Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Høgnorsken let seg ikkje normera burt

Av Lars Bjarne Marøy

Tidleg i oktober gjekk det fyre seg eit ordskifte kring nynorsknormalen i avisone Bergens Tidende og Dag og Tid. Språkrådet, som visst enno heiter so - jamvel um det hev vore freistnader på umdøyping og umskiping, er ute med nye utspel um korleis nynorsken skal vera. Rådet meiner det er uråd å koma undan at Kulturdepartementet ikkje vil godtaka ei løysing med hovud- og sideformer i nynorsken. Det er ikkje so rart, for statsråd Lilletun avskipa i si tid godkjenningsskipnaden for lærebøker. Det er soleis uråd å tala um ein “læreboknormal” i dag. I teorien kann kvart forlag gjeva ut nynorskbøker på den rettskrivingi dei skulde ha hug til.

Men no er det diverre ikkje so mange som er upptekne av å gjeva ut lærebøker på ein nynorsk som er serlegt avvikande frå gjenomsnittsnynorsken. Den nye tanken um ei avvikande rettskriving, der ein kort og godt ser burt frå heile nynorskordlista, hev neppe sett seg nokon stad. Noregs Mållag hev sagt noko slikt som at:

-Ein vil halda på nynorsken med læreboknormal, der det er skilje millom hovudformer og sideformer.

-Samstundes hev dei opna for at Språkrådet kann rydja upp i inkonsekvensar (fylgjebrot), kutta sideformer som er lite i bruk og som hev lite grunnlag i talemål og skriftradisjon.

Det som er praksis og som sume medvitne målfolk trulegt ser fyre seg, er at det leidande nynorskforlaget, Det norske samlaget, jamt og samt hev nytta dei aller mest bokmålsnære formene som er tilgjengelege innanfor læreboknormalen, og kjem trulegt til å halda fram med det. Samlaget hev, som dei skreiv til Vestlandske Mållag ein gong på 1990-talet, lang tradisjon for å nytta ein bokmålsutblanda nynorsk. Um dei nedgraderte bokmålsformene vert upphøgde til jamstelte former, må ein soleides rekna med at desse bokmålsformene kjem til å snika seg inn i den nynorsken som elevane lyt lesa og læra i skulen.

Ein skulde soleides tru at me høgnorskarane kunde vera best tent med at stoda vert verande slik som ho er. Ein revisjon frå Språkrådet kjem til å føra til press um meir bokmålsgods i nynorsken. Fåe kjem til å verja høgnorskformene, og ukunnige og rangviljuge språknormerarar vil neppe gjeva noko som helst for å strjuka i-målet med eit pennestrok.

Men jamvel um endå fleire høgnorskformer skulde verta fjerna frå det som vert rekna for offisiell nynorsk, er det som nemnt ingenting som hindrar einkvan frå å gjeva ut lærebøker på høgnorsk. Det er ein tankekross som gjer at heile normeringsspursmålet kjem i ei klemba.

Dei som styrde normeringi i 1938 og 1959 skapte fylgjebrot og uforståelege vekslingar millom ulike bøygningsfomer. Når ein skal gjera noko med desse fylgjebroti, etter at dei hev vorte godt innarbeidde i rettskrivingi, vert det heilt rangt fokus å byrja å skuva ut former som faktisk er yversynlege og fylgjerette, men som samnorske språkplanleggjarar helst såg var utdøydde for 70 år sidan.

Ørvæna med 1959-rettskrivingi slo sers ille til av di det nett etter 1959 var ein heil ættled med bygdeungdomar som for fyrste gongen skulde ut og ha vidaregåande utdaning. Desse ungdomane hev dyrka ei blanding millom bokmål og dialekt, og ikkje ei nynorsk norm.

Innanfor bokmålet ser folk skilnaden på talemål og skriftmål, og dei godtek skriftnormi som yverordna. Men innanfor nynorsklægret hev det derimot vorte tradisjon å dyrka dei talemålsformene som bryt med skrifttradisjonen. Likevel hev det i dag gjenge so langt at dialektaktivistane frå 70-talet, Turid Kleiva og Aud Søyland, ottast for at dialektlina er ei tapt lina:

"Nynorsbrukarar er også eksponerte for veldig mykje bokmålsnært talemål gjennom media og fordi folk flyttar og reiser mykje. Den urbane kulturen, språket medrekna, har stor gjennomslagskraft i dag. Ein kan ikkje rekne med, som på 70-talet, at ungdom frå bygdene som reiser til byen for å studere, snakkar dialekten sin, heller ikkje når dei kjem heim. Og nynorsk - nei, bevare meg vel. Kan nokon tru at dette har med rettskriving å gjere?" (Dag og Tid, primo oktober 2007)

Det høyrest mest ut som at bygdekulturen er det einaste som høyrer saman med nynorsken, og at dersom folk flytter frå landsbygdi so er det ein nynorskbrukar mindre att, jamvel um dei kjem attende til bygdi. Kleiva og Søyland meiner dette ikkje hev noko med rettskrivingi å gjera. Men kva hev dei og deira dialektaktivistar gjort? Jau, dei hev gjort det slik at rettskrivingi og nynorsken ikkje lenger er eit kollektivt prosjekt, men eit prosjekt for kvar einskild: Du skal halda på dialekten din og bruka nynorsk, er bodskapen til målrørsla. Og du skal for all del skriva det talemålet som ligg nærast din dialekt. Dette gjer i røyndi nynorsken til ei privatsak for folk som hev den rette bakgrunnen til å verta nynorskbrukar.

Høgnorskprosjektet er derimot eit kollektivt prosjekt. Ein skal bruka høgnorsk av di det er det norske målet som hev tusund års rot i Noreg. Høgnorsk er ikkje noko prosjekt for den einskilde. Det er eit prosjekt for dei som er kunnige og viljuge til å nytta målet best mogleg både i skrift og tale. Det er berre gjenom å stå saman med andre nynorskbrukarar, både um skriftmålet og talemålet, at nynorsken kann ha nokor framtid. Dersom alle skal ha si eigi rettskriving, vert det uråd for den breide massen å læra seg målet. Og endå viktugare, utan ideal for kva som er god nynorsk målføring vert nynorsken degradert til ein dårleg kopi som berre skaper masse bry for språkbrukarane med di han heile tidi er markert avvikande frå det som vert den røynlege mælestaven på nøytral språkbruk, bokmål.

Dersom ein verkeleg er so lite optimistiske som dialektaktivistane Søyland og Kleiva, so kann ein vel likso godt berre slutta å arbeida for nynorsken? Det bør iallfall vera ein sterk tankevekkjar for mange at det finst nynorskbrukarar som ikkje ser nokor framtid for nynorsken. Det berre viser at høgnorskrørsla må styrkja seg. Me frå vår kant, skal gjera so godt me kann for å hevda høgnorsknormi som den framtidige rettskrivingi.

Nett når bladet skal prentast, fær me høyra at Språkrådet visst nok skal ha vorte instruera til å venta med å setja i gong norm-diskusjonen, til dess at Kulturdepartmentet legg fram ei språkmelding. Denne stor-tingsmeldingi kjem ikkje fyrr til våren. Dette nyhendet hev ikkje vorte stadfest frå Språkrådet, so me må koma attende til saki seinare.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!