Norsk Formlæra

Av
Lars Eskeland
Avprent av åttande utgåva

Utgjeve av Norrønalaget Bragr i Bergen i 1996 (ISBN 82-91639-00-0).
Netutgåva i desember 2005.
Netportalen sambandet.no ||| Tidskriftet Målmannen


Fyreord til utgåva 1996

Dette litle heftet er eit grammatikalsk yversyn yver det me kallar høgnorsk. Lars Eskelands formlæra kom fyrste gongen i 1982, med ein mengd seinare tilvølte utgåvor. Dette nyprentet byggjer på 8. utgåva frå 1918, og heftet er tenkt til rettleiding for dei som vil skriva høgnorsk. Mange av formene som stend her er framleis lovlege i skulen, men av målpolitiske grunnar er t.d. i-endingane nærast utskotne av ordlistone. Me vil uppmoda lesarane til å setja seg godt inn i det høgnorske formverket.

Den grammatikalske nemningsbruken er ikkje alle stader den same som i dag. Nemningsbruken hev brigda seg både i nynorsk og bokmål - som preteritum for tidlegare imperfektum (fortid). I nynorsk er nemningi fyrrtid for det meste avløyst av ordet fortid; adjektiv hev fenge avløysarordet eigenskapsord. Andre døme kunde leitast fram, men me trur uppsettet talar for seg sjølv.

Lars Bjarne Marøy

Fyreord til utgåva 1918

Sidan Ivar Aasen tok til med arbeidet sitt, hev morsmålet vårt fått ei so god dyrking og vyrdsling, både av han sjølv og av andre, at det hev reist seg i ny yngd og friskleik, betre for kvar tid, so det alt no er mykje bøtt på den store målskaden vår.

Den store meisteren og merkesmannen er burte, og alt som levande er i folket bøygjer seg yver gravi hans med takk i hjarta. Både livet og arbeidet hans var so vent og stort at det aldri kann missa makti si, so lenge norsk mål lever og kann halda nordmannshugen vaken og i vokster.

Og no tarv me ikkje berre vona på full atterreising for morsmålet; me må sjå at me hev sigeren i hende å kalla. Det gjeld berre um å halda ut med trugen hug og idig trott, som Aasen og andre hev lært oss.

Aasen "laga" ikkje målformi si; han fann mållovene og synte dei fram, og i skrift retta han seg etter dei ålmennne drag i dei.

Best for eit skriftmål er det å ha seg eit breitt læge innimillom bygdemåli, so det i det store og heile kann høva saman med dei alle, og på den vis lett få tilførsla frå dei, leva og nøra seg av dei. Di betre den beste og mest levande tale kann flyta inn i bokmålet, di friskare held det seg.

Dette hadde Ivar Aasen for auga, og han fann, at når skrivemåten retta seg etter dei mest formklåre bygdemål, måtte bokmålet verta best skikka til å samla alle dei andre målføre i landet um seg. Og framvoksteren av det nynorske skriftmål i siste halve hundradåret hev teke den hovudlei som Aasen synte fyre.

Det snauaste og lettaste formverk som norsk talemål kjenner, hev skriftmålet vunne seg fram til med umsutsfull temjing og tilsliping, og i alle meir viktuge ting er det den målbunaden som Aasen straks synte fram, so ein må segja at hans syn er godkjent av soga til no.

Men at leitingi etter høvelegaste skriftformi alt skulde vera ende, det var heller ikkje rimeleg; ho kjem truleg til å vara ved endå ei god stund, og det kann ikkje føra anna enn godt med seg, berre me går fram so varsamt og vyrdsamt som det sømer seg når det gjeld so høge og store ting, og når me soleis på serleg måte står framfor åsyni åt soga.

Valfrie former

Ein kann skriva:

bjoda

eller

 

by

bljug

"

 

blyg

brjosk

"

 

brosk

brjost

"

 

bryst

brjota

"

 

bryta

drjug

"

 

dryg

drjupa

"

 

drypa

fjuka

"

 

fyka

fljot

"

 

flot

fljota

"

 

flyta

fljuga

"

 

flyga

frjosa

"

 

frysa

gjota

"

 

gyta

knjosk

"

 

knosk (kveikjebork)

krjupa

"

 

krypa

ljon

"

 

lyn

ljona (ar)

"

 

lyna (er, te)

ljoster

"

 

lyster

ljuga

"

 

lyga

njosa

"

 

nysa

njota

"

 

nyta

njupa

"

 

nypa

rjome

"

 

røme

rjota

"

 

ryta

rjuka

"

 

ryka

rjupa (ei)

"

 

rypa

skjota

"

 

skyta

skrjona

"

 

skrøna

sljo

"

 

slø

sljoast

"

 

slåast

smjuga

"

 

smyga

strjuka

"

 

stryka

trjosk

"

 

trøsk

trjota (få ende)

"

 

tryta

Ljod og ljodskifte

1. Konsonantane, eller medljodi, er: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Vokalane, eller sjølvljodi, er: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å (á, aa). Diftongane, eller tviljodi, er: au, ei øy.

2. e, i, o, u, y lyder på to måtar, trongt og ope. Den tronge ljoden er namn på sjølvljoden. I lange stavingar finn me oftaste den tronge ljoden, i stutte oftaste den opne. Med den opne ljoden nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y tilø.

 

Trong:

tre, kne, bles, ser; sédd, tédde

 

 

fri, tid, lika, slipa; ill, vidd

 

 

god, bok, sol, drog; sott, otte

 

 

bu, hus, duva, truga; trutt, snudde

 

 

by, sky, syn, styra; nytt, bytt

 

Open:

kjenna, bekk, eld; nes, lepe, lesa

 

 

mitt, viss, kippa; vika, skin, visen

 

 

dott, odd, hogga; skot, mose, koma

 

 

turr, upp, grunn; hug, sumar, fura

 

 

fyrr, fylgja, syrgja; skyn, lykel

3. Til letting for lesingi skil dei ofte millom trong og open sjølvljod med eit merke, lutande kile (´) yver trong sjølvljod, og attkeik kile (`) yver open, serleg i nokre ord, t. d. lèt, notid av lata, og lét, fyrrtid avlata; fór, fyrrtid av fara; ei fòr.

4. Ljodbrigde ("omlyd") kallar ein eit sjølvljodskifte som ein gong i tidi er kome frå ein i (j) eller u (v) i sta vingi etter.

5. Lint ljodbrigde (i-ljodbrigde) er det når ein hard sjølvljod hev vorte til ein linn:

 

a til è: fast, festa; lat, lèta; mann, menner

 

åæ: våt, væta; lås, læsa; kåt, kjæta

 

oø: bot, bøta; dom, døma; stor, større

 

òỳ: dott, dytta; sorg, syrgja

 

uy: sut, syta; hus, hysa; sur, syra

 

ùỳ: grunn, grynna; ung, yngja

 

auøy: blaut, bløyta; draum, drøyma; laup, løypa

 

 

jo
ju

} y: tjon, tyna; ljos, lysa; mjuk, mykja

6. Hardt ljodbrigde er det når a hev vorte til ò: holva av halv, toka av tak, soga av sag-de; born av barn.

7. Eit anna slag ljodskifte, ljodsprang (avlyd), hev me i kjenneformene av dei sterke gjerningsordi. Sjølvljoden ymsar på fleire måtar: finna, fann, funne; lesa, las, lese. Sjå st. 66-75.

Lesemåte

8. Stutt d etter sjølvljod eller millom to sjølvljod er for det aller meste daud, d. v. s. burtfallen i talen: tid, strid, lagnad, kveda, gleda. Sameleis når han står etter r: gard, ord.

9. I nokre ord kastar dei no den daude d'en: Båe to (men: både — og), brå, breia, ei bu, ei glo, grei-a, hei, kei, lei-a, løa, snau, soleis og andre som endar på leis, stø, sva-berg o. fl.

10. I bundi form av inkjekyns-ordi (landet, fjellet, huset) er t'en daud. Like eins i ordet det. I dei linne inkjekynsordi skriv ein bundi og ubundi form sameleis (eit auga, vinstre auga).

11. rn vert oftast til nn (dn) i talen: born, kvern, korn. Men det finst bygdemål som hev rn, so ein kann bruka den lesemåten og, um ein vil. I bundi form av namnordi er r-en burtfallen å kalla. Fyrr skreiv dei gutarne, gjesterne, visorne; ein må lesa gutane, gjestene, visone. No let ein skrifti fylgja talemålet i dette stykket; for r-en gjerer ikkje ordi klårare for auga heller. Sjå st. 21-29.

12. g og k lyder som gj (j) og kj fyre linne sjølvljod (e, i, y, æ, ø, ei, øy): gild, gøyma, kinn, kyrkja. Fyre e, æ og ø skriv ein ogso vanleg j: gjera, gjæv, kjenna, kjøpa. Men fyre e i endestavingar skriv dei han sjeldan: rike, lykel, dregen.

13. Fyre e i samansetning lyder g og k hardt, for di e då står i staden for ein gamall a eller u: bakkebrun, vikeblad.

14. Ordi fær tonetyngd på to måtar, som me kallar tonelag: einstavingsord hev einstavings tonelag: dag´en, bekk´en. Like eins ord som fyrr hev vore einstavings-ord: bøk´er, end´er (av and).

Fleirstavings-ord hev tostavings tonelag: vi`sa; so`la seg; dag`ar. Som ein ser, kann ein syna tonelaget med tonelagsteikn, eller aksentar.

Formskifte eller bøygjing

15. Sume ord er alltid eins, men dei fleste skifter form, vert bøygde, etter som dei vert brukte til.

Namnordi

16. Namnordi er anten hankyn, hokyn eller inkjekyn (kynlause). Alle hankynsord kann ein byta um med han, hokynsord med ho, og inkjekynsord med det. Um ei ku kann ein segja at ho er stor, um ein båt at han flyt lett, um eit fjell at det er høgt.

17. Namnordi hev to talformer, eintal og fleirtal. I kvar av desse formene må ein skilja millom ei ubundi og ei bundi form: dag, dagen; dagar, dagane.

18. I det gamle mål hadde namnordi fire kasus eller høveformer, som synte klårt kva ordet hadde å gjera i setningi: nemneform, motfallsform, sidefallsform og eigeform. Dei to fyrste hev falle saman for lenge sidan, og dei to siste er mykje burtslipte.

Sidefallsformi er det ymist att av i fleire bygdemål, men dei fleste nyttar henne no lite eller inkje i skrift, anna i nokre talemåtar, som: av garde, i make, i fatle, i live, av lage.

Eigeformi er brukt ein grand, serleg i samansetning, dagsror, årstid. Dess-utan hev ein henne att i ymse ord og talemåtar: dagsens, heimsens, mannsens; manna mål, årsens tid, all landsens ulukka, husens folk, himmels høgt, livs levande. Etter styreordet til finn ein ofte eigeformi: til lags åt alle —, til gards, til skogs, til bygdar.

19. Men elles er det so i norsk som i fleire nyare mål, at ein mykje må skriva um eigeformi. Det kann ein gjera: 1) ved styreord: garden åt grannen, rokken til mor, sanden i havet, taket på huset 2) ved vara-ordet sin: grannen sin gard, môr sin rokk. 3) ved hans og hennar fyre folkenamn (sernamn og nokre få samnamn): garden hans Gunnar, målet hennar mor. 4) ved samansetning: grannegarden, skogkanten.

Nemneformi er soleis brukt mest i alle høve.

20. I bøygjingi skil namnordi seg fyrst etter kynet i tri flokkar. For kvart kyn hev me to bøygjemåtar, som me kann kalla den sterke og den linne. Etter den sterke bøygjemåten går alle einstavingsord, og dei fleirstavingsord som endar med medljod. Etter den linne går dei fleirstavingsord som endar med sjølvljod.

Hankynsordi

21. Den sterke bøygjemåten.

 

Eintal

Fleirtal

 

 

Ub. form

B. form

Ub.form

B. form

Nemneform

dag

dagen

dagar

dagane

Eigeform (samansetning)

dags

 

dage

 

Soleis vert dei aller fleste einstavingsord bøygde, t. d. ås, arm, båt, by, bø, dom, fugl, gut, heim, kamb, mur, odd, sal, stein, stol. Like eins mange fleirstavingsord som endar med medljod: riking, gamling.

Merk elles: Nokre ord som endar på el og ul vert samandregne i fleirtal: bendelbendlar; høvelhøvlar; spegelspeglar; støvelstøvlar; trygel (lite tnog) — tryglar; jøkuljøklar; ongulonglar; vondulvondlar. Og soleis: jøtunjøtnar. Ordet morgon heiter både morgonar (regelrett) og morgoar eller mornar i fleirtal.

Nokre ord som endar på ar og er vert og samandregne i fleirtal: sumarsumrar; hamarhamrar; vintervintrar.

Men når ar er ei utvidkings-ending, går ordi støtt regelrett: tenar-entenarartenarane; lærar-enlærararlærarane; bakar-enbakararbakarane; borgar-enborgararborgarane; klokkar-enklokkararklokkarane; romar-enromararromarane.

Ein må aldri kasta ei staving liksom dansken gjerer i sovorne høve, so ein t. d. fær bakarne i staden for bakarane, murarne i staden for murarane, fiskarne i staden for fiskarane, og romarne i staden for romarane.

22. a. Nokre ord fær er i fleirtal:

 

kvist kvisten kvister kvistene

Sameleis: brest, døl, gjest, gong, gris, lem (t. d. lemene påkroppen), let (t. d. raud og kvit let), lut (ein lut av arven), mun. (Det gjorde stor mun. Alle munene dreg), rett (matrett. Det andre ordet rett går som dag: Det stod seg for alle rettar), sau, sed (t. d. skikk og sed), stad, ven, vev, vær (t. d. Lom-vær).

Soleis går alle som endar på nad: månad, verknad o. fl.

Dess-utan nokre folkenamn som alltid står i fleirtal: egderegdene; fyrderfyrdene (t. d. eidfyrdene), kvemmerkvemmene (folk frå Kvam); sygnersygnene (folk frå Sogn); telertelene; trøndertrøndene.

Like eins dei ordi som endar med g og k og hev linn rotvokal.

 

øyk øyken øyker øykene

Fleire slike ord: bekk, belg, benk, dregg, dreng, drykk, flekk, hegg, klegg, legg, løk (bekk), rygg, rykk, sekk, serk, streng, stylk, styng, vegg, veng.

Samansetningsformer: belgmyrker, kleggbit, leggbein, ryggverk, strengnett, veggmåling, bekkefar, benkefot, drengestova, drykkevisa, heggebær, sekkelereft, veggemot, øykeflokk.

Merk: sko, fl. skorskorne ell. skoskone; ljå, ljårljårne.

23. Nokre ord fær er og lint ljodbrigde: bror, fl. brørbrørne ell. brøderbrøderne; far, fedrarfedrane(ell. feder)— federne); fot, føterføtene; mann, menner (ell. menn) — mennene; nagl, neglerneglene; son, sønersønene; spon, spønerspønene.

Mrk.: ein ting, fl. ting (t. d. ein liten ting), b. f. tingi.

24. Den linne bøygjemåten.

 

Eintal

Fleirtal

 

 

Ub. form

B. form

Ub.form

B. form

Nemneform

hane

hanen

hanar

hanane

Eigeform (samansetning)

hane

 

(hane)

 

Bolle, granne, hage, kjole, sele, time, og alle andre fleirstavingsord som endar med vokal (e), vert bøygde soleis, so nær som bonde, bonden; bønderbøndene.

Hokynsordi

25. Den sterke bøygjemåten.

 

Eintal

Fleirtal

 

 

Ub. form

B. form

Ub.form

B. form

Nemneform

skål

skåli

skåler

skålene

Eigeform (samansetning)

skåle(ar)

 

skåle

 

Soleis vert dei aller fleste einstavingsord bøygde, t. d. bru, bøn, dygd, ferd, grein, høgd, klauv, lei, lyst, nål, rid, røyr, segn, ski, sokn, stund, tid, tuft, urt, ætt.

26. Nokre fær ar i fleirtal:

 

elv elvi elvar elvane

Soleis: år (til båt), ådr (blod-), erm, flis, geil (veg med gjerde på sidone), grind, gimber, gyger, hei, helg, herd, hind, hit, kleiv, kvern, mjødm, myr, møy, reim, rip (båt-), røyr ("lyske"), røys, sen, sild, spik, svill, sæter, vik, øks, øyr. Like eins alle som endar på ing: ending, føring, kjerring, rekning, sending.

Nokre ord skil seg endå meir ut med det, at dei fær j fyre endingane i flt.: hes, hesjarhesjane. Soleis: egg, eng, fit (eng), klỳv, skjel (sand-).

27. Nokre ord med hard rotvokal fær lint ljodbrigde:

 

gås gåsi gjæser gjæsene

I samansetn. gåse, t. d. gåsefeitt.

Soleis: andender; bokbøker; botbøter; brokbrøker; handhender; luslyser; musmyser; nattnetter (ell. næter); notnøter (fiske-); randrender; rotrøter; skåkskjæker; strandstrender; tågtæger.

Endar ordet med rotvokalen, er fleirtals-tillegget berre r, og denne r'en står fast i bundi form og:

 

klo kloi klør klørne

Soleis: flåflær; gloglor; kråkrær, ell. krokrør; kukyr; rær; slåslær; tær; trotrør.

Like eins står r'en fast i alle former, dersom han fyrst er med i eintalet: dotter, fl. døtterdøtterne; mor, mørne (ell. mødermøderne. Skrivemåten mødrarmødrane er og brukt); systersysterne (ell. systrarsystrane).

28. Eit skifte frå o til e (og o til a) i rotvokalen hev me i nokre ord: fonn, fl. fennerfennene; nòs (= nase), nasernasene; not (frukt), neternetene (samansetn. nate-hams, -kjerne); stong, stengerstengene; tong, tengertengene; tonn, tennertennene (samansetn. tann-gard, -verk).

29. Den linne bøygjemåten.

 

Eintal

Fleirtal

 

 

Ub. form

B. form

Ub.form

B. form

Nemneform

visa (vise)

visa

visor

visone

Eigeform (samansetning)

vise

 

 

 

Godkjend sideform fl.: viser, visene.

Gata, gåva, kåpa, klokka, tavla, tunga, og alle andre fleirstavingsord som endar med sjølvljod, vert bøygde soleis.

Inkjekynsordi

30. Den sterke bøygjemåten.

 

Eintal

Fleirtal

 

 

Ub. form

B. form

Ub.form

B. form

Nemneform

år

året

år

åri

Eigeform (samansetning)

års

 

åre

 

Bein, brev, hus, hår, mål, tun, og alle ord med berre ei staving eller med medljod-ending, vert bøygde soleis. Dei fleirstavingsord som endar med e går og etter denne bøygjemåten. Eks.: eple, eplet; eple, epli.

Inkjekynsordi fær soleis ingi ending i fleirtal, anna dei 7-8 som vert bøygde liksom auga (st. 32). Ein må soleis ikkje skriva mange epler, stykker, liksom på dansk, men: mange eple, stykke.

Ende-t'en (året) er daud, og må soleis ikkje lyda med i lesingi.

31. Det harde ljodbrigde (sjå st. 6) er det no lite att av i bøygjingi: barn, born. Elles vert sjølvljoden eins i eint. og fl.: land. fl. land ; vatn — vatn; fat — fat (fyrr fl.: lond, votn, fòt) o. s. fr.

32. Den linne bøygjemåten.

 

Eintal

Fleirtal

 

 

Ub. form

B. form

Ub.form

B. form

Nemneform

auga

auga

augo

augo

Eigeform (samansetning)

auge

 

augne

 

Soleis går: hjarta, nyra, øyra, okla, nysta, noda (= nysta), hyrna.

Kjenneordi (artiklane)

33. I ubundi form heiter kjenneordet ein, og bøygjer seg etter kynet av namnordet det står til:

hank. ein, hok. ei, inkjek. eit.
Det finst ogso ei fleirtaisform, eine: Dei fer som eine gapar. Fyre talord kann det tyda "på lag", og heiter då ei: ei ti tolv, ei tjuge tretti stykke.

34. I bundi form hev me to slag kjenneord:

a) ei ending til namnordet: dag-en, skål-i, hus-et (sjå namnords-bøygjingi);

b) eit serskilt ord som vert brukt fyre tilleggsord: den rike mannen, det nye huset.

Det bøygjer seg i kyn og tal etter namnordet det står til: hank. og hok. den, inkjek. det, fl. alle kyn dei.

Ende-kjenneordet er oftaste med då og: den rike mannen.

Tilleggsordi (adjektivi)

35. Tilleggsordi hev ei ubundi og ei bundi form. I ubundi form rettar dei seg etter namnordi dei høyrer til, og vert bøygde i kyn og tal, for det meste soleis:

 

Eintal

Fleirtal

 

 

hankyn

hokyn

inkjekyn

alle kyn

 

stor

stor

stort

store

Eks.: ein stor mann, ei stor kona, eit stort barn; store menner, konor, born.

36. Endar ordet med rotvokalen, fær det tt i inkjekyn: nynytt; blåblått; trutrutt.

37. Ein t-ljod etter vokal vert lang (tt) i inkjekyn, og sjølvljoden vert stutt: flatflatt; kvitkvitt. Men er det ein medljod fyre t'en, fær ordet ingi ending i inkjek.: svartsvart; fastfast.

Merk: jamnjamt, samansetn. jam-stor, -god.

38. Når ordet endar med dubbel medljod, fell den eine burt fyre inkjekynsendingi, utan han kann skilja frå eit anna ord: sannsant; tryggtrygt; men visst av viss, til å skilja det frå vist av vis; fullt av full, men fult av ful.

39. Nokre ord vert samandregne i fleirtal: digerdigre; gamalgamle; magermagre; ymisymse.

40. Tilleggsformi (partisippet) av dei linne gjerningsordi vert bøygd soleis:

 

dømd, dømd, dømt; dømde

 

kasta, kasta, kasta; kasta

41. Dei ordi som endar på en vert bøygde soleis:

 

open, opi, ope; opne

Tilleggsformi av dei sterke gjerningsordi vert bøygd soleis.

42. Den bundne form liknar fleirtalet, og er alltid eins: den store mannen; det opne gapet; dei store, dei opne.

Liten heiter i bundi form litle: den litle guten.

43. Sume tilleggsord vert ikkje bøygde: truande (og andre på ande), einstaka, jamstroka, manglida (mangment); fagna, grepa (gild), gasta, måta o. fl.

44. Samanlikningsformene.

Til grunnformi (positiv) fær tilleggsordi are i høgregrad (komparativ) og aste (ast) i høgstegrad (superlativ):

 

rik

rikare

rikaste

 

tru

truare

truaste

 

mager

magrare

magraste

 

open

opnare

opnaste

45. Nokre ord fær re i høgregrad og st i høgstegrad, og lint ljodbrigde:

 

ung

yngre

yngst

 

tung

tyngre

tyngst

 

stor

større

størst

 

lang

lengre

lengst

Og like eins: få (færre, færraste), høg (høgre, høgst), låg (lægre, lægst), trong (trengre, trengst), små (smærre, smæst). Desse ordi kann elles få are og aste og: høgare, høgaste; lågare, lågaste o. s. fr.

46. Uregelrette er:

god, betre, best

gamal, eldre, eldst

mykjen, meire, mest

vond, verre, verst

liten, mindre, minst

mange, fleire, flest.

Nokre ord finst berre i høgre- og høgstegrad: indreinst; ytreytst; øvreøvst; nedrenedst; fyrrefyrst; fremrefremst; nørdrenørdst; søre (syndre)synst. Øystre, vestre; høgre, vinstre. Einaste.

47. Høgre- og høgstegradformene vert ikkje bøygde, utan høgstegradformene på st (og på ast).

48. Ord som endar på ut hev ikkje samanlikningsformer. Me må då bruka meir og mest: meir flekkut, mest flekkut.

Talordi

49. Mengdetali er: ein, to (tvo), tri (tre), fire, fem, seks, sju, åtte, ni, ti, elleve, tolv, trettan, fjortan, femtan, sekstan, syttan, attan, nittan, tjuge, ein og tjuge o. s. fr., tretti, fyrti, femti, seksti, sytti, åtti (åtteti), nitti, hundrad, tusen.

50. Rekkjetali er: fyrste, andre, tridje (tredje), fjerde (fjorde), femte, sette (sekste), sjuande, åttande, niande, tiande, ellevte, tolvte, trettande, fjortande, femtande, sekstande, syttande, attande, nittande, tjugande, ein og tjugande o. s. fr., trettiande, fyrtiande, femtiande, sekstiande, syttiande, åttiande, nittiande, (hundrade), tusende.

51. Talordi vert ikkje bøygde so nær som ein:
hnk. ein, hok. ei, inkjek. eitt. Me såg berre eitt hus.

Vara-ordi (pronomeni)

52. Dei personlege:

Eintal

 

 

 

1ste pers.

2dre pers.

3dje pers.

 

Nemnef.

 

eg

du

han ho det

 

Motfallsf.
og sidefallsf.

}

meg

deg

han(honom) henne(ho) det

 

Eigef.

 

hans hennar —

Flerital

 

 

 

1ste pers.

2dre pers.

3dje pers.

 

Nemnef.

 

me (ell. vi)

de

dei

 

Motfallsf.
og sidefallsf.

}

oss

dykk(er)

dei(m)

 

Eigef.

 

dykkar

deira

Aust og nord i landet brukar del mest vi, med gamal rett.
Det er reint gale å segja: det er meg; me må segja: det er eg, det er du, det er han ell. ho, det er de, det er dei.

53. Det attervisande vara-ord seg vert ikkje bøygt. Like eins dei motsvarande (resiproke) einannan og kvarandre.

54. Eigedoms-vara-ordi vert bøygde i kyn og tal:

 

 

Eintal

 

Fleirtal

 

hnk.

hok.

inkjek.

alle kyn

 

min

mi

mitt

mine

 

din

di

ditt

dine

 

sin

si

sitt

sine

 

vår

vår

vårt

våre

55. Dei påpeikande.

 

 

Eintal

 

Fleirtal

 

hnk.

hok.

inkjek.

alle kyn

 

den

den

det

dei

 

denne

denne

dette (detta)

desse

Hit høyrer: same, slik, sovoren, sjølv.

56. Atterførande (relativt) vara-ord er berre som. Det vert ikkje bøygt.

Til ei stadnemning kann ein visa med der: So kom han upp til garden der broren budde.

57. Spyrjande vara-ord er kven og kva.

Dei vert ikkje bøygde. Kva kann då få ei sidefallsf. kvi = kvifor. I staden for eigef. til kven må ein bruka kven sin.

58. Ubundne.

 

Eintal

Fleirtal

 

 

hnk.

hok.

inkjek.

alle kyn

 

all

all

alt

alle

 

annan

onnor

anna

andre

 

annankvar

onnorkvar

annakvart

 

einkvar[1] (ell. einkvan)

eikor

eitkvart

 

hin

hi

hitt

hine

 

ingen

ingi

inkje

ingi

 

korgje[2]

korgje

korkje

 

kvar

kvar

kvart

 

mang ein

mang ei

mangt eit

mange

 

nokon

nokor

noko

nokre

 

sum

sum

sumt

sume

59. Mykje brukt er ein (svarar til det tyske "man"), og det upersonlege det. Eks.: Ein kann vel vera hag, um ein ikkje er heppen. — Um det regner og snjo'r, um det stormar frå nord —. Dei fær ingi onnor form.

[1] Tyder nokon, og er soleis ikkje det same som d. "enhver": Det lyt vel einkvar gjera det. Der hadde vore einkvar, såg eg. Ein kann godt skriva einkvan; då vil ordet verta tydelegare for dei fleste.

[2] Del var her båe; men dei gjorde ingen ting korgje.

Gjerningsordi

60. Gjerningsordi vert bøygde i tider og måtar.

I fleire bygdemål vert dei ogso bøygde i tal, serleg i notid. Fl. not. er då likt med grunnformi. Aasen og andre hev skrive soleis; men det er mykje avlagt no.

61. Serskilde former for passiv er lite brukte: det høyrest, det spørst. Det gode gjerest medan det vonde gjeng. — Dei vert mest umskrivne med vera og verta: Det er mangt gjort, og mangt vert gløymt. — Ei refleksivform, som endar på st, er att i sume ord: finnast, ottast o. fl.

62. Formene åt gjerningsordi er anten einskilde (dei som vert til utan hjelpegjerningsord) eller samansette (dei som vert til ved hjelpegjerningsord). Hjelpegjerningsordi er: hava (ha), skula (skal, skulde), vera, verta, vilja.

63. Etter tidformene skil gjerningsordi seg i to bøygjemåtar, den sterke og den linne.

64. Skal ein kunna bruka eit gjerningsord i alle høve, må ein vita kjenneformene: grunnformi, notid, fyrtid og fyrrtidstilleggsform.

65. Roti finn ein når ein tek endevokalen (a) burt i grunnformi: far-a, døm-a.

Sterke gjerningsord

66. Eins for dei sterke gjerningsord er: notid og fyrrtid i forteljemåten er utan ending. I notid fær sjølvljoden lint ljodbrigde, er det råd, og i fyrrtid kjem det jamnaste ein annan sjølvljod (ljodsprang). Fyrrtidstilleggsf. endar på en i hank., og vert bøygd som eit anna tilleggsord med same endingi. Notidstilleggsf. hev endingi ande. I bjodemåten er det snaude roti, i ynskjemåten kjem e til.

 

Forteljemåte

Ynskjemåte

 

Notid fer

fare

 

Fyrrtid fór

 

 

Tilleggsform

 

Notid farande

 

Fyrrtid faren (fari; fare; farne)

 

 

Bjodemåte

Grunnform

 

far!

fara

67. 1ste rekkja (i, e; a; u, o).

Grunnform

Notid

Fyrrtid

Tilleggsform

 

a)

finna

finn

fann

funne

 

drikka

drikk

drakk

drukke

 

klinga

kling

klang

klunge

 

spinna

spinn

spann

spunne

 

vinna

vinn

vann

vunne

 

brenna

brenn

brann

brunne

 

renna

renn

rann

runne

 

binda

bind

batt

bunde

 

stinga

sting

stakk

stunge

 

vinda

vind

vatt

vunde

binda, stinga, vinda heiter i bjodemåten: bitt, stikk, vitt.

b)

bresta

brest

brast

broste

 

detta

dett

datt

dotte

 

falla

fell

fall

falle

 

gjelda

gjeld

galdt

golde

 

gleppa

glepp

glapp

gloppe

 

gletta

glett

glatt

glotte

 

gnella (kvina)

gnell

gnall

gnolle

 

knekka (bresta)

knekk

knakk

knokke

 

knetta (smella)

knett

knatt

knotte

 

kvekka

kvekk

kvakk

kvokke

 

kveppa (kvekka)

kvepp

kvapp

kvoppe

 

kverva

kverv

kvarv

kvorve

 

rekka

rekk

rakk

rokke

 

skjelva

skjelv

skalv

skolve

 

skrella (braka)

skrell

skrall

skrolle

 

skvetta

skvett

skvatt

skvotte

 

sleppa

slepp

slapp

sloppe

 

smella

smell

small

smolle

 

smetta

smett

smatt

smotte

 

svella

svell

svall

svolle

 

velta

velt

valt

volte

 

verpa

verp

varp

vorpe

 

verta

vert

vart

vorte

68. Uregelrette er:

 

hogga

høgg

hogg

hogge

 

tyggja

tygg

togg

togge

 

nyggja (hogga, skrapa)

nygg

nogg

nogge

 

syngja

syng

song

sunge

 

søkka

søkk

sokk

sokke

 

støkka (bresta)

støkk

stokk

stokke

 

trenga

treng

trong

trunge

 

slenga

sleng

slong

slunge

69. 2dre rekkja (e; e; a; e, o),

a)

kveda

kved

kvad

kvede

 

lesa

les

las

lese

 

beda

bed

bad

bede

 

drepa

drep

drap

drepe

 

kreka

krek

krak

kreke

 

leka

lek

lak

leke

 

reka

rek

rak

reke

 

gjeva

gjev

gav

gjeve

 

gjeta

gjet

gat

gjete

 

sitja

sit

sat

sete

 

b)

bera

ber

bar

bore

 

skjera

skjer

skar

skore

 

stela

stel

stal

stole

70. Uregelrette er:

 

koma

kjem

kom

kome

 

sova

sev (søv)

sov

sove

 

eta

et

åt

ete

 

liggja

ligg

låg

lege

 

sjå

ser

såg

sét (hnk. og hok. sédd)

 

vera

er

var

vore

71. 3dje rekkja (i; i; ei; i).

 

bida (vera, finnast)

bid

beid

bide

 

bita

bit

beit

bite

 

driva

driv

dreiv

drive

 

glida

glid

gleid

glide

 

glima

glim

gleim

glime

 

gnida

gnid

gneid

gnide

 

grina

grin

grein

grine

 

kika

kik

keik

kike

 

kliva

kliv

kleiv

klive

 

knipa

knip

kneip

knipe

 

kvina

kvin

kvein

kvine

 

lida

lid

leid

lide

 

lita

lit

leit

lite

 

niga (bøygja seg)

nig

neig

nige

 

risa

ris

reis

rise

 

riva

riv

reiv

rive

 

siga

sig

seig

sige

 

skina

skin

skein

skine

 

skrida

skrid

skreid

skride

 

skrika

skrik

skreik

skrike

 

skriva

skriv

skreiv

skrive

 

slita

slit

sleit

slite

 

smita (lura burt)

smit

smeit

smite

 

stiga

stig

steig

stige

 

svida

svid

sveid

svide

 

svika

svik

sveik

svike

 

sviva

sviv

sveiv

svive

 

triva

triv

treiv

trive

 

vika

vik

veik

vike

72. 4de rekkja (jo, ju; y; au; o).

 

brjota ell. bryta

bryt

braut

brote

 

fljota " flyta

flyt

flaut

flote

 

frjosa " frysa

frys

fraus

frose

 

bjoda " by

byd

baud

bode

 

ljota

lyt

laut

lote

 

njosa " nysa

nys

naus

nose

 

njota " nyta

nyt

naut

note

 

sjoda

syd

saud

sode

 

skjota " skyta

skyt

skaut

skote

 

trjota " tryta ende

tryt

traut

trote

 

fljuga " flyga

flyg

flaug

floge

 

krjupa " krypa

kryp

kraup

krope

 

ljuga " lyga

lyg

laug

loge

 

rjuka " ryka

ryk

rauk

roke

 

smjuga " smyga

smyg

smaug

smoge

 

strjuka " stryka

stryk

strauk

stroke

 

skuva (skyva)

skyv

skauv

skove

 

stupa

styp

staup

stope

 

gyva

gyv

gauv

gove

73. 5te rekkja (a; e; o; a, e).

a)

fara

fer

fór

fare

 

ala

èl

ol

ale

 

gala

gjel

gol

gale

 

grava

grev

grov

grave

 

mala

mel

mol

male

 

skava

skjev

skov

skave

 

vada

vèd

vod

vade

 

b)

aka

èk

ok

eke

 

skaka

skjek

skok

skjeke

 

taka

tek

tok

teke

 

draga

dreg

drog

drege

 

gnaga

gneg

gnog

gnege

 

flå (ogso lint)

flær

flo

flege

 

klå (ogso lint)

klær

klo

klege

 

slå

slær

slo

slege

 

två

tvær

tvo

tvege

74. Uregelrette er:

 

laupa

løyp

ljop (laupte)

laupe (lope)

 

lær

lo

lætt

 

stå.

stend ell. står

stod

stade ell. stått

 

sverja

sver

svor

svore

 

treda

tred

trod

trade

 

vega

veg

vog

vege

 

veksa

veks

voks (vaks)

vakse

 

veva

vev

vov

vove

75. 6te rekkja (å; æ; e; å, e).

 

blåsa

blæs

bles

blåse

 

fær ell. får

fekk

fenge ell.fått

 

gå (ganga)

gjeng ell. går

gjekk

gjenge ell. gått

 

gråta

græt

gret

gråte

 

halda

held

heldt

halde

 

hanga

heng

hekk

hange

 

lata

lèt

lét

late

 

låta

læt

let

låte

Linne gjerningsord

76. Alle linne gjerningsord fær ending i fyrrtid, og dei fleste i notid med. Etter endingane i desse tidene skil ein dei i tri rekkjor. Fyrste rekkja hev ogso vokalskifte.

77. 1ste rekkja (-; de; t).

Grunnform

Notid

Fyrrtid

Tilleggsform

 

 

telja

tel

talde

talt

Bjodemåte tel, ynskjemåte telje, notidstilleggsform teljande, fyrrtidstilleggsform talt (hnk. og hok. tald).

a)

krevja

krev

kravde

kravt

 

leggja

legg

lagde ell. la

lagt

 

semja

sem

samde

samt

 

temja

tem

tamde

tamt

 

velja

vèl

valde

valt

 

verja

vèr

varde

vart

 

b)

dylja

dỳl

dulde

dult

 

dynja (dundra)

dỳn

dunde

dunt

 

flytja (flytta)

flỳt (flytter)

flutte (flytte)

flutt (flytt)

 

grysja (rysja, "gyse")

grỳs

gruste

grust

 

smyrja

smỳr

smurde

smurt

 

spyrja

spør

spurde

spurt

 

stydja

stỳd

studde

studt

 

symja

sỳm

sumde

sumt

 

yrja ("vrimle")

ỳr

urde

urt

 

c)

setja

set

sette

sett

 

selja

sel

selde

selt

 

skilja

skil

skilde

skilt

 

skylja

skyl

skylde

skylt

78. Nokre ord som endar med rotvokalen høyrer og helst til denne rekkja:

 

bu

bur

budde

butt

 

gå (verta var)

går

gådde

gått

 

tru

trur

trudde

trutt

Fleire: fli, fly, gro, nå, ro, sy, så, té (syna), trå.

79. 2dre rekkja (er; de, te; t).

 

døma

dømer

dømde

dømt

Bjodemåte døm, ynskjemåte døme, notidstilleggsform dømande, fyrrtidstilleggsf. dømt (hnk. og hok. dømd).

 

fløyma

fløymer

fløymde

fløymt

 

drøyma

drøymer

drøymde

drøymt

 

sprengja

sprengjer

sprengde

sprengt

 

styrkja

styrkjer

styrkte

styrkt

 

lysa

lyser

lyste

lyst

Soleis: festa, frøsa, hysa, kvessa, missa, røma, strøyma, tøma o. fl.

80. Det er ogso nokre ord av denne rekkja som skifter sjølvljod:

 

gjera

gjerer (gjer)

gjorde

gjort

 

tykkja

tykkjer

totte (tykte)

tott (tykt)

 

rekkja

rekkjer

rakte

rakt

 

tekkja

tekkjer

takte

takt

 

vekkja

vekkjer

vakte (vekte)

vakt (vekt)

 

tegja

tegjer

tagde

tagt

 

segja

segjer

sagde ell. sa

sagt

81. 3dje rekkja (ar; a; a).

 

kasta

kastar

kasta

kasta

Bjodemåte kasta, ynskjemåte kaste, notilleggsform kastande, fyrrtidstilleggsform kasta.

 

rulla

rullar

rulla

rulla

 

sola

solar

sola

sola

 

takka

takkar

takka

takka

 

vitna

vitnar

vitna

vitna

 

studera

studerar

studera (studerte)

studera (studert)

Soleis går dei fleste gjerningsord.

Merk: bjodemåten er lik nemnemåten i denne rekkja. Det heiter kasta steinen! Elles ogso: kast steinen!

82. Uregelrette gjerningsord.

 

ausa

øys

auste

aust

 

eiga

eig

åtte

ått

 

hava ell. ha

hev ell. har

hadde

havt

 

kunna

kann

kunde

kunna

 

skula (sku)

skal

skulde

(skula)

 

turva

tarv

turvte

turvt

 

valda

veld

volde

valde (ogso lint)

 

vilja

vil

vilde

vilja

 

vita

veit

visste

visst

83. Refleksivformene hev st til dei aktive. Eks.:

a)

finnast

finst

fanst

funnest

 

trivast

trivst

treivst

trivest

 

dragast

dregst

drogst

dregest

 

b)

spyrjast

spørst

spurdest

spurst

 

venjast

venst

vandest

vanst

 

c)

blygjast

blygjest

blygdest

blygst

 

synast

synest

syntest

synst

 

d)

dagast

dagast

dagast

dagast

 

ottast

ottast

ottast

ottast

84. Heil bøygjemynster.

Aktiv (gjereform).

Notid (ind. præs.)

skyt, dømer.

Fyrrtid (imperf.)

skaut, dømde.

Ferdig notid (perf.)

hev skote, dømt.

Ferdig fyrrtid (pluskvamperf..)

hadde skote, dømt.

Framtid (fut. simpl.)

vil (skal) skjota, døma.

Ferdig framtid (fut. eksakt.)

vil (skal) ha skote, dømt.

Ynskjem. (konj. præs.)

skjote, døme[1].

Bjodem. (imperativ)

skjot, døm.

Grunnform notid (inf. præs.)

skjota, døma.

— ferdig notid (inf. perf.)

ha skote, dømt.

— framtid (inf. fut.)

vilja (sku) skjota, døma.

Notidstilleggsf. (præs. part.)

skjotande, dømande.

Passiv (lideform).

Notid

vert skoten

(i, e; ne), dømd (t; e).

 

 

 

Fyrrtid

vart skoten

— dømd —

Ferdig notid

er skoten

— dømd —

Ferdig fyrrtid

var skoten

— dømd —

Framtid

vil (skal) verta skoten

— dømd —

Ferdig framtid

vil (skal) vera skoten

— dømd —

Ynskjem.

verte skoten

— dømd —

Grunnform notid

verta skoten

— dømd —

— ferdig notid

vera skoten

— dømd —

— framtid

vilja (sku)

 

 

verta skoten

— dømd —

Fyrrtidstilleggsf.

skoten

 

[1] Ynskjemåten er lite brukt.

Adverbi

85. Mange av adverbi hev samanlikningsformer. Sjå um tilleggsordi st. 44, 45.

Elles vert dei ikkje bøygde.

Dei fleste fær are og aste til ending i høgre- og høgstegrad:

 

vida

vidare

vidaste

 

seint

seinare

seinaste

 

makleg

maklegare

maklegaste

Nokre endar med r (ell. er, ar, re) i høgregrad og st i høgstegrad. Eks.:

 

lenge
langt

}

lenger

}

lengst

 

tungt

 

tyngre

 

tyngst

 

(inn, inne)

 

innar

 

inst (innarst)

 

(ut, ute)

 

utar

 

ytst

Betre, best; verre, verst; minder, minst; heller, helst; meir, mest; (nørdre), nørdst; (syndre ell. søre), synst; nedre, nedst. Fyrst; fremst; øvst; sist.