Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Korleis kann pengar fremja høgnorsksaki?

Av Lars Bjarne Marøy

Målmannen hev tidlegare kommentert tilhøve kring det sokalla Vestmannafondet. Fondet er i dag på kring 100 000 kr, men ein fondsgjevar hev sagt seg viljug til å tilføra fondet mange millionar, kann henda so mykje som kring 8-10 millionar kronor i testamentarisk gåva.

Slik me hev fenge presentert fondet, skal det verta eit millionfond med ein avdrått som kann henda kjem til å verta på hundretusundtals kronor og for alt me veit ein avdrått på kring ein million. Dersom ein ser på den norske målrørsla som heilskap, hev me vondt for å sjå at so mange pengar kann nyttast til handfaste tiltak og til handfast framdrift for målsaki.

Bladet Vestmannen kunde til dømes bera seg og koma ut kvar fjortande dag um ein løyvde 200 000 kronor til bladet i året, men kven skulde vera i stand til å gjeva ut bladet so ofte, og kven skulde skriva i det?

Dei som styrer yver Vestmannalaget og høgnorskmiljøet i Oslo hev knappast utsyner nok til å tenkja seg tiltak som kunde vera meiningsfulle og tena fyremålet innanfor dei økonomiske råmone dei hev i dag.

Det gjer at me ser fårane som småe rørslor, mållag og undomslag medrekna, kann koma ut for når dei fær mykje pengar. Dei kann til dømes koma til å:

  1. nytta pengar på fyremål som ligg utanfor det som er tiltenkt. Det er nok av gode ålmennkulturelle tiltak som ikkje trekkjer fleire tilhengjarar til ei rørsla, men som gjer seg godt for ettermælet og umdømet til dei som er aktive i rørsla.
  2. yverfinansiera ymse slags prosjekt slik at midlar vert frigjevne, dette gjeld serleg dersom det ikkje vert passa på at det vert førde noggrande rekneskapar og kravd attendeføringar av yverskotsmidlar.
  3. nytta pengar på tiltak som ikkje når ut til serleg mange. Til dømes bokprenting av store upplag av bøker som fåe er huga på å kjøpa. Eller til storfelde festsamkomor utan klåre målsetnader.
  4. nytta pengar til å gjeva påskyningar til einskildpersonar. Dei fleste av mottakarane hev god økonomi, og me tvilar på at det fremjar målsaki å gjeva einskildpersonar premiar på til dømes 50- 100 000 kronor, endå um det kann sjå fint ut i avisone.
  5. skapa stridsemne millom flokkar som er usamde um korleis pengane bør nyttast. I den mannsalderen som millionfondet Halldor O. Opedals fond for målreising og måldyrking hev vore i drift, hev det kvar einaste arbeidsbolk kome upp sure utspel frå folk som er misnøgde med kva pengane hev gjenge til.

Alle dei fire fyrste punkti kann for so vidt i praksis koma til å tena målsaki. Me skal ikkje svartmåla stoda, men me er langt frå visse på at det vil verta utfallet.

Me hev tidlegare peika på korleis stoda er i høgnorskrørsla med dei lagi som er med i Vestmannafondet, og me kann ikkje sjå at hovuddragi er brigda. Vestmannalaget held dei faste lagsmøti sine, men gjer elles lite eller inkje for å fremja høgnorsken. I praksis er Vestmannalaget og Norsk Bokreidingslag ein og same samskipnaden av di Vestmannalaget hev fenge luteigarfleirtalet i Norsk Bokreidingslag. Utgjevingsruta til Vestmannen hev halde hardt dei siste åri. Vestlandske Mållag ligg nede. Laget vantar eit tenestegjerande styre og ein sjølvstendig økonomi. Ivar Aasen-sambandet hev halde årsmøte, men elles merkar me lite til laget. Heimesida på internetet segjer mest inkje. Noregs Mållag feirar seg og sine og held seg i den nynorske verdi si. Dei som vil vinna fram med høgnorsk, lyt venteleg sjå etter andre fora enn Noregs Mållag. Utan høgnorskdagar eller andre utspel vert det òg lite merksemd kring høgnorsken. Fondstanken kann neppe endra stoda, snarare forsterka sekterismen.

Alternativ

Alternativt ser me fyre oss at fondsgjevaren vurderar andre plasseringsformer enn i ein skipnad som Vestmannafondet. Det finst nok av døme på at folk hev havt mykje pengar og hev testamentert dei burt på ulike måtar. Det finst òg døme på at det offentlege hev gjeve pengar til granskingar kring kunsten, litteraturen eller samlingane til einskildpersonar. Me trur dette kann vera ein betre veg å gå. Um ein kneset ein forskingsinstitusjon, eit museum, ei samling eller noko liknande, ligg det med ein gong ein yverbygning yver det heile, eit samlande upptak som stend fast, ein materialisert visjon. Motsatsen er å segja at eit styre på fem personar i Vestmannafondet kann sitja samla ein dag i året og skifta ut ein million kronor til det dei måtte lysta og so koma saman att eit år seinare.

Pengar kann terast burt, men idear lever derimot sitt eige liv. Målrørsla er tufta på idear. For ti år sidan vart det gjeve ut ei ordlista og ein grammatikk på høgnorsk. Sidan den tid hev det ikkje vorte høve til å få ut nokor ordbok. Det hev vorte tala mykje fagert um det, men det hev vorte med dei fagre ordi. Ikkje av di det ikkje finst pengar, men av di det ikkje finst folk som tykkjer det er mun i det eller som hev tru på at det er nokon vits i å gjera det. Ein person må ynskja det og vera viljug til å driva det igjenom, og det snøgt, elles vert det med prat.

Hadde det stade til oss attum Målmannen, hadde me kome til å gjeva ut ordboki til Lars Eskelands frå 1924 og Leiv Heggstads Norsk grammatikk frå 1914 eller seinare. Dette er elementære hjelpebøker som er sårt tiltrengde for dei som ynskjer å læra seg det høgnorske målet. Dersom ein mann stelde garantiar for utgjevingssummen, vart det råd å få ut desse bøkene på under eit år. Me veit ikkje um det finst, men me kunde òg sjå fyre oss at det vart gjeve ut ei høgnorsk sitatordbok. Det hadde vore til stor framhjelp for alle som vil ha slåande frasar på høgnorsk. Me er visse på at det finst tiltak som er like prekære som desse, og me uppmodar lesarane av Målmannen til å setja dei fram i brev til bladet, so skal me bera dei fram for lesarane, for fondsgjevaren og for fondsstyret i Vestmannafondet.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!