Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Når kjappfoten skal ut i verdi

Av Jan Hårstad

Sten Inge Jørgensen
Vesten mister grepet
Kagge Forlag 2007

Ein ung kar på 37 år, Sten Inge Jørgensen, hev skrive ei bok um korleides han trur verdi ser ut og korleis han trur ho kann verta betre. Boki heiter "Vesten mister grepet" og er gjevi ut på Kagge Forlag. Jørgensen er utanriksjournalist i Morgenbladet.

Boki tek fyre seg nær sagt alt av det som gjeng fyre seg i verdi og fyk ikring henne på langt stuttare tid enn 80 dagar. Her handlar det um alt: Dei sameinte nasjonane, WTO, Verdsbanken, Kina, globalisering, miljø, G8, Midausten etc. Heilt openbert er det slik at forfattaren hev ein autentisk pasjon for politikk, og det er noko me ynskjer velkome. Og like openbert er det at Jørgensen meir er typen på ein journalist enn på ein politisk tenkjar. Ludwig Wittgenstein jamførde tenkjing med det å symja nedetter i vatnet; di djupare ein kjem, di låkare vert det. For å verta verande i dette biletet er Jørgensen ein symjar som nyttar teknikkar av ymist slag, men som definitivt held seg i vasskorpa.

I boki klarar forfattaren å lansera alle vandemål og konfliktspursmål som finst i verdi i dag, men so snart han hev gjort det, tek han ein butterfly til eit nytt vandemål. Her hev me då ei blanding av eit skarpt auga og tradisjonell norsk naivisme som boki er rik på. Når det gjeld Kina sin utanrikspolitikk kauper han det offisielle reklameskiltet utan å blunka, ingen problem.

Um Bilderberg-samkomone heiter det at "media bare kan spekulere i hva som diskuteres". Jørgensen hev ikkje fenge med seg at det finst eit titals internasjonale journalistar som snaudt gjer noko anna enn å skriva bøker og artiklar um Bilderberg-konferansane - som den norske elite jamnleg er innum.

Når det gjeld u-landi set han si lit til at ein større og mektigare millomklasse "på sikt kan bli sterke nok til å bygge mer rettferdige samfunnsdannelser".

I åri fyre den fyrste heimskrigen utvikla paven i det som då var den sosialistiske verdsrørsla, Karl Kautsky, ein teori um det han kalla superimperialismen. Han gjekk ut på at dei ulike nasjonale økonomiane kom til å veksa inn i kvarandre i ulike former for bindingar og symbiosar som med hjelp frå yvernasjonale institusjonar skulde føra fram til fred. Det aller meste som vert skrive um internasjonal politikk i Noreg i dag er ei lengjing av dette. Slik landstrykarane i Becketts Vente på Godot speidar etter den store Godot, slik leitar Jørgensen etter dei intelligente og reinsa institusjonane som skal taka leidingi yver ei meir turbulent verd og påleggja henne mat, vatn, demokrati og sivilisasjon. Tankegangen heng ihop med den om U-landsmillomklassen som rettferdsbyggjar.

Etter å ha lese boki sit eg att med ei kjensla av at den unge Jørgensen er hamna i ei klassisk eksistensiell stoda der han må gjera eit val. Han kann halda fram å plaska ikring i vasskorpa og levera frå seg namn, statistikk, tal og geografi i eit høgt tempo, og gjer han det, er det inkje som hindrar honom frå å taka yver utanriksredaktørjobben i Aftenposten etter Nils Morten Udgaard. Eller han kann velja å gjeva ut nye bøker som ikkje skriv um alt, men som skriv um Kina sin utanrikspolitikk på ålvor eller Bilderberggruppa på ålvor,og han kjem til å uppdaga kor kaldt det er når du sym nedetter i vatnet. Og det er faktisk fårlegt med.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!