Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Den radikale litteraturen

Av Kenneth Kiplesund

I 1960-åri feia ein ungdomsuppreist yver verdi, i Noreg med. Det vart protestert mot foreldregenerasjonen sin kultur og verdiane deira, og ikkje minst mot politikken. Dette upprøret kom i litteraturen med, og i denne artikkelen vil eg skriva um den norske radikale litteraturen som kom som ei fylgja av dette upprøret.

Profil-gruppa

Tusundtals unge strøymde på 1960-tallet til universiteti, og i denne flokken var det mange nye forfattarar. Det litterære upprøret hadde utspring i flokken kring det litterære studenttidskriftet Profil. Dei som engasjerte seg her, er i dag kjende namn i norsk litteratur: Tor Åge Bringsværd, Jan Erik Vold, Dag Solstad, Tor Obrestad og Einar Økland.

Profil-gruppa kravde større rom for fantasien og den subjektive oppfatningi av verdi. Dei vilde eksperimentera med litteraturen og fornya honom. Dag Solstad skriv at i ein roman som hev noko han skulde ha sagt er kravet um objektiv "virkelighetssansynlighet" eliminert. Heile meningi ligg i verket: "Den omslutter hele sitt vesen i seg selv". Det gjeld difor å frigjera seg frå "sansynlighetens tvangstrøye". Han kjem med småe ymt til eit program for ein norsk modernisme. Han bør venda attende til folkediktingi og henta kveik frå eventyri, den norrønne mytologien og gamle visor og visjonsdikting - samstundes som han bør gjeva draumelivet ein større plass. Med andre ord: For Profil-krinsen var altso Draumkvædet meir moderne enn "ein Øverland, ein Skjæråsen", som Tor Obrestad kort og godt slær fast.

Revolusjonære forfattarar

Etter måten mange av dei radikale forfattarane engasjerte seg sterkt på vinstresida i norsk politikk, og store delar av norsk litteratur i 1970-åri hadde ein klår politisk tendens. Mange forfattarar var med i det maoistiske partiet AKP (m-l).

Tri namn er sentrale når me skal draga fram den norske revolusjonære litteraturen, som i medviti form kom i 1970: Espen Haavardsholm, Tor Obrestad og Dag Solstad. Deira uppfatning var at litteraturen laut tena arbeidarklassen, og diktingi skulde vera sosialrealistisk. Det vil segja at bøkene skulde skildra arbeidarar som kjempa mot kapitalismen, og fremja sosialismen. Desse romanane handla ofta um arbeidarar som kjempa for å få bukt med uverdige arbeidstilhøve.

Espen Haavardsholm

I 1971 skreiv Espen Haavardsholm novellesamlingi Zink. I nyktern, reportasjeprega stil freistar han å avdekkja makttilhøvi i det norske samfundet. I den fyrste novella vert Oslo Børs skildra, sjølve bygningen, og Haavardsholm hev den konklusjonen at: "det er ikke mulig å forandre noe i vårt land, før Oslo Børs er tatt bort". Tittelnovella tek fyre seg ei norsk verksemd der dei store avgjerdene vert tekne av folk på kontor i Paris og Stockholm.

Tor Obrestad

I 1970 kom Den norske løve av Tor Obrestad. Her stig han for fyrste gongen fram som målmedviten sosialist. Han skriv um "krigsmaskinen frå USA og NATO-Norge" at han: "er fortapt: Den har inga anna framtid enn å jamne med jorda det jorda har gitt: hus, fabrikkar, enger, insekt, menneske." Obrestad meiner at det trengst ei folkereising mot kapitalens herjingar. Byrjingi på dette såg Obrestad i den ulovlege streiken ved smelteverket i Sauda i 1970. Han enda med at arbeidarane fekk gjenom mange av kravi sine. I 1972 skreiv Obrestad ein roman um denne streiken: Sauda! Streik!

Dag Solstad

I 1971 kom den fyrste boki frå Dag Solstad si hand: Utviklingsromanen Arild Asnes, 1970. Her neittar den unge norske forfattaren Arild Asnes å lata seg harmonisera inn i eit umoralskt samfund. Han er i utgangspunktet ein småborgarleg "progressiv" med sosialistiske "sympatiar". Han lærer seg noko um språk: Når han nærmar seg marxist-leninistane, vekkjer dei banale formene, dei einfelde setningane um klassekamp og monopolkapital og Mao sine geniale tankar berre avsky hjå honom. Men han lyt med kvart skrella av seg sine egne språkvanar og skyna at Mao sine tankar er einfelde og banale av di sanningi er einfeld og banal. Romanen endar med at han ringjer på ei dør for å selja Klassekampen. Denne romanen utløyste i si tid ein debatt som minna meir um politikk enn um litteratur.

Alle Solstad sine romanar er kritiske til samfundet. Ein kann på mange måtar lesa deim som kulturpessimistiske uttrykk. Hovudpersonane freistar å gjera seg medvitne um forfallet i samtidi, samstundes som dei freistar å finna ein annan ståstad og ei onnor, kann henda djupare, meining med tilværet. Ofta vert desse personene til slutt yvertydde kommunistar, etter å ha vurdert litt att og fram um dei skulde verta revolusjonære eller ikkje. Men i romanen Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land, tek Solstad ei morosam og ironisk oppgjerd med den rørsla han var med i.

Me hev sèt at ungdomsupprøret i 1968 skapte opprør innan litteraturen med. Studentane kring studenttidsskriftet Profil gjekk til åtak på den litteraturen som rådde grunnen då. Dei vilde ha meir rom for fantasi, og meinte at litteraturen laut fornyast. Andre forfattarar meinte at litteraturen skulde tena arbeidarklassen, fremja kommunismen og motverka kapitalismen.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!