HonestThinking.org um kvar han hadde fenge "forelagt" desse prognosane, vart det tyst. Visst er det i alle fall at SSB på 1980-talet kom med langt lågare prognosar for framtidig innvandrarfolkesetnad enn det dei gjer i dag.

Dei seinste åri hev titusundtals svenskar flutt frå Malmø by til utkantkommunane. I år 2000 vilde kommunen finna ut av årsakene til utflytjingi, og eit spyrjeskjema vart etla ut til alle dei som melde flytjing det året. Av dei 70 prosentane som svara var det ingen majoritet som uppgav innvandringi som årsak - berre 17 prosent gjorde det. Men at "berre" 17 prosent uppgav innvandring som årsak til utflytjingi hadde ei veldig greid forklåring - det fanst ingen rubrikk der ein kunde kryssa av for "innvandring" som mogleg årsak! Ein kunde kryssa av for "brottslighet", "otrygghet", "skolgång för barnen" osb, men ikkje "innvandring". Det som stod um innvandring var kommentarar som utflytjarane sjølve hadde skrive inn i spyrjeskjemaet.

Europeisk uppvakning?

Dei seinste åri hev det vorte rapportert um korleides innvandrarar frå muslimske land gjeng til åtak mot vitale funksjonar i dei europeiske samfundi dei liver i. Upplaupi i Frankrike hausten 2005, som tok seg upp att med ein ny runde i november 2007, hadde karakter av eit slags borgarkrigsliknande tilstand. Tusundtals bilar vart brende, til liks med skular og kyrkjor. Butikkar vart plundra, politiet vart skotne på og andre uskuldige vart mishandla og jamvel myrda.

Jamvel i Sverike hev liknande scenor spela seg ut. I forstader i dei største svenske byane hev brannmenner og ambulansepersonell kome ut for åtak når dei hev rykkt ut for å hjelpa til i samband med brannar og ulukkor. I utlandet vert stoda rekna som so ålvorleg at det amerikanske TV-selskapet Fox i desember 2004 laga ein halvtimes lang reportasje um saki. Ikkje ein gong i ghettoar som Harlem i USA er det so ille at bergingspersonell kjem ut for åtak. I krig er sjukepersonellet alltid freda, men ikkje i Sverike ved årtusundskiftet.

Medan mangkulturalismen er fastrøtt i det svenske politikarskiktet, byrjar stødt fleire av dei høgste politikarane i dei europeiske landi å reagera mot honom. Dette speglar seg ikkje berre av i det at det sit innvandringskritiske parti i regjeringane i Europa. Når Angela Merkel i desember 2004 vart attvald til partileidar for dei tyske kristelegdemokratane, slo ho fast at "det mangkulturelle samfundet er dømt til å mislukkast".

Eitt av dei skarpaste innleggi var det presidenten i Tsjekkia, Vaclav Klaus, som våga å bera fram. Til den tsjekkiske dagsavisa Mlada fronta Dnes slo han i 2005 fast at mangkulturalismen er eit tragisk mistak som kjem til å kosta den vestlege sivilisasjonen dyrt. Klaus hævda vidare at den liberale innvandringspolitikken var med på å leggja til rettes for åtak frå radikale islamistar, og at mangkulturalismen er ein falsk ideologi som nektar dei upphavlege borgarane i vestlege land deira grunnleggjande rettar.

Heilt på tampen av dette stykkjet vil eg difor slå fast at tilskotet frå John Järvenpää er eit nyttigt verkty for alle som ynskjer å analysera bøker, artiklar og offentlege ordskifte i tidi som kjem. Um mangkulturalismen kjem til å kosta oss dyrt, so er det likevel lov å vona at europearar flest kjem til å vakna - fyre prisen vert altfor høg.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!