Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Sanninga, Arne Garborg og me i vår tid

Av Asbjørn Hunnes

I møtet med Jesus sette Pilatus ord på vanskane sine slik: "Kva er sanning?" Dette problemet har dukka opp i tenkjinga si soge frå Platon si likning om menneska som sat bundne i hola med andletet mot veggen der dei såg skuggebilete av ei røynleg verd som dei ikkje kunne sjå. Soleis trudde dei at skuggebileta var røyndomen eller sanninga.

Oppigjenom soga har dette spørsmålet fylgt filosofane. Mange trudde nok at Newton hadde funne svaret då han laga naturlovene og sa at du kan vite det du kan sjå, måle og vege. Ja etter han har det vore tenkt eller bruka som om det einaste vi kan vite er det du kan sjå, måle og vege. Men filosofane slo seg ikkje til ro med dette svaret, ja Nietzsche gjekk så langt at han nekta for at det fans ei sanning.

Nett då Nietzsche sine tankar stod på det sterkaste, i 1890-åra, tok ateisten og filosofen Arne Garborg til å leite etter sanninga. Og ikkje berre spørsmålet om eg kan vite det eg veit, men om eg kan vite noko om Gud.

For meg ser det ut som om Garborg i boka Fred ville bruke Nietzsche sine tankar til å verte kvitt den skuldkjensla tilhøvet til faren hadde lagt på han. I denne boka mister hovudpersonen, Enok Hove si religiøse tenkjing meir og meir kontakta med det røynlege livet. Kristentrua vert redusert til ein tankekverv i hovudet som tok ei heilt meiningslaus styring over livet hans. Boka slutta med at Enok hove, forfylgt av desse tankane, sprang på vatnet:

"Han kom ikkje opp att meir. Evja måtte hava sogi 'n i seg.

Sunnavinden strauk over vatne med sin linne sus, og det sutla og skvala, koseleg og smått. Sutla, skvala …. Sutla, skvala …."

Her forstår eg Garborg slik at han orsakar far sin fordi leiting etter ei sanning som ikkje finns syg ein inn i ei tankeevje som til slutt gløyper ein heilt. Dermed kan han vise slik tenking frå seg å få fred. Men Garborg fekk ikkje fred. Tre år etter (1895) kom ei forteljing - som var ei diktsamling - "Haugtussa".

Etter innleiingsdiktet Til deg du hei og bleike myr (Evja som saug Enok Hove i seg?) kjem sjølve knuten som Garborg må løyse: Kan eg vite?. Det er diktet "Veslemøy ved rokken". Kan vi få vite om villkatten Mons er ein katt eller ein prins.

Eg gjev her att berre andre bolken av diktet.

Skal vita kvar du vankar
i blide draumar no?
Kan hende dine tankar
seg svæver lint til ro
i gammal minne-krins,
som stilt i hop seg sankar
frå den tid du var prins?

Venaste prins i verdi
du gjekk i skogen grøn
med gullhår over herdi
og ung og keik og kjøn,
og tenkte på den møy
som gjekk og henta bæri
så vide under Øy.

Då kom den trollheks blide
med sving og sveiv og svins
frå trolleheimen vide
og såg den vene prins.
Men skremd han frå ho skvatt.
Då las ho trollhøn stride
og gjorde han til katt.

Sidan så vidt han flakkar
igjennom skog og skar,
langt over berg og bakkat,
og kjem til okkons gard.
Her kan i ro han døy.
Her vil han kvile, stakkar,
og tenkje på den møy.

Å hu! det ruskar ute
med regnvind. sur og grå;
småfuglen flyg mot rute
og liksom bankar på.
Men under omnen god
Du Mons på sekkepute
skal drøyme lognt i ro.

Denne villkatten som hadde kome til garden og slege seg til ro. Han var nok ingen prins, men kven kan prove det? Ingen kan prove at han ikkje er ein prins. Derimot kan det provast at han er ein prins, ved at forbanninga vert teki bort. Men kven kan gjere det?

Det du kan sjå, måle og vege strekk ikkje til. Med dette diket vedgår ateisten Garborg at det er uråd å prove at Gud ikkje er, men problemet hans er uløyst, for kan han prove at Gud er?

Alt i neste dikt postulerer Garborg ein immanent eksistens. Han kjem ikkje lenger enn til postulat i denne boka. Der han, etter mitt skjøn, kjem nærast at røyndom og postulat smeltar saman er i "Svartekatekisma".

I "Læraren", boka som kom året etter (1896), tek Garborg oppatt problemstillinga frå "Fred". Sonen til Enok Hove, Paulus Hove, vel å følgje Jesu strenge etiske krav. Han sel Garden Hove, gjev pengane til dei fatige og flyttar ut i Kvernhusheia.. Men no er det ikkje "evja" i hovudet som gjer "det etiske imperrativ" umogeleg. Allereie Sokrates skal ha sagt at om det skulle finnast ein rettferdig mann ville han verte krossfest. Også Paulus Hove vart offer for eit justismord. Evja er hjå det vanlege mennesket.

Garborg er komen dit at han har postulert at kristentrua er sann, men han kan ikkje prove det.. I slutten av1870 åra kritiserer han Brandes for at kristendomskritikken hans er for teoretisk. Sjølv forfekter han ein "metodisk ateisme" i vitskapane, men ein vitskap som doserer ateisme er like uvitskapleg som den vitskapen som doserer Guds eksistens.

No var Garborg sitt problem: Det du kan vite er det du kan sanse, vege og måle. Korleis kan du tru det du ikkje kan vite? I Den burtkomne Faderen kapittel IX formulerer Garborg det slik: "Det er tvo vegar til live; og tvo meistrar: Rabbien frå Nasaret og ein mystikar frå her eller der. Dette fær munkane slåst um; haldt du deg til det som du veit." (Mi utheving).

Så langt Garborg si leiting etter svaret på Pilatus sitt spørsmål.

Så er det vår tur til å leite. Kan vi finne sanninga. Lat oss i utgangspunktet dele Garborg sin tillit til Newton og seie at det vi kan vite er det vi kan sanse, vege og måle. Lat oss godta naturlovene. Sal 148:4-6 "Lova han, de himlars himlar, og de vatn som er over himlane.

Dei skal lova Herrens namn, for han baud, og dei vart skapte. På deira stad sette han dei for all tid, for evig. Han gav ei lov som ingen av dei bryt."

Den neste føresetnaden delar eg og med Garborg: at det finns mangt som vi ikkje kan vite. Slik han forklara problemstillinga i "Veslemøy ved rokken." No gjer vi vel i å merke oss at her er utgangspunktet for Garborg si leiting etter Gud, etter sanninga, etter den burtkomne Faderen.

Ved å seie at det vi kan vite er det vi kan sanse, vege og måle gjer vi verda lita, oversiktleg og trygg. Vi stengjer oss på ein måte inne i eit syltetyglas, der alt det farlege som vi ikkje kan vite noko om er utanfor. Vår kjende, trygge verd er det som er inne i glaset.

Så gjer Garborg det menneska til alle tider har gjort han knuser glaset (Med diktet om Mons villkatt.) og prøver å finne ut noko om det som er utanfor. Han gjer det Paulus skildrar i Apg 17:24-28 "Gud, han som skapte verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender. Han lèt seg heller ikkje tena av menneskehender som om det var noko han skulle trenga. For det er han som gjev alle liv og ande og alle ting. Han lét alle folkeslag av eitt blod bu over heile jorda, og han sette faste tider for dei og faste grenser mellom bustadene deira. Dette gjorde han for at dei skulle leita etter Gud, om dei kanskje kunne kjenna han og finna han - endå han ikkje er langt borte frå ein einaste av oss. For i han er det vi lever og rører oss og er til. Som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: For vi er òg hans ætt."

Det er denne leitinga som har skapt all religion. Ja mange definerer religion nettopp som "mennesket sin veg til Gud" Garborg vedgår det sjølv: " Faderen er den som borni skapte i sitt bilete og ikkje fær hjelp når dei bed, og ikkje svar når dei spyrr , då gjeng dei på leit etter Faderen og finn seg sjølve." (Den burtkomne Faderen I.)

Også her lyt eg seie meg samd med Garborg. Ingen religion kan føre oss til Gud. Det einaste vi finn er oss sjølve. Budhismen har teke konsekvensen av det og søkjer Gud i mennesket sjølv. Og når du finn han finn du Nirvana. Då tek all liding slutt. Og så er det ikkje meir. Men det var Pilatus sitt spørsmål: "Kva er sanning?" Han retta spørsmålet til Jesus, men han venta ikkje på svaret. Joh 18:38 "Pilatus seier til han: Kva er sanning? Og då han hadde sagt det, gjekk han ut att til jødane og sa til dei: Eg finn inga skuld hjå han."

Men er det alt det vi kan sanse, vege og måle som er sanninga, så vert vårt spørsmål: Kan vi vege Gud?

Svaret er ja!

Ni månader før den første julenatta skrudde Gud loket av syltetyglaset vårt og kom inn i det. Heilt inn i morslivet til ungjenta Maria. Då Maria eller Josef la han i krubba, sa dei nok eitkvart om kor tung, lett, stor eller liten han var. Og nokre år seinare skreiv apostelen Johannes noko om det same: 1Joh 1:1 "Det som var frå opphavet, det som vi har høyrt, det som vi har sett med augo våre, det som vi såg og hendene våre rørde ved, om livsens Ord

Slik er kristentrua det motsette av religion. Kristentrua er Guds veg til menneska. Han som vart lagd i krubba svara før Pilatus spurde.: Joh 14:2-6 "I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, då hadde eg sagt dykk det. For eg går bort for å gjera i stand ein stad åt dykk. Og når eg har gått bort og har gjort i stand ein stad åt dykk, kjem eg att og skal ta dykk med meg, så de òg skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen. Tomas seier til han: Herre, vi veit ikkje kvar du går av, korleis kan vi då vita vegen? Jesus seier til han: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan ved meg."

Så kjem spørsmåla frå Garborg att: Korleis kan eg tru? På slutten av Den bortkomne Faderen" skriv Gunnar i dagboka si at det er livet til bror hans Pål. Eller Paulus Hove, som er det truverdige vitnemålet. Problemet er at Det er ingen som lever slik som bror hans. Folk kallar Pål Galin og dei truande seier at han er forgjord.

Og det tunge eller lette barnet som vart lagt i krubba, og som no sit med naglemerkte hender ved Allmakta si høgre hand seier det same: Joh 8:31f "Jesus sa då til dei jødane som var komne til tru på han: Dersom de vert verande i ordet mitt, då er de i sanning mine læresveinar. Og de skal kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie."

Dette har alltid vore dei truande sin store vanske, og det ankemålet som alltid har vorte reist mot dei. "Eg ærar Gud, men ringaktar tenarane hans" er eit kjent sitat. Meisteren sa at kvar den som hatar bror sin er ein manndrepar, men dei truande seier at det er greitt at du drep barnet ditt, berre du gjer det i tide. Meisteren sa at: “Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå... (Matt 5:18) og lova seier at du skal ikkje liggja med ein mann slik som ein ligg med ei kvinne. Det er ein styggedom (3M 18:22.) Og dei truande seier: Jaudå, du kan endåtil vera prest for barnet frå Betlehem om du gjer det.

Dersom det er rett at vi ikkje kan finne sanninga, men at sanninga har funne oss. Då kjem vi ikkje utanom det siste spørsmålet eg må reise, og som du må svare på:

Vil du gjelde for å vere galen og forgjord, men trygg i tillita til Gud slik som Pål Hove, eller vel vi å vere mellom dei kloke, spørjande og redde for både Gud og menneske slik som Gunnar Hove?

Etterskrift

Då biskopen i Nordhologaland sa at homofilt samliv var legitim kristen framferd tala soknerådet og soknepresten i Kautokeino biskopen til rettes. Dei gjekk fram slik Jesus sa at dei skal gjere. (Mat.19) Det gjekk med dei som med Paulus Hove, Børre Knudsen og mange med dei. Soknepresten kom for retten og vart dømd. Kyrkjelyden, soknerådet og soknepresten enda om lag som Pål Hove, ikkje i Kvernhusheia, men på eit gamalt falleferdig bedehus. Der har dei reist ei forsamling av truande som vel lydnad mot Gud framfor ære hjå menneske.

Heller ikkje eg kom utanom det siste spørsmålet. Mitt val førte meg til bedehuset i Kautokeino. Flyttsamane tok imot meg som ein heimkomen bror. Eg bur ikkje der, så vil du oss noko finn du meg i Sylte i Vanylven. Soknepresten i Bjerkvik i Troms. Formannen og styret i bedehusforeninga finn du i Kautokeino.

Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!